Fagområde: Næringsutvikling

Campusseminar – Reiseliv og samfunnsutvikling

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Det som er godt for dei tilreisande er godt for dei fastbuande? Dette var temaet for Campusseminar 2012 som vart arrangert i Sogndal av Distriktssenteret og Bratt Moro.

Ny forskning

Distriktssenteret har satt i gang med eit forskingsarbeid  om reiseliv som lokalsamfunnsutvikling. Prosjektleiar Lars Ueland Kobro frå Telemarksforsking presenterte forskingsarbeidet. Han hevda at det finst berre éin lokalsamfunnsutvikling på kvar plass. Reiselivet sine aktivitetar er ein integrert del av det lokalsamfunnet, der den føregår – ALLTID. Han var også oppteken av at reiselivet ikkje føregår i eigen sektor, og dette er viktig for andre sektorar å forstå, når ein skal utvikla gode synergiar t.d. mellom kommunane/regionane og reiselivsarbeidet

Samarbeid mellom festivalar og kommunar

Guri Mette Vestby frå Norsk Institutt for by og regionsforsking (NIBR), har gjennomført studien «Festivalkommunar – samhandling mellom kommunar og festivalar«.  Vestby var heilt klar på at her ligg det forbetringspotensiale for nettopp å kunne stimulera festivalane til å bli endå sterkare motorar for både lokalsamfunn og kommunar, og dermed også større regionar. Ho sa i sitt innlegg at kommunen bør bistå festivalar på same måte som anna næringsetablering og gründerverksemd. Dette fordi festivalar treng rådgjeving, bistand med formalia, effektiv sakshandsaming, raske avklaringar og forutsigbarheit – akkurat som andre verksemder.

Look to Valdres

Hyttebygging – ”ein nordmann sin draum”, har vore og er ei stor satsing spesielt aust for langfjella. Difor hadde arrangørane henta over Per Wiik over frå Valdres Næringshage og Jan Askildsen frå Valdres Natur og Kulturpark. I ein region med 17 000 mennesker og 17 000 hytter fordelt på 6 kommunar, er det ingen tvil om at hyttenæringa bidreg med stor verdiskaping. Ein reknar med at verdiskapinga innanfor hyttenæringa pr. dag  ligg på kring 12 millionar kroner. Difor betyr det svært mykje å få hytteeigarane til å vera lenger på hyttene sine. Oppgradering av hyttestandard er eit viktig grep, då ein ser at hytter med høgare standard blir nytta mykje meir av hyttegjestene enn dei enkle hyttene.

Bærekraftig reiseliv

Carlo Aall rå Vestlandsforskning snakka i sitt innlegg om bærekraftig reiseliv. Han kom med 10 råd for ei bærekraftig utvikling innan reiseliv og lokal samfunnsutvikling;

  1. 1. Miljøsertifiser reiselivsbedriftene
  2. Sørg for at reiselivsbedriftene lokalt kan nåast med kollektivtransport
  3. Styr reiselivsutviklinga lokalt gjennom aktiv arealplanlegging
  4. Ta vare på det som finst lokalt av urørt natur- og kulturlandskap
  5. Vurder behover for tilpasning til klimaendringar
  6. Reduser avhengigheit av at besøkande kjem med cruicebåt, fly eller privatbil
  7. Utvid vertskapsrolla til også å formidla kunnskap om naturvett
  8. Server økologisk og lokal mat
  9. Bruk «mjuk transport» (hest, gange, sykkel…) i opplevingsproduktet
  10. Ha nøysomheit i overnattingstilbodet

Bevisstgjering og god deltaking

For Distriktssenteret er det viktig å setja reiseliv og lokal samfunnsutvikling endå sterkare på dagsorden, seier avdelingsleiar Steinar Fredheim. Det er viktig at det blir ein sterkare bevisstgjering både hjå offentlege og private aktørar som er oppteken desse problemstillingane. Kjekt at så mange elevar og studentar hadde funne vegen til seminaret, og håpar på større deltaking frå kommunane og spesielt kommunepolitikarane i neste runde, avsluttar Fredheim.

Presentasjonar frå seminaret

Sjå fleire bilder frå seminaret på Flickr-kontoen vår.