Herøy kommune arbeider heilskapleg, konkret og målretta med temaet integrering og inkludering av tilflyttarar. Dette er eit prosjekt som vil ha positive effektar for lokalsamfunnet som heilskap, i tillegg til meir stabil arbeidskraft og meir stabilt bustadmiljø. Prosjektet set fokus på opne, inviterande aktivitetar og gründarkultur.
Prosjektet er tildelt 1,7 millionar i bulystmidlar i 2011.
Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket inngår som ein del av «Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene». Arbeidet er ein del av eit større prosjekt ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.