Tilgang til transporttilbod er særleg viktig for innbyggjarar som ikkje sjølv køyrer bil, og treng transport for å handle, bruke helsetilbod, eller andre nødvendige tenester og aktivitetar. Manglande transporttilbod hemmer også reiselivet og lokal næringsverksemd generelt.
I vestlandskommunen Hyllestad har kommunen og eit drosjeselskap i Høyanger kommune funne saman om ei løysing. Etter vel 2 år utan tilbod, måtte det tenkjast nytt, men det var ikkje beint fram å få til eit ordinært tilbod.
«Ingen ville drive stasjonær drosjebase i Hyllestad og heller ikkje dekke området frå nabokommunen»
– Kjell Eide, ordførar i Hyllestad kommune
Utradisjonell løysing
Løysinga blei ei samarbeidsavtale mellom Hyllestad kommune og Høyanger taxi, der kommunen stiller med sjåfør. Drosjeselskapet er ansvarleg løyvehavar, stiller med bil og utstyr og forvaltar tilbodet i tråd med vilkåra for drosjetenester. Sjåføren er tilsett i full stilling i kommunen, men blir leigd ut til Høyanger taxi, når det er køyreoppdrag i Hyllestad. Kommunen og Høyanger taxi har i avtalen avklart kostnadsfordeling og vilkår. Når sjåføren ikkje har køyreoppdrag, jobbar han i teknisk avdeling i kommunen.
Ordførar Kjell Eide seier at det viktigaste for Hyllestad kommune var å finne ei enkel, trygg og føreseieleg løysing for pasienttransporten. Samarbeidet med Høyanger taxi ivaretek dette. Ordninga reduserer også pasienttransport-kostnader for tilkøyring til/frå Hyllestad.
Enklare å gjere unna kvardagslege ærend
Etter vel to års drift har Hyllestad kommune gjort seg ulike erfaringar med tilbodet. Stort sett fungerer tenesta bra. Det gjer det enklare for innbyggjarane å kome seg til nødvendige avtaler og gjere unna kvardagslege ærend. Også drosjeeigaren i Høyanger er nøgd med samarbeidet. Han rosar kommunen for å tenkje nytt rundt utfordringa. Samstundes ser kommunen at tenesta er sårbar.
Kommunedirektør Gjermund Flage seier at det har vore vanskeleg å finne reservesjåførar til feriar og akutte situasjonar. Det er heller ikkje alltid lett å kombinere køyreoppdrag med andre ordinære oppgåver lagt til stillinga. Ein annan ting er økonomi.
Inntil vidare held Hyllestad kommune på tenesta, som fungerer slik:
- Tilbdet gjeld på dagtid, i arbeidstida, alle kvardagar.
- Avtalen dekkar pasienttransport, der innbyggjarar betaler eigenandel
- Tinging av turar må skje innan kl. 14.00 dagen før planlagd reise
- Turen kan tingast direkte hjå sjåføren, eller hjå Høyanger Taxi
- Langturar bør tingast i god tid, i hovudsak gjennom Høyanger taxi
I Vestland fylke er det Vestland fylkeskommune som har ansvar for å følgje opp ordningar for persontransport og vilkår for drosjeløyve. Når det gjeld ordninga i Hyllestad kommune har fylkeskommunen gjort ei juridisk vurdering, og sler fast at denne er i tråd med regelverket.
Seksjonsleiar Janne Dokken i Vestland fylkeskommune kjenner ikkje til andre kommunar med slike alternative modellar, men ser generelt at drosjetilbod og transportløysingar i små og spreiddbygde kommunar er utfordande. Det er viktig at staten, fylkeskommunane med transportselskapa, kommunar og transportnæringa er bevisste på problemstillingane og samarbeider om dette.
Skal sikre eit visst tilbod
I dag har fylkeskommunane heimel til å innføre einerettar i område der marknaden sjølv ikkje gjev eit godt nok tilbod. Ein slik einerett vil gje løyvehavar eksklusiv rett til praie- og bestillingstransport internt i kommunen. Føremålet er å sikre eit visst tilbod. I Vestland er det so langt ikkje innført einerett i nokon kommune.
«Einerett kan fungera, men først og fremst er det avtaler om pasientreiser og/eller skuleskyss som synast viktig for å sikra lokale tilbod.»
– Janne Dokken, Seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune
For kommunar på leit etter nye, alternative løysingar oppmodar ho om å ta kontakt med sin fylkeskommune. Dei gode løysingane finn ein gjerne best gjennom samarbeid.
Denne artikkelen er en del av samlesiden «Smart mobilitet i distriktene»