Fagområde: Stedsutvikling
Den første sommaren Kåfjord eigde «BoxHome», blei den brukt som ein kulturambassade for Kåfjord i Tromsø. Snart skal den få sin faste tilhaldsstad som utvida turistinformasjon på ferjekaien i Olderdalen. Kommunen utlyste til konkurranse for å finne den beste ideen til kva BoxHome kunne nyttast til. Olderdalen grendelag vann. (Foto: Ivan Brodey)

Kåfjord: «Eit distriktspolitisk laboratorium»

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Storstilt satsing på arkitektur er i ferd med å skape nye attraksjonar og ny optimisme i Nord-Troms. Plutseleg har kresne internasjonale arkitekturmagasin og italienske reiselivsjournalistar fått augo opp for vesle Kåfjord.

– Vi hadde lite pengar og lite konkret vi kunne tilby, så håpet var ikkje stort om å få med ein arkitekt som Sami Rintala på eit utviklingsprosjekt i Kåfjord. Men eg prøvde meg likevel, seier initiativtakar til Rintala-samarbeidet og tidlegare prosjektkoordinator i Kåfjord kommune, Hilde Johnsen.

«Eit distriktspolitisk laboratorium». Det var orda Dagens Næringsliv-magasinet D2 brukte då dei presenterte Kåfjord kommune og arkitekt og kunstnar Sami Rintala sitt banebrytande samarbeid i april 2008. Over 13 sider blei Rintala presentert som «ein joker i nord» og redningsmannen som skulle hjelpe Kåfjord til å skape kremen av norske turistprosjekt.

Problemløysing – ikkje pynting

I D2 forklarte Sami Rintala si begeistring for Kåfjord-satsinga på denne måten:

– Det er ingen glorie i dette prosjektet, det vi driv med i Kåfjord er ikkje pynting, men problemløysing. Dei treng dette for å overleve.

Hilde Johnsen meiner dei to setningane er med på å summere opp mykje av det Rintala står for som arkitekt. – Sami er oppriktig interessert i å gjere ein skilnad med arbeidet sitt. Han vil vere der han trengst, ikkje der prestisjen er størst. Det finst ikkje mange som ville stilt opp for Kåfjord for det eg vil kalle ”ein slikk og ingenting”.

Til Ry utdjupar Sami Rintala om sine tankar kring Kåfjord og arkitektur i distrikta.

– Det finst store og høgst reelle problem å gripe fatt i utanfor byane – problem som kan løyast med arkitektur. For å sette det på spissen: I byane har arkitektur ein mindre problemløysande og meir dekorativ funksjon enn i distrikta. Strekker du det endå litt lenger kan du seie at byar produserer underhaldning og stil, mens dei rurale stroka syter for energi og det daglege brødet, seier Rintala.

Skisser begeistra

I Kåfjord var ein del av problemløysinga for Rintala å teikne skisser til private reiselivsidear som allereie låg på bordet. Resultatet blei ei rekke teikningar og modellar av alt frå ungdomsherberge på kunstige berg, spektakulære hytter med utsikt over Lyngsalpane, til ei fjellhytte i tre som var omhylla av eit beskyttande skal i stål. Samspelet mellom storslagen natur og innovativ design skapte mykje blest kring Kåfjord.

– Bileta spreidde seg raskt. Då europeiske arkitekturmagasin presenterte skissene, fekk vi brått telefonar frå italienske reisemagasin som lurte på kor fort dei kunne få booke seg plass i Kåfjord, seier Johnsen.

Aluminiumsboks vekte oppsikt

Men sjølv om mange av skissene framleis berre er skisser, har samarbeidet mellom Kåfjord og Rintala gitt fleire handfaste resultat. Kommunen fekk mykje merksemd då eit einstemmig formannskap sa ja til innkjøp av den aluminiumskledde 19 kvadratmeter store einebustaden «BoxHome» som Rintala lagde i lag med partneren Dagur Eggertson.

Snart skal den urbane hola «BoxHome» få sin nye heim på ein ferjekai i Olderdalen. Der skal den fungere som utvida turistinformasjon i Kåfjord.

– Kommunen har ein ordførar og eit formannskap som ser moglegheiter i staden for begresingar. Dei har vore positive heile vegen til arkitektursatsinga og til Sami sine tankar og idear, fortel Johnsen.

Svevande hengebru

Snart kjem endå eit Rintala-prosjekt til å setje sine spor i Kåfjord kommune. Ei hengebru svevande høgt over dei mektige juva i Sabethjok og over til Halti, Finlands høgste fjell, er under prosjektering. Truleg er den ferdig i løpet 2010. Hengebrua blir ei av Europas lengste vandringsbruer.

– Eg trur arkitektursatsinga er i ferd med å bli ein solid omdømmebyggjar for kommunen – ikkje berre ute – men også i kommunen. Det har fått kåfjordaningane til å tenke meir positivt om heimstaden sin. I kjølvatnet av Sami har vi har opplevd spennande nyetableringar som skaper ny aktivitet, seier Johnsen, som meiner det rir ei slags positiv bølgje over kommunen for tida.

– Kommunen blei brent ned av tyskarane under krigen, Mykje av det som blei gjenreist gjennom 50-, 60- og 70-talet er ei direkte katastrofe arkitekturmessig. Eit slikt bygningsmiljø gjer noko med folk. Men no er det teikn til endring i Kåfjord, og det fortener verkeleg folk her, seier Johnsen.

Fakta

  • Sami Rintala: Kunstnar og arkitekt, fødd i Helsinki i 1969 og busett i Bodø. Professor ved fakultetet for arkitektur og biletkunst på NTNU i Trondheim, professor ved Arkitekthøyskolen i Oslo og gjestelærar ved Bergen Arkitekt Skole.
  • Rintala driv eige arkitektkontor saman med islandske Dagur Eggertson og har vunne ei rekke internasjonale arkitekturprisar.
  • I Kåfjord teikna Rintala ei rekke skisser av idear til private reiselivssatsingar.
  • Kåfjord kommune har mellom anna kjøpt ”BoxHome” – ei urban aluminiumskledd hole på 19 kvadratmeter.

rintalaeggertsson.com

kafjord.kommune.no

Kontaktinfo

Prosjektkoordinator i Kåfjord kommune, Hilde Johnsen