Hallingdal

I løpet av Byregionprogrammet har Hallingdal utivkla eit koordinert og meir slagkraftig næringsapparat, og vedteke strategisk plan for Hallingdal 2017 – 2020 i alle 6 kommunar som deltek i byregionen.

Mål for Hallingdal

Hallingdal skal legge til rette for utvikling av eksisterande og nye type arbeidsplassar, som er lønsame og attraktive for yngre menneske, med høgare utdanning og fagutdanning

Innsatsområder:

  • Strategisk plan for Hallingdal 2017 – 2020
  • Funksjonell arbeidsdeling
  • Vidareutvikling/nye arbeidsplassar
  • Tilby høgare relevant utdanning
  • Hallingdal 2020
  • Utnytte ringverknadar ved bygging av Ringeriksbanen og E16

Resultat

  • Strategisk plan for Hallingdal 2017 – 2020 vedteken av dei 6 kommunane der også strategiar og tiltak i Byregionprogrammet er vidareført
  • Utvikla eit koordinert og meir slagkraftig næringsapparat (Forum For Næringssamarbeid)
  • Starta prosess Næringsvenleg region (etter modell pilot Fosen, og som resultat av deling Byregionprogrammet)
  • Hallingdal Innovasjon
  • Funksjonsdeling av tenester, ikkje avslutta, vidareføring i Strategisk plan for Hallingdal (fleikjernestruktur)
  • Innovasjonsløft Hallingdal (gi næringslivet og kommunar eit kompetanseløft innan innovasjon og vekst og auke samspelet og delingskulturen
  • Hallingtreff, Oslo, Trondheim, Bergen (møte med studentar og ungdom som ser på Hallingdal som framtidig bu- og arbeidsplass)
  • Konkret prosjekt på større etablering med arbeidsplassar høgare utdanning (Krokeide). Ikkje realisert.
  • Tilby høgare relevant utdanning
    • Bachelor i guide og entreprenørskap i naturbasert reiseliv, i prosess
    • Fagskule reiseliv, prosess, mål oppstart 2019
  • Hallingdal 2020, profilering Hallingdal (attraktivitet og rekruttering)
  • Livskvalitet (eige prosjekt), som vekstskapar for regional utvikling og omdømebygging
  • Utnytte ringverknadar ved bygging av Ringeriksbanen og E16, ikkje avslutta

Hallingdals råd for samarbeid om regional utvikling

  1. Bygg tillit, vær raus og fleksibel
  2. Etablér ei felles forståing for utfordringar og mogelegheiter, skap forankring og engasjement
  3. Skap nettverksforståing mellom kommunar mellom bedrifter og mellom kommunar og bedrifter

Dette jobbar regionen med etter programslutt

Oppfølging og vidareføring av Byregionprogrammet er forankra i Strategisk plan for Hallingdal med handlingsprogram. Hovudfokus:

  • Funksjonell arbeidsdeling
  • Vidareutvikling/nye arbeidsplassar
  • Tilby høgare relevant utdanning
  • Profilering
  • Livskvalitet
Utdrag fra Hallingdal sin søknad til Byregionprogrammet

Prosjektet er organisert rundt fem temaområda som Hallingdal ynskjer å gå vidare med. Mål, milepælar og aktivitetar vil vera knytt til desse og organisert som ulike prosjekt med eigne ressursar:

  • Analyse og vurdering av alle sentra i regionen med sikte på funksjonell fordeling og utvikling i ein fleirkjernestruktur og/eller eit regionsenter, og utvikle eit koordinert og meir slagkraftig næringsapparat.
  • Vidare utvikling av ulike type veksthus, næringsklynger og interkommunalt samarbeid, basert på ein fleirkjernestruktur, for m.a. å skapa attraktive kompetansemiljø.
  • Arbeide for permanent desentralisert høgskuleutdanning i Hallingdal innanfor nærare definerte fagområde.
  • Ringverknadar/mogelegheiter med ny E16 til Hønefoss og Ringeriksbanen.
  • Utvikle eit samspel med Hallingdal 2020 i forhold til m.a. attraktivitet og rekruttering.

Felles utfordringar i regionen gir tema for samarbeid inn i fase 2 av byregionprosjektet. Den felles prioriterte utfordringa som regionen står overfor er tett knytt opp mot at Hallingdal i stor grad må skapa sin eigen vekst.

Dokumenter

Fakta Hallingdal

Søkerkommune: Hemsedal
Samarbeidskommuner: Flå, Gol, Hol, Nes, Ål
Folketall i regionen: 20.566 (1.jan 2015)
Areal i regionen: 5.406 km²