Høsten 2020 gjennomførte kommunane Aure, Fjord og Steinkjer digitale spørjeundersøkingar som ein del av oppstarten på kvar sine prosessar.
Innspel til stadutviklingsprosjekt og til kommuneplan
I Aure kommune var spørjeskjemaet ein del av et stadutviklingsprosjekt. Målet var å få inn gode innspel til dette prosjektet. Her svara totalt 214 respondentar på alle spørsmåla i kategorien innbyggjarar frå 13 år og oppover, og blant kommunalt ansatte og kommunepolitikarar. Svara dei fekk inn danna eit godt grunnlag for å jobbe vidare i følgje Ivar Torset, næringssjef i Aure kommune.
I Fjord kommune var spørjeundersøkinga ein del av oppstarten på arbeidet med ny samfunnsplan og næringsplan.
Leiar for plan og miljø i Fjord, Martin Hove, seier at målet med denne spørjeundersøkinga var å få svar frå så mange av kommunens innbyggjarar som råd. Totalt svara 339 respondentar på alle eller nokre av spørsmåla om kva dei likte og ikkje likte med Fjord, og kva dei trudde om kommunens framtid. Respondentane var frå 13 år og oppover.
Undersøkingane i Aure og Fjord vart laga i samarbeid med Distriktssenteret og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Avkryssing og fritekstsvar
Dei to kommunane valde litt ulike måtar å spørje på i spørjeskjema sine. Vidare brukte dei SurveyXact til å gjennomføre undersøkelsane, men fleire alternativ er tilgjengleg som til dømes Google forms, Microsoft Forms, SurveyMonkey m. fl.
Ver merksam på det finst reglar du må overhalda dersom spørjeskjemaet ditt hentar inn personopplysningar. Les meir om verksemda sine plikter med omsyn til personopplysningar hjå Datatilsynet.
Aure kommune hadde ei blanding av avkryssing og fristekstsvar der respondentene kunne skrive kva dei synest om Aure sentrum, kva sentrum brukast til og korleis sentrum må vere for at dei skal bli stolte av sentrum og bruke det meir.
Spørsmål til innbyggjarar 13 år og oppover
1. Kjønn?
- Jente
- Gutt
2. Alder?
- 13-16 år
- 17-19 år
- 20-25 år
- 26 år eller eldre
3. Bosted
- Jeg bor i gamle Aure
- Jeg bor på Tustna
- Jeg bor ikke i kommunen nå
4. Din mening om Aure sentrum?
- Hva liker du med Aure sentrum i dag? (Fristekstsvar)
- Hva liker du ikke med Aure sentrum i dag? (Fristekstsvar)
- Hvordan synes du at Aure sentrum skal være i framtida? (Fristekstsvar)
5. Bruker du Aure sentrum i fritida?
- Oftere enn 2 ganger i uka. Hva gjør du i sentrum? (Fritekstsvar)
- 1-2 ganger i uka. Hva gjør du i sentrum? (Fritekstsvar)
- Sjeldnere enn 1 gang i uka. Hva gjør du i sentrum? (Fristekstssvar)
- Nei. Hvorfor? (Fristekstsvar)
6. Hva skal til for at du skal bruke Aure sentrum mer en du gjør i dag?
(Fritekstsvar)
7. Hva er viktige for deg å gjøre i Aure sentrum?
- Treffe venner
- Fritidsaktiviteter
- Handle
- Skolearbeid
- Annet som er viktig for deg å gjøre i Aure sentrum? (Fritekstsvar)
8. Hvordan tror du at kommunen i samarbeid med innbyggerne kan skape et sentrum i Aure som alle er stolte av og tar i bruk?
(Fritekstsvar)
9. Er du villig til å engasjere deg for at Aure sentrum skal bli et sted der folk ønsker å møtes?
- Ja. Skriv hvordan du ønsker å bidra. (Fritekstsvar)
- Nei. Skriv hvorfor. (Fritekstsvar)
- Vet ikke
Spørsmål til kommunalt ansatte og lokalpolitikere
1. Kommunalt ansatt eller lokalpolitiker?
- Ansatt i Aure kommune
- Lokalpolitiker i Aure
2. Din mening om Aure sentrum. Hva liker du med Aure sentrum i dag?
(Fritekstsvar)
3. Din mening om Aure sentrum. Hva liker du ikke med Aure sentrum i dag?
(Fritekstsvar)
4. Din mening om Aure sentrum. Hvordan skal Aure sentrum være i framtida?
(Fritekstsvar)
5. Bruker du Aure sentrum i fritida?
- Oftere enn 2 ganger i uka. Hva gjør du i sentrum? (Fritekstsvar)
- 1-2 ganger i uka. Hva gjør du i sentrum? (Fritekstsvar)
- Sjeldnere enn 1 gang i uka. Hva gjør du i sentrum? (Fritekstsvar)
- Nei. Hvorfor ikke? (Fritekstsvar)
6. Hva skal til for at du skal bruke Aure sentrum mer en du gjør i dag?
(Fritekstsvar)
7. Hva er viktig for deg å gjøre i Aure sentrum?
- Treffe venner og bekjente
- Fritidsaktiviteter/barnas fritidsaktiviteter
- Handle
- Jobb
- Annet som er viktig for deg å gjøre i Aure sentrum? (Fritekstsvar)
8. Hvordan tror du at kommunen i samarbeid med innbyggerne kan skape et sentrum i Aure som alle er stolte av og tar i bruk?
9. Er du villig til å engasjere deg for at Aure sentrum skal bli et sted der folk ønsker å møtes?
- Ja. Skriv hvordan du ønsker å bidra. (Fritekstsvar)
- Nei. Skriv hvorfor. (Fritekstsvar)
- Vet ikke.
Fjord valde ein enklare variant der respondentane sjølv kunne skrive svar på tre åpne spørsmål:
- Kva som er bra med Fjord kommune i dag?
- Kva som ikkje er bra med Fjord kommune i dag? og
- Korleis vil du at Fjord skal vere i framtida?
Steinkjer kommune: spørreskjema til skuleklassar og eigne tilsette
I samband med arbeidet med ny samfunnsdel til kommuneplanen, nytta Steinkjer kommune eit spørjeskjema i Microsoft Forms for å hente inn meiningar frå mellom anna skuleelvar og kommunalt tilsette. Elevar og tilsette fyllte ut desse skjema gruppevis.
Oppgåvene i Steinkjer kommune sitt skjema er forklarte slik at einheitsleiarar skal kunne halde møter og samle innspel utan at nokon frå planavdelinga treng vere til stades.
Begge sprøjeskjema vart gjort tilgjengelege med forklarande tekstar til alle oppgåver og spørsmål, slik at innhentinga av innspel kunne føregå utan at nokon frå kommunen trengte å vere til stades. Slik sparar du ressursar og opnar for at ulike einingar og grupper kan ha møter når det passar dei, og dermed få so mange innspel som mogleg.
Hjå både dei kommunalt tilsette og skuleelevane var det behov for møteleiing når skjema skulle fyllast. Dette vart gjort av einingsleiarar for dei kommunalt tilsette sin del, og av elevrådsrepresentantar og kontaktlæarar for skuleelevane sin del.
Last ned: Skjema som vart sendt til skuleklassar
Last ned: Skjema som vart sendt til kommunalt tilsette
I Steinkjer kommune sin planprosess har 1000 personer medvirka: innbyggjarar, organisasjonar, næringsdrivande og folkevalde representantar. Dette inkluderar ca. 600 skuleelever og barnehageborn.
Slik har kommunane spreidd spørjeundersøkinga
For å få inn så mange svar som mogleg på ei spørjeundersøking, er det viktig å få spreidd ei lenke til ho.
Ordførar i Fjord, Eva Hove, fortel at dei brukte kommunen si nettside og Facebook-side til å promotere spørjeundersøkinga. I tillegg vart undersøkinga sendt til kommunens ungdomsråd, til ungdomsskulane og til studentar med tilknytning til kommunen. Alle desse vart bedt om å vidaresende spørjeskjemaet til sine kontakter. For å nå dei gruppene som ikkje er så aktive på sosiale medier, brukte kommunen lokalavisa.
I ettertid, seier ordføraren, kunne kommunen hatt ein meir målretta strategi mot den eldre garde – for eksempel gjennom å bruke frivilligheitssentralen eller pensjonistlag.
Kultur- og næringssjef i Aure kommune, Ivar Torset, brukte også kommunens nettside og sosiale medier. I tillegg tok han sjølv ei aktiv rolle i kontakt med ungdomsråd og skulane i kommunen. På skulane snakka han med rektor og lærarar og fekk dei til å ta opp spørjeundersøkinga som ein del av undervisninga. Slik fikk dei inn mange svar fra ungdom i alderen 13-16 år.
Fjord og Aure deltek i Veiledningspiloten
Kommunane Aure og Fjord deltek saman med Distriktssenteret og Møre og Romsdal fylkeskommune i prosjektet Veiledningspiloten. Veiledningspiloten omfattar tre fylker – Troms og Finnmark, Møre og Romsdal og Innlandet – og totalt 14 kommunar. Målet med veiledningspiloten er å samarbeide om eit prosjekt som kommunane sjølv veljer, og saman finne ut korleis ein kan få til engasjement og medverknad frå innbyggjarane.