Valdres natur- og kulturpark (VNK) er ein region som gjennom langsiktig merkevarebygging knytta til natur- og kulturverdiar – og lokal styring – skal gje auka verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna.
Valdres natur- og kulturpark vart skipa den 12. juni 2007 som landet sin første natur- og kulturpark etter fransk modell. Konseptet byggjer på frivillig, langsiktig og forpliktande partnarskap mellom lokalsamfunn, styresmakter og næringsliv. Slik at ein skapar ei samarbeidsplattform som støttar lokal verdiskaping, integrert landskaps- og naturforvaltning, kompetanseutvikling, stadsidentitet og formidling.
VNK bygger på:
- Ein 10 årig avtale (charter) om lokal samfunnsutvikling i perioden 2007-2017
- Ein 4 årig samarbeidsavtale m/ vedtekter (2008-2011) som alle valdreskommunane samt Valdres Næringsforum BA har slutta seg til.
- Eit 10 årig langtidsprogram for dei tiltaka som skal gjennomførast for å nå fastsette mål i 2017.
- Årlege handlingsprogram som er ei rullering av langtidsprogrammet.
Gjennom dette vil Valdres ta vare på og utvikle viktige verdiar av lokal, nasjonal og internasjonal karakter, for framtidige generasjonar. VNK er difor eit stort prosjekt.
Valdres natur og kulturpark (VKN) har fått til ein forpliktande og langsiktig avtale frå 2007 til 2017, med god forankring i seks kommunar og mange organisasjonar som t.d Valdres Reiseliv og næringshagen. Distriktssenteret vurderer det slik at småsamfunnsatstinga til Kommunal og regionaldepartementet har vore eit viktig bidrag i første fase med å utvikla VKN. Midlane har gått inn i ein felles pott, der Valdres er blant dei regionane som har putta inn mest eigne midlar i høve til den nasjonale småsamfunnsatsinga. På den måten er kommunane godt forankra og kjenner eit eigarskap til natur- og kulturparken.
Distriktssenteret ser at gruppene som arbeider med tilleggsnæringar i landbruket og kultur- og festivallivet, har god forankring og eigarskap til VKN. Forankring og eigarskap til den «menige mann» er framleis ei utfordring. Dette meiner vi også er naturleg i eit så stort prosjekt. Det vert ofte ein sterkare identitet til eit prosjekt når tiltaka vert konkretisert og gjennomført i enkelttiltak. Samstundes er formidlinga om VKN til folk i Valdres noko somᅡᅠ som ein legg sterkare fokus på i tida som kjem.
Mobiliseringsarbeidet starta før parken vart etablert ved at det vart gjennomført folkemøter i dei ulike kommunane – allereie i 2004 og framover. Dette resulterte i at dei fekk utvikla ein parkavtale mellom dei involverte kommunane i regionen i forkant av etableringa av Valdres Natur- og kulturpark.
Distriktssenteret meiner at det er ingen tvil om at desse prosessane har vore svært viktige med tanke på knyte dei ulike tiltaka opp i eit handlingsprogram for parkavtalen i samband med skipinga i 2007. Mykje av dette føregår m.a. gjennom ulike prosjekt, og dei mest vellukka har voreᅡᅠ tilleggsnæringar i landbruket (gards- og stølsturismeprosjektet) og kultur- og festivaldelen. Her har ein klart å involvere mange entreprenørar som ser behov for eit fellesskap og stasing på næringsutvikling innanfor dei respektive områda.
Distriktssenteret vurderer likevel at det framleis er ein veg å gå når det gjeld å få til god medverknad frå den «vanlege mann i gata». Difor er det viktig å ha ein langsiktig avtale på 10 år som gjer at VKN både får arbeidsro og mogelgheiter til å jobbe langsiktig.
Distriktssenteret meiner at Valdres natur- og kulturpark har sett Valdresregionen på kartet gjennom sitt utviklingsarbeid. VKN har mange dyktige og begeistra medarbeidarar, som syner både vilje og engasjement for å nå dei måla som er utarbeidd under dei ulike tiltaka. Dei satsa stort og breitt i starten med ti tilsette i organisasjonen. Fire av desse stillingane var på kontinuerlege prosjekt. Organisasjonen har også god drahjelp frå det offentlege mellom anna med ca. 70 % stilling frå fylkesmannen i Oppland som arbeider med prosjektarbeid.
Finansieringa av prosjektstillingane er dels avhengige av at prosjekta blir tildelt tilstrekkeleg med midlar.
Alle dei seks kommunane er involvert til arbeidet med Valdres natur- og kulturpark. Dagleg leiar i VKN er også sekretær for rådmannsutvalet for valdreskommunane, og på den måten har kommunane og parken ein naturleg møtestad.
Nokre av dei seks kommunane er meir aktive i høve til det felles arbeidet som skjer i Valdres. Likevel meiner Distriktssenteret at parkavtalen gjer alle kommunane til viktige samfunnsutviklarar for felles utvikling av regionen. Dette gjeld både politisk og administrativt.
Distriktssenteret vurderer fylkeskommunen i Oppland som ein viktig samarbeidspartnar for Valdres Natur- og Kultrupark, både gjennom finasiering og i kraft av sin kompetanse. Fram til i dag kunne VKN tenkt seg å hatt ein meir jevn og god dialog med fylkeskommunen. Det har vore for mange å forhalde seg til i periodar, men no er fylkeskommunen tettare på med representantar både frå politisk og administrativt nivå. Dette vil etter Distriktssenteret si vurdering, vere med å styrke prosjektet si stilling og fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør.
I eit så stort prosjekt er det lett for at målformulerinage vert for vide og uklare. Dette gjeld både visjon og mål. Distriktssenteret meiner at dette blir viktig både for administrasjonen og styret å ta tak i tida som kjem. Det blir viktig å spisse målformuleringane slik at dei blir meir målbare og lettare kan vise effekt av arbeidet som blir gjort i regi av VKN.
Småsamfunnsatsinga er blitt sett på som ein viktig startpakke for mange av punkta som ligg inne i handlingsplanen for parken.
Dei har etablert eit merkevarestyre med representantar for ulike merkevareorganisasjonar. Valdreskvalitet BA, Valdres Matforum BA og Valdres Destinasjon AS, som har – og er i ferd med – å utvikla sine eigne kvalitetsstandardar. Det vert også arbeidd med å utvida dette til andre profesjonar og til å få etablert eit eige marknadsføringsforum. Grunna mannskapsskifte i dei to landbruksorienterte merkevareorganisasjonane har framdrifta i dette arbeidet vore hemma, men er no inne i ein positiv fase.
Parallelt med dette har det vore stor aktivitet i profileringa og synleggjeringa av merkevara ”Valdres”. Det har gått ut informasjon til både innbyggarane (også barnehagar, skular og liknande), hytteeigarar og på det regionale og nasjonale nivå. Målet er at merkevarebygging skal gi auka verdiskapning og livskraft i lokalsamfunnet.
Både dagleg leiar og styreleiar meiner det er viktig å sjå dei lange linjene i arbeidet, og på det politiske plan er det stort engasjement for å sjå på Valdres som ein felles region. Det ligg utfordringar på å sjå på koplingane mellom VNK og det administrative nivået i dei seks ulike kommunane. Det blir viktig å foreta ei spissing av målformuleringane, mellom anna med tanke på å drive med det som er målbart og gir effekt.
Valdres natur- og kulturpark (VKN) har hatt ein prosjektfase frå 2007-2010, der småsamfunnsatsinga til KRD har vore inne som eit viktig bidrag i arbeidet. Prosjektet har i denne perioden gått over til eit kontinuerleg utviklingsarbeid gjennom eit charter mellom alle dei seks valdreskommunane. Dette varar fram til 2017. Distriktssenteret sine vurderingar er basert på prosjektarbeidet i VKN fram til i dag (hausten 2010).
Læringsverdi
Distriktssenteret meiner at det er viktig kunnskap frå Valdres natur- og kulturpark som andre kan lære av. Arbeidet med forankring og medverknad er blitt gjennomført som ein grundig prosess i alle kommunane, og starta opp tre år før prosjektstarten i 2007. Resultatet er ein langsiktig forpliktande avtale på ti år mellom seks kommunar i ein region. Det er også interessant å å sjå nærmare på korleis prosjektet nyttar ein modell for berekraftig samfunnsutvikling som er inspirert av tilsvarande modellar i Frankrike.
Mål og resultat
Valdres natur- og kulturpark har sett seg ambisiøse mål i sitt arbeid. Distriktssenteret meiner at desse måla er for vide, og det vil vera behov for å spisse målformuleringane med tanke på den effekten og måloppnåinga som dei ulike partane er opptekne av. Det bør utarbeidast meir konkrete og målbare resultatkrav. Ved å gå breitt ut, har ein likevel klart å skape ei merkevare som allereie etter kort tid blir lagt merke til.
Prosess og vurderingar
Distriktssenteret meiner at det er gjort ein god jobb i forkant av skipinga av natur- og kulturparken. Allereie frå 2004 og fram til skipinga i 2007ᅡᅠ vart det det gjennomført folkemøte i alle seks kommunane. Dette resulterte i at ein fekk utvikla ein parkavtale i forkant av etableringa.
Vegen vidare
Valdres natur- og kulturpark er no godt etablert. Dei har vore dyktige i å tenka langsiktig gjennom ein 10 årig avtale i første omgang. Distriktssenteret ser at dette gir forutseibarheit og arbeidsro for dei tilsette som skal arbeide med dei strategiane og tiltaka som ligg i handlingsplanen. Det har også skapt eit forpliktande samarbeid mellom seks kommunar i ein region, som alle er opptekne av å få til utvikling i fellesskap. Distriktssenteret vil ha ein tett dialog med prosjektet framover og oppdatere kartlegginga undervegs.