Det fortel Ingeborg Lunde i Vang kommune. Som planleggar står ho midt i arbeidet med å følgje opp plangrunnlaget for ny bustad- og sentrumsutvikling i kommunen. Etter å ha delteke i innovasjonsprogrammet Gnist, har kommunen fått nye erfaringar og arbeidet ny giv.
Kontaktinformasjon
Ingeborg Lunde
Arealplanleggar, Vang kommune
[email protected]
+47 992 30 305
Behov for å utvikle nye bustadmodellar og bumiljø i sentrum
Bakgrunnen for Vang si deltaking i Gnist var kommunens mangeårige fokus på bustad- og sentrumsutvikling. I 2018 og 2019 blei det gjennomført ei moglegheitsstudie og ei områderegulering for Vang sentrum, og bustadpolitisk plan blei revidert. Kommunen sette også av 12 millionar kroner til utvikling. Vidare blei det gjennomført ei innbyggarundersøking om korleis folk vil bu og kva dei saknar, og kartlegging av kva bustader som finst og kva som manglar.
Arbeidet stadfesta eit stort behov for å utvikle sentrumsnære småhus og leilegheiter, til leige og eige, i gå- og sykkelavstand til sentrumsfunksjonar. Arbeidsgruppa som jobba med den bustadpolitiske planen prøvde å få til samarbeid om privat utbygging, men det viste seg å vera vanskeleg. Arbeidsgruppa ga difor råd om at kommunen sjølv burde ta ei aktiv rolle. Kommunen starta detaljregulering av Klokkarhaugen, eit kommunalt eigd område midt i sentrum, nært til Vangsmjøsa. Undervegs i dette arbeidet dukka Gnist-programmet opp.
Gnist – ei ramme for samskapande løysingar
Motivasjonen for å søke Gnist, var nettopp kommunens behov for å søke løysingar saman med private aktørar.
– Vang kommune ønskjer å legge til rette for at private initiativ veks fram, men i sentrumsutviklinga har me streva. Me såg at Gnist kunne gje oss moglegheit til å utvikle og prøve ut nye modellar for samarbeid, finansiering og gjennomføring, seier planleggar Ingeborg Lunde.
Vang blei, som ein av 3 kommunar, valgt ut til å delta i Gnistprogrammets innovasjonsdel. Gjennom ein designdriven innovasjonsprosess, med involvering frå innbyggjarar og næringsaktørar, jobba kommunen fram eit konkurranseprogram og inviterte til open innovasjonskonkurranse om utvikling av Vang sentrum.
Då Vang søkte Gnist, var fokuset først og fremst bustader i sentrum. Undervegs i prosessen endra dette seg til også å omfatte næringsaktivitet og møteplassar. Det eine var dei politiske signala. Det andre var innbyggjarmedverknaden, som tydeleg viste behovet for meir liv i sentrum med møteplassar og næringsaktivitet.
Det endelege konkurranseprogrammet fekk slik eit breiare mål om å utvikle realistiske og innovative planar og samarbeidsmodellar for bustad- og næringutvikling. Desse skulle bygge på stadens identitet og bidra til eit attraktivt sentrum både for innbyggarar, næringsliv og besøkande.
Stegvis utvikle næringsaktivitet, bustader og møteplassar, i symbiose
Som resultat av konkurransen sat Vang kommune att med 2 finalistar: Klynga på Klokkarhaugen og Rein mat i sentrum. Begge med lokal tilknytning til Vang. Kvar av finalistane fekk 150.000 kroner til å vidareutvikle ideane, der Klynga på Klokkarhaugen til sist vann innovasjonskonkurransen.
Vinnaren blir no invitert til vidare konseptutvikling og samarbeid om realisering. Kommunen har rett til å bruke løysingsforslaget i det vidare utviklingsarbeidet, og er allereie i dialog med begge dei to finalistane.
– Dei to løysingsforslaga spelar godt saman, og vil kvar på sin måte kunne løyse sentrumsbehova som er skisserte, seier Lunde.
Når Vang kommune no går frå planar og konseptutvikling til gjennomføring, har dei ein strategi for stegvis utvikling i botn. Ny næringsaktivitet vil bli prioritert først, følgd av bustader og møteplassar. I første omgang skal kommunen sjå på moglegheiter i eksisterande bygningsmasse, før nybygging. Bygningane og området til det tidlegare flyktningmottaket og tomta Klokkarhaugen er sentrale areal. Strategien er i tråd med vinnarkonseptet og signala frå næringsaktørane i bygda.
Erfaringar og lærestykke
For Vang kommune har det vore både lærerikt og krevjande å delta i Gnist. Dei mange aktivitetane og det høge tempoet har til tider vore utfordrande, mellom anna for den løpande forankringa i kommunen og blant innbyggarane.Sett i ettertid tenkjer Lunde at kommunen gjerne kunne hatt meir enn ein representant i arbeidsgruppa.
– Eg har lært svært mykje og sit med god oversikt. Samstundes kan det også verte sårbart, seier ho.
Prosjektet har likevel ei brei plattform å stå på. Kommunedirektøren har leia styringsgruppa og vore tett på. I arbeidsgruppa sit det, i tillegg til Vang kommune, representantar frå næringsselskapet Innovangsjon og Valdres natur- og kulturpark. I juryen har både ordførar og politisk representant frå kommunestyret delteke.
– Me har lukkast godt med å mobilisere folk som er engasjerte og vil bidra, frå ulike miljø og med ulike nettverk. Det har vore viktig, seier Lunde.
Ein av medverknadsaktivitetane i prosjektet var å etablere eit innbyggarpanel som skulle følgje prosessen og gje råd undervegs. Dette viste seg vanskeleg å få til.
– Å involvere innbyggjarpanelet godt nok krevde meir tid enn kva både me og innbyggjarrepresentantane hadde til rådvelde, seier Lunde. Ho meiner likevel at innbyggjarbehova, slik dei har kome fram i prosessen, er godt ivaretekne i konseptet som no er utvikla.
I det store og heile er ho godt nøgd med medverknadsopplegget i prosjektet. At det også har vore tilrettelagde aktivitetar styrt av Gnist-aktørane, har vore til stor nytte for kommunen.
– Me har fått konsentrere oss om å vere fullt deltakande i prosessane, framfor å bruke kapasiteten vår på rigging.
Prosjektet i Vang starta heller ikkje på bar bakke. Arbeidet var i gong, den politiske forankringa og mandatet på plass, planane nær ferdigstilte. Gnist blei ei ramme for å drive fram og utvikle ideane. At begge finalekonsepta også har lokal forankring, meiner Lunde er eit fortrinn.
Andre ting Lund trekk fram frå arbeidet dei har gjort i samband med Gnist-programmet dreier seg om innovasjonsjontankegangen i prosessen:
– Å fokusere på behov framfor løysing. Ikkje berre bestille noko basert på det me trur me skal ha, basert på lågaste pris. Og eigarskapen til prosjektet: Den er blitt forsterka gjennom prosessen. Ikkje berre i kommunen, men hjå innbyggjarar og næringsliv. Me ser at dette breie engasjementet verkar positivt for gjennomføringa, seier ho.
Signala frå dei lokale utviklingsaktørane stadfestar biletet: Dei ønskjer ein kommune som støttar og bidreg til dei vidare prosessane, utan at det endar som eit reint kommunalt utviklingsarbeid.
– Utviklingskulturen vi har i Vang er eit stort fortrinn. Vi har ein kommune der det er rom for å ta imot nye idear, vi har næringsaktørar som ønskjer å bidra til utvikling. Her er det gnist og framtidsoptimisme, avsluttar ein travel og engasjert kommuneplanleggar i Vang kommune.