Austevoll kommune har sidan 2009 jobba aktivt med lokalsamfunnsutvikling, med særleg fokus på tettstaden Storebø og øya Møkster. Arbeidet har teke utgangspunkt i ei kulturbasert stad- og næringsutvikling, med kulturaktivitetar som ein viktig døropnar for bulyst og næringslyst.
Tilrettelegging og etablering av bustader har også blitt ein sentral del av utviklingsarbeidet på Møkster. Dette er skildra for seg, under prosjektet Flytt til LivOGLyst.
Bakgrunnen
Arbeidet starta opp i 2009, då Austevoll blei 3-årig prosjekt i den regionale satsinga LivOGLyst i Hordaland. Initiativet til deltakinga kom frå eldsjeler og aktive bygdelag på øya Møkster og på Storebø, som ønskte å jobbe for bulyst og tilflytting til kommunen. Austevoll kommune var i ein krevjande økonomisk situasjon, men støtta opp om deltakinga, som dei meinte ville gje eit positivt og framtidsretta fokus.
Mål
Både på Storebø og Møkster har arbeidet hatt fokus på å styrke bulyst, tilflytting og integrering gjennom kulturbasert stad- og næringsutvikling. Herunder å skape bulyst gjennom nye møteplassar, i trivelege fysiske omgjevnader, og gje innbyggjarane nye kulturelle og sosiale tilbod. Det har blitt jobba særleg med å mobilisere born, ungdom og tilflyttarar i ulike arrangement. Prosjektet har også hatt mål om å bidra til småskala næringsverksemd basert på lokale kvalitetar.
Finansiering
Arbeidet var i perioden 2009-2011 støtta med regionale midlar frå LivOGLyst-satsinga i Hordaland, i tillegg til kommunalt tilskot. I 2010-2011 blei prosjektet støtta med kr. 600.000 frå den nasjonale Bulyst-satsinga. Totalramma for prosjektet var på kr. 1.235.000.
Integrering av tilflyttarar
Ei vidareføring av arbeidet, med fokus på integrering av tilflyttarar, fekk i 2012 kr. 300.000 til tiltak i perioden 2012-2014. Totalramma for dette arbeidet er på kr. 600.000.
Organisering
Ei styringsgruppe med tre medlemmer har styrt og lagt rammene for prosjektet. Ordføraren har leia gruppa. Prosjektleiaren har hatt ansvar for å planlegge, gjennomføre og følgje opp det konkrete arbeidet. Prosjektleiar har rapportert til styringsgruppa og rådmannen, der prosjektet er administrativt forankra.
Styringsgruppa har engasjert lokale lag og eldsjeler i dei ulike arrangementa, og mindre prosjektgrupper er blitt etablerte når det har vore behov for dette.
Status
LivOGLyst i Austevoll har vore ein kontinuerleg utviklingsprosess sidan 2009. I den siste prosjektfasen har arbeidet hatt auka fokus på integrering av innvandrarar.
Det er eit mål for kommunen å halde fram utviklingsarbeidet utover prosjektperioden.
Eit av kjenneteikna ved utviklingsarbeidet i Austevoll, er den tette koplinga mellom prosjektleiar, rådmann og ordførar. Dette gjev arbeidet ei god forankring i kommunen, og har bidrege til å styrke samspelet med lokalsamfunn og innbyggjarar og med andre utviklingsprosessar.
Prosjektleiar har samstundes god kontakt med dei lokale arbeidsgruppene og ein finger med i spelet på mange tiltak og arrangement. Dette er krevjande, men utvilsamt ei styrke for engasjementet og framdrifta i dei lokale aktivitetane.
Utviklingsarbeidet rettar seg særleg mot ulike tilflyttargrupper og mot born og ungdom. Dei ulike målgruppene har vore godt involverte i planlegging og gjennomføring. Initiativ og tiltak har vakse fram nedanfrå – særleg hjå bygdelag og engasjerte eldsjeler på øya Møkster. Dette har gitt eit sterkt lokalt eigarskap til arbeidet.
Det har skjedd mykje positivt i Austevoll dei siste åra. Kommunen er i vekst og opplever blest om dei mange utviklingsprosessane som går føre seg. Dette er igjen med på å gje ny energi, og er soleis ein forklaringsfaktor for resultata og framdrifta i utviklingsarbeidet.
Samstundes peikar prosjektleiar på betydninga av nasjonale og regionale satsingar: Deltaking i regionale og nasjonale programsatsingar har gitt det lokale arbeidet tilgang til kompetanse, nettverk og ressursar – noko som blir rekna som ein viktig føresetnad for resultata som er oppnådde.
Gode resultat og sterk framdrift har også med evne til å ta ut læringa i konkret handling å gjere. Det sterke fokuset på gjennomføring synast å vere eit kjenneteikn ved både kommuneorganisasjon og lokalsamfunn i Austevoll. Dette vert understreka også i analysa «Sukessrike distriktskommunar«, der Austevoll er ein av casekommunane.
Sidan 2009 har Austevoll kommune støtta aktivt opp under og hatt ei sentral rolle i å koordinere lokalt utviklingsarbeid og samfunnsutviklingsprosessar. Den kommunalt tilsette prosjektleiaren har ei koordineringsrolle for dei lokale arbeidsgruppene, fungerer som rådgjevar for lokale eldsjeler og er aktiv i å skape lokale nettverk og arbeidsgrupper.
Ein del av stillingsressursen til prosjektleiaren går også med til planarbeid, særleg arbeid knytt til nærings- og samfunnsutvikling generelt. Dette bidreg til at dei lokale utviklingsprosjekta ikkje blir hengande i lause lufta, men derimot kopla på andre utviklingsprosessar.
Prosjektleiaren i Austevoll kommune har det siste året også blitt nytta som rådgjevar inn i andre samfunnsutviklingsarbeid i Hordaland, gjennom satsinga LivOGLyst. Hordaland fylkeskommune poengterer at Austevoll, gjennom LivOGLyst-programmet, har tatt steget frå lokale planar til konkrete handlingar. Dette har gjeve handfaste resultat i og utanfor eigen kommune.
Gjennom LivOGLyst-programmet har Hordaland fylkeskommune støtta opp om arbeidet på fleire måtar. Prosjektet har delteke i nettverkssamlingar for LivOGLyst-prosjekt, fått tilbod om kurs og andre kompetansehevande tiltak, og rettleiing i konkrete spørsmål frå ei dedikert arbeidsgruppe.
Måla for arbeidet har vore å styrke inkluderinga av tilflyttarar og innvandrarar og stimulere bulyst hjå innbyggarane, særleg hjå born og ungdom. Dette har prosjektet søkt gjennom å jobbe med ei kulturbasert stads- og næringsutvikling, med fokus på sosiale møtestader og arrangement. Måla er avgrensa og realistiske.
Prosjektet har hatt god framdrift og gjennomført dei fleste planlagde tiltaka. Frå oppstarten i 2009 har arbeidet bidrege til å etablere nye arbeidsplassar, og ikkje minst møteplassar og kulturarrangement for folk i alle aldrar. Kommunen meiner prosjektet har hatt god effekt ut frå kva som var måla for arbeidet. Etablering av nye lag/organisasjonar og nye verksemder viser dette.
Følgjande resultat er nådde:
- På Storebø er det skipa ei ny verksemd og ein lågterskel møtestad: Kulturbakeriet. Her blir fleire kulturarrangement, i regi av LivOGLyst, arrangerte.
- Sommararrangementet «Havfest» på Storebø er blitt ein fast tradisjon, og trekkjer både fastbuande og mange tilreisande.
- Ei rekke arrangement for born og unge, med kopling mellom kultur og idrett er gjennomført og etablerte for seinare høve.
- Austevoll turlag er etablert og turstiar er merka opp.
- Fleire forfattarkveldar, kombinert med at forfattarane har besøkt skular og bibliotek på dagtid.
- Innkjøp av informasjonstavler som informerer om ulike arrangement i kommunen. Tavlene er plasserte i mykje besøkte bygg i kommuen, som til dømes biblioteket.
- På Møkster blei det i 2010/2011 også bygd to utleigebustader for folk som ønskjer å «prøvebu» øya. Bygdelaget Møkster Bu og Austevoll kommune har jobba mykje med å finne ein god samarbeids- og finansieringsmodell for tiltaket. Les meir om dette i prosjektskildringa «Flytt til LivOGLyst«.
Distriktssenteret meiner at lokalsamfunnsutviklingsprosjektet LivOGLyst i Austevoll har hatt stor gjennomføringskraft og evne til å finne nye løysingar både i arbeidsmåtar og løysingar. Prosjektet har i stor grad gjennomført dei planlagde tiltaka og nådd måla for prosjektet.
Prosjektet sit med erfaringar og har nådd resultat med god overføringsverdi til andre tilsvarande prosjekt. Gjennom det regionale programmet LivOGLyst har Austevoll status som «mentorprosjekt» for andre utviklingsprosjekt i Hordaland. Dette inneber at prosjektleiaren i Austevoll blir nytta som rådgjevar og sparringpartnar.
Utviklingsarbeidet på øya Møkster fekk eit sterkt fokus på bustadetablering, noko som ikkje var eit opprinneleg mål for arbeidet. Men då tilflyttingsarbeidet stogga opp som følgje av bustadmangel, var dette ei naturleg dreiing i arbeidet. Med godt samarbeid mellom bygdelaget Møkster Bu og Austevoll kommune, har ein lukkast godt.