Gjennom dei regionale programma «Blilyst» og «Kysten er klar» har 17 kommunar i Sør-Trøndelag etablert eit samarbeid om rekrutterings- og busettingsstrategiar. I 2012 fekk dei to programma 1 million kroner frå LUK-satsinga (Lokalsamfunnsutvikling i kommunane), til utvikling av samarbeid, metodar og modellar for å møte bustadutfordringane i regionen. Blilyst har prosjektansvaret for arbeidet.
Distriktssenteret presenterer prosjektet med grunnleggande informasjon.
Bakgrunn
Som i fleire andre regionar, har også kommunar i Sør-Trøndelag bustadutfordringar. Dette er bakgrunnen for at Sør-Trøndelag fylkeskommune løyvde 1 million kroner frå LUK-midlane. Handlingsplanen for Blilyst sler fast at bustadarbeidet er eitt av fire prosjekt med særleg fokus i 2013. Arbeidet heng tett saman med dei regionale programma si satsing på rekruttering og arbeidskraftmobilisering.
Utfordringa
I arbeidet er det avdekka fleire felles problemstillingar for kommunane: Ein arbeidsmarknad med rekrutteringsbehov, som må dekkast gjennom tilflytting, og ein bustadmarknad som i liten grad møter bustadbehova. Særleg synast leigemarknaden, med mangel på gjennomgangsbustader og ”prøvebustader”, å vere eit hinder.
Ønskt resultat
Arbeidet har som overordna mål å bidra til at det blir realisert moderne, fleksible og funksjonelle bustadløysingar som møter bustadbehova i kommunane og som aukar arbeidskraftressursen og busettinga i regionen. Arbeidet skal også kunne bidra til ein meir heilskapleg bustadpolitikk og ein betre fungerande bustadmarknad.
Hovedmål
Samhandling om tiltak
Handlingsplan for Blilyst i 2013 har definert fleire tiltak, bl.a :
- Gjennomføre ei bustadmarknadsanalyse for 8 av kommunane
- Invitere lokale og regionale entreprenørar til dialogmøte/workshop
- Søke gode modellar for privat/offentleg samarbeid, i samarbeid med kommunar, næringsliv, utbyggarar, Husbanken og lokale bankar
Bustadnettverket vil også kunne dra nytte av erfaringar og kunnskap frå Hitra kommune, som er ein av 12 deltakarkommunar i den nasjonale satsinga «Boligetablering i distriktene».
Distriktssenteret bidrog i første arbeidsverkstad i nettverksarbeidet, og deltok i dialogmøte mellom det regionale prosjektet «Flytt til Hardanger» og prosjektleiinga i «Blilyst».