Fagområde: Bolig og bomiljø
Rød låve. Foto.
Ombygd låve i Vegårshei (Foto: Michael Fuller-Gee)

Samarbeider om aldersvennlege butilbod i distriktskommunar

Korleis skal vi utvikle fleire aldersvennlege bustader og bumiljø på bygda? Dette er tema for eit nettverksprosjekt, i regi av Distriktssenteret og Husbanken.

Vi blir fleire eldre. Det vil påverke særleg dei minste kommunane. Vi treng meir kunnskap og fleire løysingar for korleis vi utviklar gode og tilgjengelege butilbod og bumiljø. Distriktssenteret og Husbanken har difor etablert prosjektet «Aldersvennlige boliger og bomiljø i distriktskommuner».

Er husa våre gode å bu i, heile livet?

Det blir sagt at «a man’s house is his castle». Kvar treff vel ordtaket betre enn her i landet? Vel 76% eig sin eigen bustad, og gjennom mange år har nordmenn vore i europa-toppen i oppussing. Dei fleste ønskjer å bu i sin eigen bustad, også når dei blir eldre. Likevel, husa våre er ikkje nødvendigvis gode å bu i, heile livet.

Bustadmassen i Noreg er generelt lite tilrettelagd for at folk skal kunne bu heime så lenge dei vil, uavhengig alder og funksjonsevne. Folk pussar opp, men gjer lite for at bustaden blir meir tilgjengeleg. Dei færraste har planar om å gjere slike grep framover. Flytting til meir tilgjengelege bustader er ikkje nødvendigvis eit alternativ. Det handlar om kjensler til eksisterande hus og eigedom, men også om økonomisk evne, eller om det reellt finst eit tilgjengeleg bustadtilbod.

Eit godt og aldersvennleg butilbod handlar ikkje berre om at bustaden er tilgjengeleg. Det handlar óg om nabolaget og staden elles. Mulegheit til å delta i lokalsamfunnet, i eige nærmiljø, sosiale møte med andre og nærleik til ulike offentlege og private kvardagstilbod.

Innsats for distriktskommunar

Mindre distriktskommunar står framføre ei demografisk utvikling med fleire eldre og færre yngre. Den sterkaste aldringa, i prosentvis andel av befolkninga, synast også å falle saman med geografisk variasjon i økonomiske ressursar. Eldre på bygda har i gjennomsnitt mindre økonomisk kapital enn eldre i byområde.

Når det kjem til bustad og busituasjon, kan det i praksis bety at folk i distrikta har større utfordringar med å gjere noko med eigen busituasjon. Vi veit at dei minste kommunane ofte har tynne og lite fungerande bustadmarknader, og eit bustadtilbod som dels er i utakt med behovet. Det finst ikkje nødvendigvis gode alternative butilbod enn eksisterande (eine)bustad, verken for eldre og andre.

Korleis då legge best mogeleg til rette for fleire aldersvennlege bustader og bumiljø? Kan det meste løysast gjennom tilpassing av eksisterande bustader? Korleis få fleire til å gjere slik tilpassing? Er det behov for fleire nye, aldersvennlege bustader og kva rolle skal kommunen ha i bustadutviklinga? Kven er dei gode samarbeidsaktørane for å realisere aldersvennlege bustader og bumiljø på bygda?

Nettverket

Dette er kjernespørsmål som Husbanken, Distriktssenteret og 12 distriktskommunar skal søke svar på, og dele erfaringar kring. I tillegg vil fylkeskommunane følgje nettverket. Dei utvalde nettverkskommunane er: Kautokeino, Beiarn, Herøy i Nordland, Grong, Vanylven, Stryn, Ullensvang, Iveland, Vinje, Våler i Innlandet, Kongsvinger og Engerdal. Kommunane representerer eit godt snitt av distriktsnoreg, dei kjenner problemstillingane på kroppen, og er motiverte for å drive utviklingsarbeid. Erfaringane og utfordringane som dei ulike kommunane tek med seg inn i nettverket, er ei viktig kjelde til kunnskap.

Ei verktøykasse

Ut 2022 skal nettverket dele erfaringar, og utvikle kunnskap og praksis for korleis distriktskommunar best kan utvikle aldersvennlege bustader og bumiljø. Kva arbeidsmåtar, virkemidlar og verktøy som fungerer, kva som evt bør endrast og korleis dette kan gjerast. Kort sagt: ei verktøykasse.

Resultata frå prosjektet skal samanstillast og delast, bl.a i ein planlagd erfaringskonferanse hausten 2022.