Fagområde: Næringsutvikling

Kulturreiret – idéklekkeri og kreativt fellesskap

Kulturreiret i Eid er på kort tid blitt eit populært arbeidsfellesskap for dei som jobbar med kultur og kreative næringar i Nordfjord.

Arbeidslokalet i den tidlegare skulebygningen på Nordfjordeid er ikkje stort, men rommar mykje skaparkraft. På toppen av eit skåp tronar ein utstoppa vêr.På ei tavle er ein logo med krumme horn under utprøving. Skjermane lyser opp andleta til travle, unge menn som lagrar gitarar under skriveborda, i tilfelle ei spontan bandøkt.

– Her myldrar det med gode idear. I løpet av ein lunsjpause kjem det opptil fleire, seier Magni Hjertenes Flyum entusiastisk. Ho er prosjektleiar i VAKN (Vårt akademi for kultur og næring) – eit Bulyst-prosjekt for utvikling av ny næring tufta på kultur.

På Nordfjordeid har kulturarbeidarar etter kvart fått gode vilkår for å treffast og innleie nye samarbeid. Kulturreiret har kontor i Gymmen Scene og Studio, som ligg kloss i det nye Operahuset Nordfjord. Gymmen rommar ei heilårs rockescene, øvingsrom og eit studio for musikkproduksjon. I Operahuset utfaldar det lokale kulturlivet seg på kveldstid, medan Eid vidaregåande skule og biblioteket rår grunnen på dagtid. Arbeidsfellesskapet i det eldre nabobygget er eitt av resultata av kultur- og næringssatsinga gjennom VAKN.

Dei unge mennene bak verksemda Veir Media har funne det attraktivt å flytte heim frå byen og etablere seg i det nye lokalet, som minner aldri så lite om kontorkollektiva ein finn i større byar. Etter at dei tre etablerte seg på Eid, har dei hatt meir enn nok å gjere. Dei set pris på å ha kontornaboar med liknande arbeid. Nyleg inviterte «veirane» til ein kulturarbeidarfrukost på Nordfjord Hotell i samarbeid med VAKN.

Les om dei lange linjene i kulturarbeidet i Eid

For VAKN står Kulturreiret og samarbeidet med Nordfjord Vekst sentralt i arbeidet med utvikling av næringselementet i kulturbasert næring. For ferske etablerarar på ustø bein, som er uvande med å vere eigen sjef, kan det faglege nettverket i Kulturreiret ha ein utviklande verknad. I tillegg håpar VAKN at fleire vil vurdere å flytte eksisterande verksemder til Eid. Dagens reir har personar frå ulike verksemder:

Samstundes er dei som jobbar på Operahuset ein del av fellesskapet.  Det er eit par ledige plassar i lokalet, men VAKN ser for seg at dei snart blir fylte opp.

Opprettinga av Kulturreiret er eit ledd i å sikre at små verksemder i kommunen og regionen får tilgang til relevant kompetanse, eit fagleg nettverk og sosialt fellesskap. Som i Næringshageprogrammet til SIVA, er tanken at ein ved å samle mindre verksemder på ein stad vil styrke verksemdene si vekstkraft og få ei fagleg utvikling.

Kulturdepartementet delte i november 2012 ut midlar til ti ulike pilotprosjekt i ei prøveordning for samlokalisering av kulturnæringsaktørar i byar og regionsenter. Kulturreiret var ikkje ein av dei, men bygger på mange av dei same prinsippa. Både arbeidet i pilotane og erfaringane frå Kulturreiret vil gje innsikt i verdien av å arbeide tett i hop og klekke ut idear over matpakken.

Distriktssenteret har publisert ei større kartlegging av Bulyst-prosjektet VAKN