Storsatsing og nytenking på berekraft i ein spennande region

Valdres natur- og kulturpark (VNK) er ein bygdeutviklingsregion som gjennom langsiktig merkevarebygging knytte til natur- og kulturverdiar – og lokal styring – skal gi auka verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna.

-Dette er hovudmålet vårt, seier Kjell Arne Berntsen, dagleg leiar i VNK. -Visjonen vår er at Valdres skal bli landet sin sterkaste regionale merkevare. Vi er godt i gang, men har mange utfordringar i det store og langsiktige prosjektet i Valdresregionen, fortel han.

Norge sin første natur- og kulturpark

Den 12. juni 2007 vart Valdres natur- og kulturpark offisielt skipa som regionpark etter inspirasjon frå dei franske regionalparkane. Dette innebar dermed ei omorganisering, men også vidareføring av regionrådet i Valdres, seier Berntsen. I forkant av skipinga vart det utarbeidd ein partnarskapsavtale, som gjeld i 10 år frå 2007–2017. Dette gir oss både forutsigbarheit og handlingsrom til å satse på å nå dei måla vi har satt oss, meiner han.

Foto: Roar W Vangsnes, Distriktssenteret

Gode prosessar internt og merkevarebygging eksternt

Å dra med seg det breie lag av befolkninga vil heile tida vera ei utfordring, og Berntsen trur at den sterke forankringa som prosjektet har gjennom kommunane sitt engasjement er ein klar føresetnad for at vi skal lukkast. Det er ingen tvil om at ein er nøydde til å ha gode mobiliseringsprosessar internt, skal ein lukkast i arbeidet. – Vi er godt i gang med involvering, både gjennom folkemøte og ulike nettverksprosjekt.

Samstundes har prosjektet hatt store ambisjonar og gått veldig breitt ut. Dette må nok spissast, og ein har behov overfor både det private næringslivet , men også i høve til kommunane, å bli meir konkret på målbare resultatkrav.

Merkevarebygginga har eit særleg fokus på tre område – miljø, kultur og det gode og moderne liv i Valdres. Som regionalpark etter internasjonale modellar blir det viktig å fokusera merkevara på miljøbevisstheit og ein definert miljøstandard. Ein må kople merkevara til den identiteten som er knytt opp mot Valdres sin sterke lokale kultur.

-Det er til slutt viktig å synleggjere at merkevara har utspring frå vårt lokalmiljø og noko som folk i Valdres kan identifisera seg med, seier Berntsen.

Sørre Hemsing – ei lita verksemd i ein stor region

For 15 år sidan flytta Berit Nefstad og mannen Arne attende til Vang i Valdres, på bruket Sørre Hemsing. I heile denne perioden har dei kombinert landbruk og reiseliv som inntektskjelde. Nefstad trur at Valdres natur- og kulturpark er med å setja Valdresregionen sterkare på kartet. Sjølv er ho sterkt involvert i gards- og stølsturismeprosjektet i regionen, noko som har betydd mykje for fleire produsentar og tilbydarar av gardsmat og bygdeturisme. Samstundes er Nefstad leiar av regionlaget Hanen som omfattar medlemene innan bygdeturisme- og gardsmat i Oppland og Hedmark. Sjølv om det er viktig å vera god på heimebana i Valdres, påpeikar ho også at ein må jobbe for å knyte seg opp mot nettverk, uavhengig av bransje.

-Det styrkar kompetansen vår, og gjer at vår region blir endå betre, trur Nefstad.