
Varer klare til utkøyring. Eit tilbod frå Snartemo aktivitetssenter og Joker Tingvatn. Alf Henning Tveiten og Mariam Almohammed med handlevogner, saman med butikksjef Vibeke Ro Stakkeland på Joker Tingvatn. Foto: Siv Hamran, Hægebostad kommune
Kring heile landet, både i by- og distriktskommunar, køyrer små aktivitetsbussar rundt, ofte med «FRIVILLIG»-logoen godt synleg på panser og dører. Eit teikn på at i dette lokalsamfunnet finst det eit aktivitets- og transporttilbod, basert på frivillig innsats, som gjer det enklare å delta og dele gode opplevingar med andre.
Aktivitetsbuss til Hægebostad
I Hægebostad ventar folk utolmodig på «sin» aktivitetsbuss. Dagleg leiar i frivilligsentralen i Hægebostad, Katrine Raen Vatne, er ein av dei. Etter fleire år med sparing er finansieringa i orden, og bussen sett i bestilling. Bussen er ein 9-setar, tilrettelagt for rullestol, som kan køyrast med vanleg førarkort i klasse B.
Vatne fortel at det lenge har vore eit stort ønskje om ein minibuss som frivilligsentralen, lag og organisasjonar, skule, barnehage og andre kommunale tenester kan bruke i sin aktivitet. Først og fremst er dette eit tilbod lokalt.
«Hægebostad har mange tilbod og møteplassar, men kommunen er langstrakt og transporttilbodet lite. Med aktivitetsbussen vil det bli enklare å få folk til å delta»
– Katrine Raen Vatne, Dagleg leiar i frivilligsentralen i Hægebostad
Eit kjernetilbod i småsamfunn
I småsamfunn er det ofte behov for lokale transport- og aktivitetstilbod. Transport er ei utfordring for deltaking, bl.a for born og unge i låginntektsfamiliar.
Arnfinn Hobbesland er leiar for Habilitering i Hægebostad kommune, og styreleiar for frivilligsentralen. Han tykkjer det er svært positivt at lag og organisasjonar, gjennom frivilligsentralen sin aktivitetsbuss, no kan smelte hente- og bringetilbod saman med aktivitet.
«Ein frivillig-buss skal supplere, ikkje konkurrere med ordinære tenester. Samstundes er det ein realitet at mange spreiddbygde distriktskommunar knapt har offentlege, eller private transporttilbod»
– Arnfinn Hobbesland, leiar for Habilitering i Hægebostad kommune
Behov for nye løysingar
Hægebostad kommune erfarer at løysingar ofte må finnast på tvers av sektorar og i samarbeid. Geografi, økonomi, demografi og innbyggjarbehov utfordrar. Kommunen med om lag 1780 innbyggjarar og kun 13% av befolkninga busett i tettstader, opplever at ordinære løysingar ikkje strekkjer til.
Ei tidlegare bestillingsrute til innbyggjarar, finansiert av Agder fylkeskommune, blei lagt ned av økonomiske årsaker. Seinare har fylkeskommunen gjort vedtak om å opne for bestillingstenesta AKT Svipp til alle kommunane i Agder, men føresett 40% kommunal medfinansiering.
Hægebostad kommune har so langt ikkje klart å finne midlar til dette.
Då blir lokale samarbeid, til dømes Aktivitetsbussen enno viktigare, meiner Hobbesland. Han peikar på at frivilligsentralen, som bindeledd og koplingspunkt, har ei sentral rolle i slik tenesteutvikling.
Frivilligsentralen eig og driftar
Hægebostad frivilligsentral vert eigar av aktivitetsbussen, som er finansiert med omlag halvparten frå oppsparte fond og halvparten frå låneopptak, tilsaman 970.000 kroner.
Frivilligsentralen har inngått drifts- og vedlikehaldsavtale, og skal stå for utlån og utleige. Brukarane av bussen skal betale gjennom ei abbonnementsordning, med ulike modellar. Dei skal også dekke drivstoffkostnadene pr. tur.
I nabokommunen Åseral har dei sia 2018 hatt eit lignande tilbod. Bussen blir også brukt av kommunen, mot eit årleg vederlag på 10.000 kroner. Kommunen dekkar også utgiftene til forsikring. Bussen blir ikkje leigd ut til verksemder, eller private føremål.
Meir deltaking og fleire tilbod?
I Hægebostad trur Katrine Raen Vatne ved frivilligsentralen at aktivitetsbussen vil gjere ulike aktivitetar meir tilgjengelege, og håpar at nye tilbod kan bli utvikla. Eit døme kan vere hjelp til å handle.
I periodar har frivilligsentralen hatt tilbod om «handlevenn» der frivillige tek følgje med personar som ønskjer det, til butikken. Tilbudet er avhengig av at det er frivillige som ønskjer å bidra. Erfaringsvis er det enklast å få til tilbod der frivillige ikkje treng binde seg over for lang tid, eller for ofte.
– Tenester med stor verdi for andre
Dagleg leiar i nærbutikken Joker Tingvatn, Vibeke Stakkeland, fortel at butikken har ein del faste kundar som nyttar butikkens tilbod om vareutkøyring kvar fredag. Barnehagen i kommunen brukar også tilbodet.
Butikken tek imot bestilling og pakkar varene, medan brukarar og tilsette ved det kommunale aktivitetssenteret Snartemo står for utkøyring. Kundane betaler eit fraktgebyr på 50 kroner, som er med å dekke utgifter for butikk og aktivitetssenter, med halvparten av summen til kvar.
Antalet kundebestillingar til butikken varierer. For dei som brukar tilbodet handlar det ikkje “kun» om varene, men også om kvardagspraten. Stakkeland meiner samarbeidet fungerer godt. Butikken kan gje ei ekstra-teneste til faste kundar utan at det krev ekstra bemanning.
«Meiningsfulle arbeidsoppdrag for nokon og tenester med stor verdi for andre, det er vinn-vinn for alle partar, og slikt me må gjere meir av.»
– Arnfinn Hobbesland, leiar for Habilitering i Hægebostad kommune
Denne artikkelen er en del av samlesiden «Smart mobilitet i distriktene»