Fagområde: Næringsutvikling

Lange linjer og nye idear

Ei open haldning til nye idear og mange års satsing på kultur har gjort Eid til ein kommune der det er attraktivt å bu, vekse opp og starte næringsverksemd.

Eitt av fleire slåande trekk ved Eid er kulturhendingar i stort format – opera, musikal, rockefestival. Det gror også godt i underskogen av amatørkultur. I tillegg kjem alle bygga tileigna kulturføremål.

Forklaringa kan liggje i den lange satsinga på utviklingsarbeid med vekt på kultur. I Eidsgata – som i 90-åra vart eit triveleg område ved hjelp av stadutviklingstiltak – ligg Kulturhuset Gamlebanken med intime konsertlokale, utstillingar og kulturarbeidarkontor. Operahuset Nordfjord frå 2009 blei den glimrande løysinga på behovet for lokale til skule, bibliotek, kulturhendingar – og ikkje minst operaoppsetjingar.

Kloss i det nye kulturpalasset ligg Gymmen Scene og Studio, med ei rockescene i miniatyr og eit studio for musikkproduksjon – høgt skatta av ungdom som spelar i band, tek valfag eller er med i Rockskulen på kveldstid. Eit «mini-Rockefeller», kallar Magni Hjertenes Flyum lokalet. Som prosjektleiar i Bulyst-prosjektet VAKN veit ho godt at lokalet har mykje å seie for dei som veks opp i kommunen.

– På Eid kan du vere 15 år og få stagedive i skuletida, smiler ho.

Stagediving

Stagediving i Gymmen Scene og Stuido. Foto: Øystein Torheim

Stein for stein

Saman med Kjell Einar Skrede har Flyum i to år drive Bulyst-prosjektet VAKN (Vårt akademi for kultur og næring) som freistar å omsetje meir av kulturaktiviteten i Nordfjord til næringsverksemd. Skrede og Flyum meiner sjølv at Eid har fått til så mykje fordi stein for stein er lagt ned gjennom mange år. Dei to utviklingsagentane ser ein raud tråd i utviklinga i Eid, og løfter mellom anna fram kor viktig det har vore å få støtte til utviklingsprosjekt som «Bulyst for ungdom – Malakoff Rockfestival», som er ein forløpar til dagens VAKN.

Dessutan, understrekar dei, skjer det faktisk ting når ein ”snakkar saman”. Dei små og tette miljøa ein finn i små kommunar som Eid, kan med andre ord vere ein stor fordel, slik ein såg då ideen om det sambruksbaserte operahuset vart klekt ut og sett ut i livet av lokale entusiastar.

Musikkskule, opera, musikal og spel

Den nyare tidsrekninga for Eid sitt kulturliv startar i 1987, då fjordbygda fekk musikkskule med faste, heile lærarstillingar. Tre år seinare kom ein amerikansk songar og ein fiolinist frå Sunnmøre. Dei same personane, og fleire av borna deira, er i dag sentrale i det lokale kulturlivet. Selskapet Opera Nordfjord, stifta i 1990-åra, står for årlege, profesjonelle operaoppsetjingar i det spesiallaga bygget. I løpet av 15 år skal 60.000 ha vore på operaførestillingane, som sender operastjerner og lokale songarar ut på same scene til musikk frå orkestergrava.

Michael Pavelich er òg drivkrafta bak den årlege musikalen med elevar frå Eid vidaregåande skule. I tillegg har Eid eit spel – Elskhug og eksis – som er eit kjærleiksdrama bygd på møta mellom bygdejenter og soldatar ved landets eldste eksersisplass.

Festival med ringverknader

Malakoff, som ein del av det gamle militærområdet blir kalla, er òg blitt staden for Malakoff Rockfestival. Sidan oppstarten i 2003 har festivalen vore ein viktig kulturgenerator, også utanom sesongen. Initiativtakarane til Malakoff var ungdom som ville at det skulle skje noko på heimstaden. Sidan byrjinga har festivalen vakse frå 450 besøkande til eit forventa besøkstal på 20.000 i 2013.

I 2008 fekk dei midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet og Sogn og Fjordane fylkeskommune til pilotprosjektet Bulyst for ungdom – Malakoff Rockfestival. Prosjektet oppretta Gymmen Rockscene, utvikla ei entreprenørskapssatsing og stimulerte til lokalt og regionalt ungdomsengasjement. Ideen om eit nytt prosjektet, VAKN, kom i kjølvatnet av pilotprosjektet. Medan det første prosjektet mellom anna dreiv rettleiing av ungdom om entreprenørskap, blei VAKN eit prosjekt der kulturbasert næringsutvikling var sjølve hovudføremålet.

Les blogginnlegg om arbeidsfellesskapet Kulturreiret

Lang lagshistorie

Ein kan sjølvsagt trekkje linjene lenger attende. Eid har tradisjonar som skulestad. Den tidlege framveksten av det frivillige livet har òg røter i den 300 år lange militærhistoria. Idrettslaget i bygda fyller 150 år i 2013 og er det eldste i Distrikts-Noreg. Musikklaget i Eid fyller 100 same år eit av dei eldste korpsa i Noreg. Stoltheita knytt til Eid som gamal kulturhovudstad i regionen kjem også tydeleg til uttrykk på nettsida «Eid inviterer», der kommunen freistar å gjere aktiviteten i bygder og grender synleg for tilreisande og tilflyttarar. Kanskje er det alle desse åra med lag og foreiningar som har gitt eit godt klima for nyskaping?

Lett å starte nytt

– Eid er heilt klart kjenneteikna av ei ”kva kan vi få til”-haldning, seier Magni Hjertenes Flyum. I kultur- og næringsprosjektet har dei opplevd folk i kommunen som svært opne for nye arrangement, som det siste tilskotet, Nordfjord Filmfest. Dei veit at det er lett å starte ting på Eid. Når nokon legg fram ein ny idé, er det ikkje nokon som stiller seg på bakbeina.

– Etter kvart har bygda også opparbeidd seg ein ekstremt høg arrangementskompetanse, seier Flyum.

Premiert for godt samhald

Det skjer noko med ungdommane som går på Eid vidaregåande skule. I april gikk dei av med sigeren i NRK P3 sin konkurranse SkoleSessions. Til ville hyl frå fleire hundre tenåringar i Operahuset Nordfjord, der skulen ligg, opplyste den besøkande P3-journalisten at elevane hadde lukkast med å sanke fleire stemmer enn innbyggjartalet i sin eigen kommune og dermed gått til topps i konkurransen. Dermed fekk Eid ein eksklusiv konsert med Margaret Berger og LidoLido. Lærarane og dei andre tilskodarane til oppstyret veit at sigeren ikkje er tilfeldig. Eid blei ikkje ein kulturkommune over natta.

Erfaringar for framtida

For barn og unge på Eid set kulturen spor. I tillegg til idrett, kan dei velje mellom rockskule, ein privat danseskule med 250 elevar, kulturskule og roller i spel, musikalar og opera. I dei store oppsetjingane arbeider vaksne og ungdommar på like fot. Mange får prøve seg i hovudroller. Fleire unge talent frå Eid har dei siste åra satsa på ei karriere knytt til musikk og scenekunst. Men uansett karriereval trur Magni Hjertenes Flyum i VAKN at erfaringane frå scena har stor verdi for ungdommane som veks opp på Eid.

– Den stoltheita ungdom kjenner, får følgjer for vaksenlivet, seier Flyum.