Fagområde: Bolig og bomiljø

Samarbeider om aldersvennlege butilbod i distriktskommunar

Korleis skal vi utvikle fleire aldersvennlege bustader og bumiljø på bygda? Dette er tema for eit utviklingsprosjekt og læringsnettverk, i regi av Distriktssenteret og Husbanken.

Vi treng meir kunnskap og fleire løysingar for korleis vi utviklar gode, tilgjengelege butilbod som fremjer deltaking og aktivitet heile livet, i heile landet. Distriktssenteret og Husbanken etablerer difor prosjektet «Aldersvennlige boliger og bomiljø i distriktskommuner».

Ombygd låve i Vegårshei. Foto: Michael Fuller-Gee

Er husa våre gode å bu i, heile livet?

Det blir sagt at «a man’s house is his castle». Kvar treff vel ordtaket betre enn her i landet? Vel 76% eig sin eigen bustad, og gjennom mange år har nordmenn vore i europa-toppen i oppussing. Dei fleste ønskjer å bu i sin eigen bustad, også når dei blir eldre. Likevel, husa våre er ikkje nødvendigvis gode å bu i, heile livet.

Bustadmassen i Noreg er generelt lite tilrettelagd for at folk skal kunne bu heime så lenge dei vil, uavhengig alder og funksjonsevne. Folk pussar opp, men gjer lite for at bustaden blir meir tilgjengeleg. Dei færraste har planar om å gjere slike grep framover. Flytting til meir tilgjengelege bustader er heller ikkje nødvendigvis eit alternativ. Det handlar om kjensler til eksisterande hus og eigedom, men også om økonomisk evne, eller om det reellt finst eit tilgjengeleg bustadtilbod.

Tilgjengelege bustader og nærmiljø

Eit godt og aldersvennleg butilbod handlar ikkje berre om at bustaden er tilgjengeleg. Det handlar óg om nabolaget og staden elles. Desse må også vere tilgjengelege. Mulegheit til å kome seg ut og rundt i eige nærmiljø, sosiale møte med andre og nærleik til ulike offentlege og private kvardagstilbod er ein del av det heile.

Utviklingsprosjektet vi skal i gang med er tett knytt til regjeringa sitt program for eit aldersvennlig Norge, under kvalitetsreforma «Leve heile livet«. Når Distriktssenteret og Husbanken no går saman om å utvikle kunnskap og praksis for aldersvennlege bustader og bumiljø i distriktskommunar, er det fordi vi ser særskilt behov for støtte her.

Samfunnet si aldring er ei generell utvikling, men mindre distriktskommunar vil særleg merke det. Dette er ei utfordring som regjeringa sitt nyetablerte demografiutval skal sjå på i det breie, og der samarbeidsprosjektet kan utfylle på eit viktig område.

Kunnskapsutvikling og innsats for distriktskommunar

Den sterkaste aldringa, i prosentvis andel av befolkninga, synast også å falle saman med geografisk variasjon i økonomiske ressursar. Eldre på bygda har i gjennomsnitt mindre økonomisk kapital enn eldre i byområde. Det kan i praksis bety at folk i distrikta har mindre moglegheiter mulegheiter til å gjere noko med eigen busituasjon. Samstundes veit vi at svært mange distriktskommunar har dårleg fungerande bustadmarknader og eit bustadtilbod i utakt med behovet. Det finst ikkje nødvendigvis gode alternative butilbod.

Her er altså særlege føresetnader som gjer eit sterkare distriktsfokus nødvendig. Det finst allereie fleire døme på distriktskommunar og andre lokale aktørar som har prøvd ut og utvikla nye arbeidsmåtar, og teke bustadstrategiske grep. Dei har erfaringar, både med kva som hemmer eller fremjer utvikling av aldersvennlege bustader og bumiljø. Desse skal vi hente læring frå og dele, mellom anna gjennom å etablere eit læringsnettverk for eit mindre utval distriktskommunar.

Prosjektet skal vere praksisnært og lærande gjennom utprøving , og vil bygge på tilgjengeleg og ny forsking på feltet. Blant anna vil eit nyleg starta arbeid frå Nova, om haldningar, drivarar og barrierar for eldre sin mobilitet på bustadmarknaden, verte eit viktig bidrag.

Kort sagt, ei verktøykasse

Ut 2022 skal Distriktssenteret og Husbanken utvikle kunnskap og praksis for korleis distriktskommunar best kan utvikle aldersvennlege bustader og bumiljø. Kva arbeidsmåtar, virkemidlar og verktøy som fungerer, kva som evt bør endrast og korleis dette kan gjerast. Kort sagt, ei verktøykasse. Mot slutten av 2022 deler vi erfaringar og resultat frå prosjekt og læringsnettverk, på ein open erfaringskonferanse.