Integrering av innvandrar og flyktningar er eit høgt prioritert innsatsområde i bulystsatsinga. Om lag 70% av folketilveksten i Noreg kjem frå innvandring frå utlandet. Gode strategiar for å integrere flyktningar og innvandrar i norske lokalsamfunn er derfor ein viktig strateg i distriktspolitikken. Arbeid er den viktigaste faktoren for å få tilknyting til ein stad. Etnedal vil gå ut med ei målretta og direkte rekruttering av folk som kan gå inn i yrke det er stor etterspurnad etter lokalt.
Prosjektet er tildelt 600 000 i Bulystmidlar i 2011.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.