Fagområde: Stedsutvikling

Berekraftig utvikling i Nærøyfjorden Verdsarvpark

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Vestnorsk Fjordlandskap, som Nærøyfjorden Verdsarvpark er ein del av, feira 5 år som verdsarvområde den 14. juli 2010. I dag ligg det føre ein parkplan for området.

Parkplanen seier at verdsarvparken skal utvikle eigarskap til landskaps- og kulturverdiane og aktivt fremja internasjonale verneverdiar gjennom lokal økonomisk, kulturell og identitetsmessig utvikling.

Småsamfunnsatsinga – ein viktig nøkkel for framdrifta i arbeidet

Prosjektleiinga viser til at verdsarvparken er avhengig av mange ulike inngangar for å kunne nå sine mål og samstundes utvikle området på ein berekraftig og god måte. Dei fire første åra arbeidde ein hardt for å få til ein formell organisasjon. Nærøyfjorden Verdsarvpark fekk mellom anna midlar frå småsamfunnssatsinga til Kommunal- og regionaldepartementet.

-For oss gjekk småsamfunnsatsinga ut på å få parken opp og stå som ei formell eining og samstundes bidra til ei samansmelting av heile verdsarvområdet, seier dagleg leiar Erling Oppheim. Desse midlane har difor vore avgjerande i overgangen frå prosjektorganisasjon til ein formell organisasjon med ein parkplan som var klar hausten 2009.

Sterkt nettverk med utviklingspotensiale

Sjølv om størstedelen av Nærøyfjorden Verdsarvpark ligg i Aurland kommune, er det også område som ligg i kommunane Vik og Lærdal i Sogn og Fjordane og Voss kommune i Hordaland.

– Dette gjer at vi har ei sterk forankring, eit godt nettverk og gode moglegheiter til få til ei god utvikling, seier ordførar i Aurland, Olav Ellingsen. – I tillegg er vi ein del av Vestnorsk Fjordlandskap, der nordområdet ligg i Møre og Romsdal med kommunane Norddal og Stranda, seier han.

Ordføraren har vore styreleiar og er i dag nestleiar for Vestnorsk Fjordlandskap. Han peikar på kor viktig det er å ha eit godt samarbeid på toppen, og understrekar også at ein er avhengige av at samarbeidet mellom dei to områda fungerer når det gjeld å ta vare på naturkvalitetane. Samstundes er viktig å finne fram til felles løysingar som gjer at verdsarvstatusen vert oppretthalde, gjennom god lokalsamfunnsutvikling og som kan utviklast i samsvar med dei retningslinene som er lagt for verdsarvområdet.

Nærøyfjorden verdsarvpark – eit utstillingsvindauge

Ivar Bjarne Undredal som er geitbonde i Undredal, har vore med på prosessen lenge før verdsarvsstatusen var eit faktum i 2005. Ti år tidlegare kom landskapsvernet i Næøyfjorden, og heile tida har det vore viktig å sjå på korleis ein kan få til ei god lokal samfunnsutvikling. Samspelet mellom lokalbefolkninga og regionale og nasjonale styresmakter er fleire gonger sett på prøve. Likevel meiner Underdal at det samspelet og forståinga som har vakse fram har vist at ein i dag har eit utstillingsvindauge som dei må oppretthalda og gjødsla vidare. Vi er stadig på jakt etter å henta inn ny kunnskap, seier Underdal, som også er glad for at dei får høve til å vera med å spreia sin kunnskap til andre deler av landet som har liknande problemstillingar.