I Norddal kan tre prosjekt trekkjest fram som har hatt som mål å auke busetnaden i kommunen:
Hausten 2006 fekk kommunen tildelt midlar frå landbruks- og matdepartementet til å gjere ei kartlegging av kva som skal til for at fleire av gjestearbeiderane som kvar sommar kjem til Norddal Kommune skal kunne busette seg i kommunen.
I 2008 såg kommunen på tiltak for å styrke omdømme, skaffe rekruttering til kompetansearbeidsplassar og kompetanseheving internt.
2009 – 2012 drev kommunen omdømmearbeid og døropnarteneste som hjelper tilflyttarar med å finne bustad, jobb og fritidsaktivitetar. Hovudmålet med prosjektet er ei positiv folketalsutvikling i Norddal kommune gjennom å få folk som flyttar til kommunen og dei som bur der til å bli verande fordi dei trivst.
Aktivitetar
- Arrangement utanfor kommunen
- Arrangement for å stimulere bortebuarar til å flytte heim
- Brev til potensielle tilflyttarar
- Annonsering i media
- Eigen nettstad
- Brosjyrar og liknande
- Tilrettelagt bustader for tilflyttarar
- Delteke på utstillingar/stand
- Kampanje for å skaffe arbeidskraft/synliggjere jobbmogelegheiter
- Vertskapsordning
- Integreringstiltak for tilflyttarar
- Undersøkt gjennom intervju med utanlandske gjestearbeidarar om kva som skulle til for at dei skulle flytte hit permanent
Viktigaste salsargument:
- Livskvalitet
- Godt oppvekstmiljø
- Friluftsliv
Samarbeidspartnarar
- Grende-/bygdelag
- Næringslivet
Hovedmål
Målgrupper
- Høgt utdanna arbeidskraft/arbeidskraft med spesifikk kompetanse
- Arbeidskraft generelt
- Barnefamiliar
- Potensielle tilbakeflyttarar ivsstilsflyttarar frå utlandet
- Utanlandske gjestearbeidarar som er i kommunen kvar sommar for å plukke frukt og bær
Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner
Auka bosetjing i Norddal er presantert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket inngår som ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av eit større prosjekt ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.