Prosjektet starta opp i 2010 og har tre innsatsområde:
- Fysiske omgjevnader
- Bu- og næringsutvikling
- Eit levande sentrum.
Sentralt i prosjektet står Drivhuset kultur- og næringshage, som skal satse spesielt på kulturnæringar. I tillegg handlar ein del av prosjektet om å inkludere arbeidsinnvandrarar i regionen, med sikte på at dei kan busette seg meir permanent. Det finst mange arbeidsinnvandrarar frå baltiske land og Aust-Europa i kommunen. Drivhuset næringshage skal rettleie desse i høve til å etablere eiga verksemd, tilby språkopplæring og gje informasjon om lokalsamfunnet. Målet er å inkludere innvandrarar som ein ressurs i lokalsamfunnet. Det vert oppretta eige stilling til dette arbeidet.
Samarbeidspartnarar
- Grende-/bygdelag
- Averøy næringsforum
- Næringslivet
Målgrupper
- Alle typar innflyttarar
- Ungdom
- Kvinner
- Entreprenører
- Personer som er ferdig utdanna innanfor kunst, kultur og media
Bridge over troubled Water er tildelt 3,7 millionar i Bulystmidlar i 2011. Averøy deltar også i Kom Trainee i samarbeidet med Kristiansund.
Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket inngår som ein del av «Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene». Arbeidet er ein del av eit større prosjekt ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.