Utsira og Røver er populære stader for ferie og rekreasjon. Det er ei styrke for øysamfunna, men også ein hemmar: For folk som vil etablere seg der fast, og flytte til, er det vanskeleg å finne ein stad å bu.
Lite sus utan hus
Bustadutfordringa var den viktigaste erfaringa frå Småsamfunnsprosjekta på Utsira og Røver (2006-2009). Når eldre folk dør, blir husa ofte overtekne og brukte som feriehus. Samtundes blir det bygd få nye bustader, og hus til leige er det lite av. Dette var bakgrunnen for etableringa av prosjektet «Betydningsfull bolig for fremtidens øysamfunn». Målet har vore å bidra til å finne løysingar på bustadutfordringa, og derigjennom skape grunnlag for vidare utvikling på Utsira og Røver. Prosjektperioden er no avslutta.
Hovedmål
Delmål
Organisering
Haugalandet Vekst IKS har vore prosjekteigar for prosjektet, som i 2010 blei støtta med 500.000 kroner frå den nasjonale satsinga Bulyst og 200.000 kroner frå Rogaland fylkeskommune. Mykje av det konkrete arbeidet har vore drive gjennom Røver tiltaksnemnd, tilflyttingsgruppa på Utsira og Utsira kommune.
Bustadmangel var bakgrunnen for etableringa av prosjektet «Betydningsfull bolig for fremtidens øysamfunn».Særleg var utfordringa å ha tilgjengelege bustader for utleige, til folk som blei rekrutterte til jobbar på øya, eller til familiar som ønskte å prøvebu.
Saman med Haugalandet Vekst IKS har Utsira kommune, tilflyttingsgruppa på Utsira og Røver tiltaksnemnd arbeidd med tiltak som bidreg til å redusere bustadutfordringa. Prosjektperioden er no avslutta.
Utvikla kunnskap om bustadutvikling
Prosjektet har hatt fokus på å auke kunnskapen om bustadutvikling og om Utsira og Røver som attraktive stader for busetting og næringsutvikling. Det er bl.a gjennomført studietur til Utsira og Røver og møter med Husbanken og mellom Husbanken, det politiske miljøet og innbyggjarane på øyane. Frå 2009 ligg det også føre stad- og mulegheitsanalyser for både Utsira og Røver.
Evaluering av Utsira og Røver som ein attraktiv stad å bu
Som delprosjekt i arbeidet er det utarbeidd evalueringar av korleis «utflytta øyværinger» oppfattar bustadsituasjonen og Røver og Utsira som attraktiv stad for busetting. Målet var å kartlegge bustadbehov, oppfatning av jobbmulegheiter og stad- og miljøkvalitetar blant ulike målgrupper i ulike livsfasar. Evalueringane synleggjer motiv og føresetnader for fast busetting på dei to øyane.
Ein hovudkonklusjon er at bustadsituajonen hemmer utviklinga på øyane. Blant dei som er spurt er det eit fleirtal som meiner at det er for få nye bustader tilgjengelege, anten til leige eller for kjøp. Sjølv om det er få som går med planar om å flytte tilbake til Utsira og Røver dei næraste åra, er det mange som ønskjer å ha tilgang til ein bustad, særleg for ferie og fritid. Oppfatninga av bustadtilbodet kan også vere delårsak til at få planlegg flytting.
Bustadpolitiske strategiar og tiltak
Evalueringa gav råd om å starte eit langsiktig bustadpolitisk arbeid, med ein bustadpolitisk plan i botn. Både for Utsira og Røver blei det peikt på behovet for tilgjengelege, nye bustader, og strategiar for korleis bustadtilbodet kan presenterast og marknadsførast.
Både på Utsira og Røver er evalueringa følgd opp med konkrete bustadtiltak. Det blir lagt til rette for å prøvebu, der Utsira også har etablert eigen prøvebustad. Utsira kommune støttar bustadbyggarar med 200.000 kroner i bustadetableringstilskot. Utanfor prosjektet, men med viktige koplingar, så er det det siste året også bygd fleire leilegheiter for sal.
Bustad og jobb
Det er eit sterkt lokalt engasjement for å utvikle berekraftige øysamfunn også for framtida. Bustadutviklinga har vore sentral dei siste åra, men det blir også jobba med den lokale næringsutviklinga og med sterkare integrasjon av øyane i den regionale arbeidsmarknaden. Gode stadkvalitetar har betydning, men er ikkje nok om folk skal bli buande, eller flytte til øysamfunna i vest.
Les meir om og sjå reportasje frå Utsira på NRK Rogaland sine nettsider