Fagområde: Omdømme Stedsutvikling

Eldsjelene sin eigen bank

Det skal ikkje vere strevsamt å vere frivillig, seier dei i Nome. Kommunen har gjort det enklare for alle som brukar fritida på å organisere kultur, idrett og andre arrangement.

Fyller eit behov

Eit folkemøte om frivillig arbeid var opphavet til Ildsjelbanken. Telemarkskommunen Nome spurde dei frammøtte kva dei sakna frå kommunen si side. Svara blei brukte til å meisle ut ein ny instans som er til eine og åleine for dei som set av kveldane sine til å lage ”liv og røre og skape sosiale arenaer der små og store, gamle og unge, kjem saman og skapar si eiga underhaldning, på eigne premissar” (frå prosjektskissa).

Kommunen, gjennom Bulyst-prosjektet ”Kom til Nome!”, oppfatta at det frivillige livet i Nome hadde eit særleg behov for hjelp til rekruttering, organisering av arrangement og ivaretaking av engasjement. Tre tema frå innspelsrunden er valde ut til kursing av frivillige: styringsverksemd, søknadsskriving og kommunikasjon. Eitt av kursa tek mellom anna føre seg korleis ein kan motivere folk til å ta på seg styreverv.

Ingen bank utan pengar

Ildsjelbanken forvaltar ein pott på 200.000 kroner i stimuleringsmidlar. Føremålet med midlane er å løyve små summar i støtte til mange ulike føremål. Det er enkelt å søkje, og rapporteringa er minimal. Eit kriterium som aukar sjansen for å få midlar, er at fleire lag går saman. Kultur og idrett er dei mest opplagte føremåla, og aktivitetane ein søkjer om støtte til skal vere opne for alle.

– Vi driv med stimulering, ikkje heilfinansiering, understrekar ”banksjef” Heidi Elise Kvale, som er kultur- og idrettskonsulent i kommunen. Den andre nøkkelpersonen i Ildsjelbanken er Vidar Høglid (prosjektleiar), som er eldsjelmotivator og fungerer som bindeledd mellom dei frivillige og kommunen. Kvale og Høglid deler ei halv stilling i forholdet 10/40.

Vafler under Wheels

Ein av grunnane til at Nome har valt å vinkle ein del av Bulyst-prosjektet sitt mot frivillige, er mangelen på ein felles identitet i kommunen, eit trekk som har å gjere med ei femti år gamal kommunesamanslåing. Begge kommunesentera, Ulefoss og Lunde, har levande organisasjonsliv, men skotta mellom er ganske tette.

Ildsjelbanken prøver å stimulere til samarbeid mellom ulike bygder og grender i Nome. Eit døme på kontakt mellom grupper av frivillige, er Husmorlaget sin innsats under Wings and Wheels-festivalen, der kvinnene steikjer vafler til 3500 fly- og bilinteresserte. Eldsjelmotivator Vidar Høglid sit dessutan i ei samarbeidsgruppe der tre idrettslag har gått saman om å prøve å få til ei stor felles skiløype. Tanken om å sveise saman dei to kommunesentera har òg ført til forslag om å reise ei symbolsk bru om lag der den gamle kommunegrensa gjekk.

Arbeider for utjamning

Nome slit med ein del barnefattigdom*, altså at foreldra sin stramme privatøkonomi er merkbar for ungane. Difor har Ildsjelbanken også ein sosialpolitisk funksjon. I samband med tildeling av midlar, er målet å få arrangørar til å vise omsyn til familiar med dårleg råd. Transport til og frå aktivitetar er eit eksempel.

– Vi gir ikkje passive driftstilskot utan at tiltaka er positive for dei svake i lokalsamfunnet, forklarar Heidi Elise Kvale.

Ildsjelbanken har òg gått i bresjen for eit anna utjamningstiltak. Sportsutstyr er dyrt, men nødvendig viss ein skal henge med som ungdom. I eit tomt lokale i kjøpesenteret på Ulefoss blir brukt sportsutstyr som alpinski og vinterjakker omsett etter initiativ frå Ulefoss Sportsforening (USF). Lokalet blir lånt ut gratis, og USF får 30 prosent av inntektene frå salet.

Brød som inntektskjelde

Eit anna godt påfunn som Ildsjelbanken har vore med på å utforme, er ei lokal tilskotsordning som let næringslivet sponse idretten i Nome via brøddisken. For kvart brød som blir selt, gir butikkane ein liten sum til idrettslaga. Kommunen sytte for at ordninga blei utvida til å gjelde alle daglegvarebutikkane.

Det blir også snakka om å etablere eit samarbeid med den lokale sparebankstiftinga.

Facebook og nettside

Det meste av kontakten mellom Ildsjelbanken og aktørane i det frivillige livet i Nome, som tel 125 lag og foreiningar, går føre seg på nettet. Facebook-sida er nyttig viss ein vil ha tak i ”banksjefane” eller andre frivilligaktørar. Til dømes kan pensjonistlaget få tak i ei handballgruppe som vil stå for serveringa på eit av treffa deira og tene nokre kroner på det til å delta på turnering.

På ei eiga heimeside legg banksjefane ut materiale som kjem godt med for dei som gjer papirarbeidet i laga – søknadsskjema, informasjon om tilskotsordningar, malar for budsjett og rapportar og nokre råd og vink.

Unngår kollisjonar

Nettsida har òg ein kalenderfunksjon. Der kan organisatorar reklamere for arrangement i kommunen og i regionen (Midt-Telemark). Ein annan nytte av kalenderen er at arrangørar kan unngå å leggje hendingar til same tidspunkt.

Heimesida til Ildsjelbanken skal etter planen leve vidare etter at Bulyst-prosjektet er slutt i 2014.

* Omgrepet «barnefattigdom» blir brukt om born som lever i hushald med vedvarande låg inntekt. I Nome auka andelen barn med slike oppvekstvilkår frå 5,3 til 13,2 prosent i åra 2000 til 2010. Nabokommunane Sauherad og Bø har liknande tal, og Midt-Telemarkrådet utarbeidde i 2012 ein tiltaksplan mot barnefattigdom.

Les om planane i Bulyst-prosjektet «Kom til Nome!», som går frå 2012 til 2014. 

Les om korleis ein ombygd vestibyle gav nytt liv til kulturhuset