Fagområde: Næringsutvikling

Voss skal styrke arbeidet med reiseliv og lokalsamfunn

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Reiselivet grip inn i alle deler av lokalsamfunnet vårt. Difor er det svært viktig at kommuen forstår korleis ein nyttar dette på ein god måte, seier ordføraren på Voss, Hans-Erik Ringkjøb.

Samarbeid på mellom kommune og reiseliv

Voss er både ein stor kommune og ein stor reiselivsdestinasjon. Samarbeidet mellom kommunen og reiselivsnæringa er godt. Utbygginga av den store fjell-landsbyen i Myrkdalen har vist at kommunen har kunna tilrettelegge for reguleringsplanar som har gått i takt med investorane sine planar for utbygging.

– Det handlar om å skape forståing for det utviklingsarbeidet som skjer innan reiselivet. Samarbeidet mellom kommunen og reiselivsdestinasjonen fungerer godt seier Anne Grethe Bakke, dagleg leiar i Destinasjon Voss.

Kommunen har fire roller

Ordførar Ringkjøp er opptatt av dei 4 rollane som er nemde i Distriktssenteret sin rapport om kommunen si rolle reisemålsutvikling. Dei 4 rollane er

  • kommunen som produkteigar
  • kommunen som rammesetjar
  • kommunen som utviklingspartnar
  • kommunen sin vertskapsfunksjon

Ringkjøb er ikkje i tvil om at både politikarar og administrasjonen må ta innover seg kva desse rollene inneber dersom kommunen vil satsa på reiseliv.

Voss kommune tek dette på alvor og skal bli blant dei beste i klassen, seier ordføraren.

Arbeidsseminar om reiseliv og lokalsamfunnutvikling på Voss

Telemarksforsking og Mimir AS, som arbeider med forskingsstudien Reiseliv som lokalsamfutvikling, samla 29. og 30. januar over 60 deltakarar til arbeidsseminar på Voss.

– Skal vi få fram eit godt resultat av arbeidet, er det viktig å få innspel frå alle landets fylkeskommunar, interesserte destinasjonar og kommunar som er opptekne av samanhengen mellom reiseliv og lokalsamfunn, seier prosjektleiar Lars Kobro.

– Vi har fått mange gode innspel og hypoteser som gir næring til det sluttresultatet som skal ligga klart i mai-juni, avsluttar Kobro.

Presentasjonar frå arbeidsseminaret