Fagområde: Stedsutvikling

Transporttilbod med frivillighetsløyve

I Nordland kan kommunar som manglar drosjedekning søke fylkeskommunalt tilskot til å etablere ikkje-kommersielle transporttilbod. Vevelstad kommune har etablert slikt tilbod.

Føremålet med den fylkeskommunale ordninga er å legge til rette for alternative transporttilbod i område der det ikkje finst faste drosjetenester og turvognløyve. Ordninga gjeld transporttilbod med frivillighetsløyve.

Vevelstad kommune har etablert slikt tilbod for området Andalsvågen – Forvik/Vistnes. Tilbodet er drifta av frivilligsentralen, og er eit tiltak for at særleg eldre enkelt kan kome seg til kommunesenteret og til ulike aktivitetar.

Frå Distriktsmobil til frivillighetsløyve

Allereie i 2009 utvikla Vevelstad kommune og Nordland fylkeskommune ei prøveordning, kalla Distriktsmobilen. Distriktsmobilen er tidlegare omtalt, bl.a i prosjektet Smart mobilitet i distriktene. Bakgrunnnen var at den lokale taxi-tenesta blei lagt ned. Innbyggjarane stod utan eit lokalt tilbod, noko som er særleg krevande for folk utan førarkort. «Frivillighetsløyvet» erstattar Distriktsmobil-ordninga.

Mykje brukt ordning

Vevelstad frivilligsentral står for drifta og syter for at folk i området har eit tilgjengeleg transporttilbod på dagtid, måndag til fredag, og kan kome seg til og frå aktivitetar, tenester og ulike ærend. Viss det er behov for skyss utanom dei fastsette opningstidene, kan dette bestillast.

All bestilling skjer direkte til ein vakttelefon, som frivillige står for. For dekning av driftskostnader betaler brukarane av tilbodet ein mindre sum for kvar tur. Leiar i Vevelstad frivilligsentral, Lene Solvang, fortel at ordninga blir mykje brukt.

«I dette området går rutebussen forbi kun eit par gonger for dagen, så dette er eit kjærkome tilbod»

– Lene Solvang, leiar i Vevelstad frivilligsentral

Vevelstad kommune har fått 50% støtte frå Nordland fylkeskommune. Restkostnaden finansierer kommunen over eige budsjett. Kommunen har nyleg inngått 3-årig leasingavtale av bil, elles er tilbodet administrert av Vevelstad frivilligsentral. Sjåførane går i ei vekentleg vaktordning. Dei er frivillige, men får ei mindre godtgjerlse for jobben dei gjer.

Endra lovverk gjer det enklare

I 2024 blei det gjort ei endring i Yrkestransportlova §9, som regulerer løyvepliktig persontransport-tilbod med køyretøy opp til 9 seter inkludert førar. Det er no opna for at kommunar og frivillige organisasjonar kan utføre persontransport utan løyve, føresett at tilbodet ikkje har mål om forteneste. Føremålet er nettopp å gjere det enklare å legge til rette for tilbod, der det ikkje er ein kommersiell marknad, eller offentlege tilbod. Lovverket opnar for å ta litt betaling, for å dekke kostnader som t.d køyregodtgjersle, drivstoff, forsikring, bompengar.

For tilbodet i Vevelstad og andre ikkje-kommersielle løysingar har endringa i lovverket gjort det enklare. Nordland fylkeskommune har også justert sine vilkår i ordninga, i tråd med lovendringa.

Tidlegare krav om løyve og køyresetel gjorde det vanskeleg å få tak i sjåførar. Leiar for Vevelstad frivilligsentral, Lene Solvang, fortel at dei i over to år kun hadde 2 faste sjåførar i ordninga, og ein tredje sjåfør som i periodar avlasta. Med endringane har tre tidlegare frivillige sjåførar meldt seg att som frivillige.

Fint å kunne vere til nytte

Dei fem som har sjåføravtale, er alle “godt vaksne”, og tykkjer det er fint å kunne vere til nytte. Å rekruttere heilt nye kan derimot vere vanskeleg. Det handlar om at folk vegrar seg for å forplikte seg, men truleg også om godtgjersla. Denne har ikkje vore justert på lengre tid.

«Det er jo frivillig arbeid. Likevel er det nok viktig med ei rimeleg godtgjersle for å stille i vaktordninga.

– Lene Solvang, leiar i Vevelstad frivilligsentral

«Frivillighets-løyve» – kun i Nordland?

Nordland fylkeskommune kjenner ikkje til at det er andre fylke enn Nordland som har spesifikk støtteordning for ikkje-kommersielle transporttilbod.

So langt er det berre Vevelstad kommune som har søkt midlar frå ordninga. Med forenklinga i nasjonalt regelverk og i kriteria for den fylkeskommunale støtteordninga, kan det fort bli fleire. Dermed også fleire tilbod til innbyggjarar i område utan ordinære transportordningar.

Kriterier for å søke tilskudd

Et «Frivillighets-løyve» er et ikke-kommersielt transporttilbud som kan innvilges der det ikke er andre drosjeløyver eller turvognløyver som opererer fast innenfor et geografisk område. Det er kun kommunen, eller en godkjendt Frivillhetssentral som kan søke om tilskuddet.

Det er kun kommunen selv, eller en frivillighetssentral, som kan søke om tilskudd til et «Frivillighetsløyve». For å komme inn under ordningen, må følgende kriterier oppfylles:

  • Søker må være en kommune eller frivillighetssentral.
  • Søker må bekrefte at kjøringen skal drives uten mål om fortjeneste. Og dermed falle utenfor kravet om drosjeløyve; jf yrkestransportloven § 9.
  • Registreringsnummer på kjøretøyet må oppgis.
  • Tilbudet skal kun utføres innenfor et tydelig definert geografisk område.
  • Det kan ikke være drosjeløyver eller turvognløyver som opererer fast innenfor dette geografiske området. Kommer dette i etterkant, faller premissene for denne ordningen bort. Og vil bli stoppet etter nærmere avtale.
  • Det kan søkes om tilskudd for inntil 50 % av dokumenterte driftsutgifter, men maksimalt kr 250 000,-
  • Kunden skal betale et fast kronebeløp per tur, per person, maksimalt kr 100,-. Barn under 6 år reiser gratis.
  • Innvilget tilskudd gis som en årlig sum. Utbetales i 2 omganger. 50 % av innvilget beløp i starten av året (medio februar) etter mottatt årsrapport inkludert regnskap. Krav til dokumentasjon av årsregnskap og rapport gjelder ikke oppstarts året. 50 % utbetales i medio oktober. Utbetaling skjer etter mottatt faktura fra søker. Fra og med andre driftsår kan det bli trekk i utbetalingen om driftsutgiftene er lavere enn forutsatt når tilskuddsbeløpet ble satt. Eller antall innvilgende søknader overstiger avsatt budsjett.
  • Beløp som skal dokumenteres i søknaden:
  • Finansiering av kjøretøy – årlig kostnad.
  • Forsikring av kjøretøy.
  • Service på kjøretøy.
  • Drivstoffutgifter for kjøretøy – både fossilt og EL.
  • Godgjøring sjåfør – dekkes med inntil 70 %, men maksimalt kr 500,- per dag.
  • Innvilges søknaden, pålegges mottager å rapportere inn følgende statistikk:
  • • Antall turer per år
  • • Antall turer i snitt per uke
  • • Antall turer i snitt per dag
  • • Antall passasjerer per år
  • • Antall passasjerer i snitt per uke
  • • Antall passasjerer i snitt per dag
  • Tilskuddet gis for en periode på inntil 10 år. Ved utgangen av perioden, må det søkes på nytt, med full dokumentasjon.

Denne artikkelen er en del av samlesiden «Smart mobilitet i distriktene»