Prosjektet LevVesterålen omfattar kommunane Andøy, Bø, Hadsel, Lødingen, Sortland og Øksnes. Dette er eit rekrutterings-, tilflyttings- og integreringsprosjekt i regi av regionrådet. Kommunane legg opp til tverrsektorielt samarbeid for å auke attraktiviteten for heile regionen. I denne regionen er det stor etterspurnad etter arbeidskraft, både i privat næringsliv og i offentleg sektor. Det er gjennomført eit forprosjekt, med medverknad frå næringslivet, noko som legg eit grunnlag for god gjennomføring.
Samarbeidspartnere
- Vesterålen regionråd
- Vesterålen næringssamarbeid
- Bedrifter i Vesterålen
Aktiviteter
- Arrangement utenfor kommunen for å rekruttere folk
- Arrangement i kommunen for å stimulere borteboere til å flytte hjem
- Besøk på skoler og studiesteder
- Deltatt på utstillinger/stand
- Kampanje for å synliggjøre regionen som bosted
- Kampanje for å skaffe arbeidskraft/synliggjøre jobbmuligheter
Prosjektet fekk tildelt 1 455 000 kroner i Bulystmidlar i 2012.
Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner
LEvVesterålen prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket inngår som ein del av «Katalog over tilflyttingsarbeid i Distriktene». Katalogen er ein del av eit større prosjekt «Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner», som Ideas2evidence og Norut gjennomfører på oppdrag for Distriktssenteret.