VAKN står for «Vårt akademi for kultur og næring». VAKN er eit samarbeid mellom offentlege og private aktørar som Eid kommune, Eid vidaregåande skule, Malakoff Rockfestival, Nordfjord hotell, Opera Nordfjord og Nordfjordeid Næringshage. Sjølv om utgangspunktet er Eid kommune, har VAKN heile Nordfjordregionen som arbeidsfelt.
Prosjektet har som mål å bidra til vekst innan kulturnæringane i Nordfjord, mellom anna gjennom å tilby rådgjeving, kurs og anna støtte som gjer at nye arbeidsplassar kjem til. Både kommersielle og ikkje-kommersielle delar av kulturlivet er omfatta av prosjektet. VAKN ønskjer å byggje på aktiviteten og kompetansen som alt finst i Nordfjordregionen. Dei legg stor vekt på å stimulere til meir samarbeid på tvers av geografiske skiljeliner, t.d. gjennom å byggje nye nettverk og leggje til rette for at aktørar som kan ha utbyte av eit samarbeid får møte kvarandre.
Ein annan tanke som ligg til grunn for prosjektet er at det finst eit stort behov i distrikts-Norge og Nordfjord for at nokon tek eit overordna blikk på kulturnæringar, kulturbaserte næringar og opplevingsnæringar. VAKN ser det som nødvendig å gjere ein koordinert utviklingsinnsats slik at ein unngår spreidde bedriftsetableringar som kan ende i snarlege nedleggingar.
Etter tre års arbeid, kjem VAKN til å samle erfaringar og råd i den såkalla VAKN-modellen. Modellen skal fungere som eit verktøy for andre som arbeider med kultur og næring i distrikta. Prosjektet har også ambisjonar om å setje i gang forskings- og utgreiingsarbeid som støttar opp under måla deira.
Eit kommunalt aksjeselskap, VAKN AS, vart skipa våren 2011. Arbeidet deira byggjer på rapporten frå eit Bulyst-støtta forprosjekt i 2010. Sommaren 2013 tek generalforsamlinga i VAKN AS stilling til korleis aktiviteten i selskapet skal førast vidare når Bulyst-prosjektet VAKN blir avslutta i desember 2013.
Les om kontinuitet i kulturarbeidet på Eid.
Forankring
Grunnlaget for Bulyst-prosjektet VAKN blei lagt gjennom eit forprosjekt i 2010. Initiativet til hovudprosjektet kom frå Eid kommune, Eid vidaregåande skule, Malakoff Rockfestival, Nordfjord hotell, Opera Nordfjord og Nordfjordeid Næringshage. I tillegg var prosjektet tenkt å spele ei rolle for dei seks andre Nordfjord-kommunane. Forankringa i dei frivillige organisasjonane og private selskapa knytt til kultur og næring er sterk og levande. VAKN samarbeider tett med alle organisasjonane som tok initiativ til prosjektet. Prosjektet er godt forankra i Eid kommune.
Sjølv om Eid kommune til no har mangla ein kulturplan som omtalar kultur i snever tyding (kultur utan idrett), har kultur og næring vore omtalt i andre planar. I 2013 tek kommunen kultur inn i den nye samfunnsdelen i kommuneplanen. Som andre kommunar legg Eid til rette for kulturlivet og VAKN på praktiske måtar, t.d. gjennom å fylle tekniske behov knytt til kulturarrangement og nye bygg, og denne innsatsen er ein føresetnad for den positive utviklinga som har skjedd. Den kommunale delen av kulturlivet er også ei drivkraft gjennom tilsette i Operahuset og Kulturskulen.
Dårleg forarbeid
Hovudprosjektsøknaden la opp til at Eid-baserte VAKN òg skulle spele ei rolle overfor dei seks andre kommunane i Nordfjord (Stryn, Hornindal, Gloppen, Bremanger, Vågsøy og Selje). Rolla var ikkje tydeleg definert, og dette kan ha skapt grobotn for feilaktige forventningar og negative haldningar til VAKN. I søknaden heiter det at “Prosjektet er forankra i Nordfjordrådet og i de ulike vekstselskapa i kommunane i Nordfjord”. Denne forankringa viste seg altså å vere svak, og dei tilsette i VAKN måtte starte prosjektarbeidet med å reise rundt og forklare kva som eigentleg var føremålet med dette utviklingsarbeidet.
VAKN har seinare jobba godt med alle Nordfjord-kommunane, rydda unna mistydingar som at prosjektmidlane skulle delast likt mellom alle kommunane og fått kommunane til å greie ut om sine forventningar og ønske. Når det gjeld resultat av arbeidet i andre Nordfjord-kommunar så langt, har VAKN mellom anna arrangert næringsretta kurs i handverksbryggeri i Hornindal og bidrege til å starte opp ein ny festival i Vågsøy. Distriktssenteret meiner at forarbeidet med forankring var for dårleg. Dette har heilt klart hatt ein del negative følgjer for VAKN – særleg at det har teke unødvendig lang tid å kome i gang med kjerneaktiviteten.
Medverknad
VAKN er tydeleg opptekne av å gjere noko som ingen har gjort før dei, nemleg å vere ein katalysator for næring som byggjer på kultur. Dette er ein måte å styrke attraktiviteten til kommunen og regionen på. På grunn av det litt spesielle utgangspunktet for prosjektet, at dei skal få ting til å skje utan å vere dei som gjer det, skil arbeidsmåtane til VAKN seg frå arbeidsmåtane i ein del andre utviklingsprosjekt. I staden for brei involvering og mobilisering, må prosjektet satse på målretta involvering, dvs. ta på seg å vere ein aktør som koplar saman organisasjonar, miljø og personar som kan ha potensial for å skape noko nytt i kryssingspunktet mellom kultur og næring.
Målgruppa for prosjektet er brei i den forstand at VAKN jobbar med både private, frivillige og offentlege aktørar. Samstundes er prosjektet avgrensa til kulturbasert aktivitet, næringsverksemd og arrangement. VAKN har eit vidt nettverk som omfattar Nordfjordregionen, Sogn og Fjordane og til ei viss grad Søre Sunnmøre. Lokalt har VAKN eit velutvikla og levande nettverk, ikkje minst på grunn av at mange viktige aktørar er samlokaliserte i arbeidsfellesskapet «Kulturreiret» og Operahuset Nordfjord.
Den tette kontakten gir naturlege synergiar og skapar meir samarbeid. Sidan mars 2012 har det blitt arrangert 7 frukostar med fokus på nettverksbygging. Her kan aktørar som jobbar innan same felt møtast og bli betre kjende. Til dømes inviterte Veir media til kulturarbeidarfrukost på Nordfjord hotell i april 2013. Til liknande hestearbeidarfrukostar møttest om lag 20 personar som arbeider innan næringa i regionen. Systematisk nettverksarbeid gjennom å skape møteplassar har verka positivt på kulturmiljøet i Eid. Gjennom slike tiltak oppnår prosjektet både å involvere og mobilisere viktige målgrupper.
Organisering
Når det gjeld involvering gjennom organiseringa av prosjektet, har VAKN erfart at styringsgruppa burde ha vore breiare og inkludert andre aktørar enn Eid vidaregåande skule, Eid kommune og Nordfjordeid Næringshage AS. Representantane i styringsgruppa vart valde fordi dei sit i styret i VAKN AS. Prosjektet har inga referansegruppe. Undervegs i prosjektet har VAKN difor oppretta ad hoc-grupper med tematisk avgrensa mandat. Desse gruppene kompenserer delvis for manglande innlemming av målgruppene i prosjektstyringa.
Gjennomføringsevne
Prosjektet har heile tida hatt to medarbeidarar i full stilling, ein prosjektleiar og ein prosjektmedarbeidar. Dette reknar dei sjølve som ein avgjerande føresetnad for at prosjektet har vore vellukka. I det tredje prosjektåret tilset VAKN ein tredje person i 40 prosent stilling.
VAKN har etter kvart lagt stor vekt på å rettleie gründerar på kulturområdet. Dagens arbeidsdeling med kommunen og Nordfjord Vekst inneber at VAKN tek seg av førstelinetenesta for næringsrådgjeving på kulturområdet. I dette arbeidet har VAKN valt ei uvanleg aktiv og oppsøkjande arbeidsform der prosjektet ofte tek initiativ til samtalar med personar dei trur kan ha potensial for å bli etablerarar.
Samstundes har dei kontakt med eksisterande aktørar og blir oppsøkte av personar som ønskjer å få i gang noko. I 2012 hadde medarbeidarane i VAKN 63 rådgjevingssamtalar med personar som vurderte å starte nye verksemder i skjeringspunktet mellom kultur og næring, og dei opplever eit aukande trykk. Sagt med prosjektleiaren sine ord, ønskjer dei å vere ein rettleiar for «dei ufrivillig næringsdrivande». Med det siktar ho til personar som i hovudsak ønskjer å drive med sin kulturaktivitet, t.d. teater og musikk, og ikkje er like opptekne av budsjett og forretningsplanar.
Koplar andre saman
Prosjektet har òg gått inn for å kople saman aktørar som elles ikkje ville hatt kontakt med kvarandre. Der dei ser eit rom for ny næringsutvikling eller nye arrangement, legg VAKN til rette for kontakt mellom sentrale aktørar, gjerne også «usannsynlege» samarbeidspartnarar som ikkje har tenkt på kvarandre før. VAKN arbeider på sett og vis i skuggen av andre organisasjonar og arrangement for å få til meir aktivitet knytt til kultur og næring.
Involverar elevar
I VAKN er dei opptekne av koplinga mellom skule og næringsliv, og har innleidd eit nært samarbeid med Eid vidaregåande skule. Elevane er mellom anna aktivt med i planlegging og gjennomføring av konferansar slik at dei kan prøve ut det dei lærer i praksis. I etterkant utvekslar dei erfaringar.
Under arrangement på Operahuset Nordfjord (der skulen ligg) samarbeider elevar frå dei ulike studieretningane, allmenne og yrkesfaglege, om å fylle dei ulike funksjonane. VAKN opplever at dette skapar stoltheit hjå ungdom i Eid. Det oppstår dessutan levande møteplassar der alle kjenner seg velkomne og der ungdom og vaksne samarbeider på like fot.
Aktivitetar i 2012-13:
- Det er blitt oppretta tre ulike arrangørnettverk for store arrangørar og festivalar i regionen, med mål om kompetanseheving.
- Facebook-kurs
- Tilskotsportal-kurs
- Etablering av arbeidsfellesskapet “Kulturreiret”
- Arbeid med talentutvikling innan musikkproduksjon
- Rockskulen
- Profesjonalisering av fjordhestnæringa. Workshops og nettverksbygging.
- Arbeid med utvikling av ei “oppskrift” for kommunalt arbeid med kultur og næring i distrikta (VAKN-modellen)
Fylkeskommunen som utviklingsaktør
Sogn og Fjordane fylkeskommune er representert i VAKN med ein person (frå Eid vgs.) i styringsgruppa. Fylkeskommunen var ein av eigarane i forprosjektet til VAKN i 2010. Indirekte er fylkeskommunen også ein av eigarane i hovudprosjektet, ettersom Eid vidaregåande skule er med i partnarskapen som står bak prosjektet. VAKN har i hovudsak hatt kontakt med plan- og samfunnsavdelinga i fylkeskommunen og har delteke på kurs i prosessleiing og Cultural Planning i deira regi.
VAKN var ein sentral aktør i gjennomføringa av konferansen Vestlandsk Vidsyn i 2012, som er eit samarbeid mellom fylkeskommunane og Fylkesmannen i dei tre vestlandsfylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal.
Mellom to stolar
Prosjektet har opplevd utfordringar i kontakt med næringsapparatet i fylket, då dei fell mellom to stolar – kultur og næring, og ofte vert gløymt. Dei blei i starten ikkje oppfatta som ein del av næringsapparatet, og prosjektet hadde jo også eit vidare mandat enn berre kulturnæringsutvikling. Her kunne fylkeskommunen i større grad ha peika på VAKN som ein ressurs i staden for ein konkurrent.
Målformulering
- Utarbeide ein konkret modell for kulturbasert næringsutvikling – VAKN- modellen. Modellen skal skissere kva element som må vera til stades i oppbygginga av kulturbasert næring. Kva faktorar påverkar og stimulerer til kulturbasert utvikling, og kva behov, rolle og ansvar offentleg og privat næringsliv har for å samverke til slik utvikling. VAKN- modellen skal ta utgangspunkt i kulturbasert næringsutvikling i distriktskommunar og regionar. Modellen skal mellom anna skissere kritiske suksessfaktorar basert på erfaringar frå Nordfjord.
- Auke bulyst og næringsutvikling i Nordfjordregionen. Prosjektet har fått Telemarksforsking til å utarbeide ein rapport som samanliknar attraktivitet og næringsutvikling i Eid kommune med andre kommunar i Sogn og Fjordane, Seljord, Meldal og landssnittet. Dei vil følgje opp rapporten under prosjektet for å sjå korleis Eid kommune og regionen kring Eid utviklar seg på områda attraktivitet og næringsutvikling samanlikna med andre kommunar i Noreg.
- Hjelpe til ved etablering av 25-30 nye arbeidsplassar. VAKN har sett som mål å etablere 3 nye verksemder og 9 nye arbeidsplassar kvart år i den 3-årige prosjektperioden. Totalt 9 verksemder og 27 arbeidsplassar skal vere sjølvfinansierande når prosjektet blir avslutta.
Måloppnåing
Våren 2013 er prosjektet framleis i gjennomføringsfasen. Prosjektet skal avsluttast ved utgangen av 2013. Her kommenterer vi kor langt prosjektet har kome i arbeidet med dei tre hovudmåla.
- Utarbeide ein konkret modell for kulturbasert næringsutvikling – VAKN- modellen. Målet er å leggje fram den endelege VAKN-modellen hausten 2013. Prosjektet har oppretta ei ressursgruppe som skal arbeide med utviklinga av modellen. Tankegodset er i stor grad klart for prosjektmedarbeidarane, men ein del analyse- og skrivearbeid står att.
- Auke bulyst og næringsutvikling i Nordfjordregionen. I løpet av prosjektperioden har Telemarksforsking endra på tidlegare synspunkt om kultur og attraktivitet og kome med fleire rapportar om samanhengen mellom kultur og bulyst. VAKN har per mai 2013 ikkje konkludert med korleis dei skal ta dette vidare.
- Hjelpe til ved etablering av 25-30 nye arbeidsplassar. Sidan 2011 har VAKN tilbydd enkeltpersonar rådgjeving og hjelp med tanke på etablering av ny kulturaktivitet, kulturnæring eller kulturbasert næring. I 2012 var dei i kontakt med til saman 63 personar. Geografisk fordeler dei seg med om lag 2/3 frå Eid, resten frå Nordfjordregionen og ein frå Volda i nabofylket.
Rådgjeving, hjelp og støtte til kulturnæringsaktørar
Arrangement | 22 |
Organisasjon | 5 |
Bedrift | 34 |
Offentleg | 10 |
Kunstnar/ kunstnarhandverk11 | 11 |
Anna | 3 |
Nye ting | 30 |
Lagt på is | 4 |
På etablerarkurs | 9 |
Kan bli nye arbeidsplassar | 20 |
Utanfor VAKN (anna næring) | 5 |
Regionalt | 63 |
Kurs, konferansar og møte VAKN har delteke på eller arrangert
Samla tal i 2012 | 40 |
Deltakarar | 570 |
Kurs/ konf. med VAKN | 4 |
Kurs/ konf. med andre innleiarar | 10 |
Nettverksmøte | 9 |
Utviklingsmøte | 17 |
Eid kommune | 15 |
Annan kommune i Nordfjord | 3 |
Regionalt | 22 |
Tala frå 2012 viser at VAKN er på god veg til å bidra til etablering av nye arbeidsplassar knytt til kultur. Først ved avslutninga av prosjektet vil det bli klart om dei konkrete måltala er nådde.
Nyskaping
VAKN har heile tida hatt som mål å gjere noko ingen har gjort tidlegare. Dei innser samtidig at det er krevjande å drive nybrottsarbeid. I det siste prosjektåret utviklar dei ein modell som skal skissere kva element som må vere til stades i oppbygginga av kulturbasert næring. Den såkalla VAKN-modellen skal byggje på erfaringane frå Eid og vere til særleg nytte for distriktskommunar og regionar. Mange, ikkje berre i kommunen og regionen, har forventningar om at VAKN-modellen skal bli eit nyttig verktøy for kulturbasert utviklingsarbeid i distrikta.
Prinsippa dei jobbar etter i VAKN:
- Ikkje initiere noko som ikkje kan stå på eigne bein.
- Bruke “næringstilnærming” til alle prosjekt.
- Jobbar berre med dei som vil noko.
- Kulturarbeidsplass er ein arbeidsplass – like viktig om det er offentleg eller privat.
- Å utvikle det ein har, er like viktig som å skape nytt.
- Vise veg i eksisterande verkemiddelapparat framfor å skape nytt.
- Aktivt oppsøkje folk.
Prinsippa kan bli ein del av VAKN-modellen. Modellen skal knyte saman offentlege, private og frivillige aktørar og byggje bru mellom dei med ei næringstilnærming. Dei er framleis i analysefasen, men erfaringane dei har samla blir viktige.
VAKN er verkeleg ein nasjonal pilot. Det dei gjer, er med andre ord nyskapande og annleis. Prosjektet opplever òg å få mykje merksemd frå nasjonale aktørar. Dei er i god dialog med både Næringsdepartementet, Kulturdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. I samarbeid med dei tre departementa, arrangerte VAKN i april 2012 ein innspelskonferanse om kultur og næring i Operahuset Nordfjord.
Oppsummering
VAKN har store ambisjonar for kulturen og kulturbaserte næringar i sin eigen region og kommune og arbeider målretta og kreativt med utviklingsarbeid blant aktørane som finst i området. Dei har samtidig eit ønske om å spreie erfaringane og råda sine til regionar og kommunar over heile landet. Dei legg særleg vekt på å spele ei rolle for aktørar i distrikta fordi koplinga mellom kultur og næring framleis er ganske ny på lokalt og regionalt nivå og i tiltaksapparatet for gründerar.
VAKN er eit prosjekt som i uvanleg stor grad har potensial for å få ringverknader utanfor eigen kommune og region. Dersom tankegodset frå prosjektet får feste seg i Eid og Nordfjord, helst ved at prosjektet får ei robust vidareføring som forvaltar kompetansen ein har bygd opp til no, kan innsatsen få mykje å seie for samfunnsutvikling og omdømme både i Eid kommune og elles i Nordfjordregionen.
Læringsverdi
Prosjektet har bygd kunnskap om korleis kommunar i distriktet kan hjelpe kulturgründerar i møte med verkemiddelapparatet, då denne typen etablerarar oftare manglar kompetanse på kommersialisering og treng hjelp til litt andre ting enn tradisjonelle etablerarar i næringslivet. Distriktssenteret ser at denne kunnskapen er viktig fordi han så sjeldan er tilgjengeleg i kommunane.
Mange kulturaktørar opplever at dei fell mellom to stolar (dvs. kultur og næring) når dei prøver å etablere seg med ei verksemd i distriktskommunar. Få næringssjefar har innsikt i hybridane sine særeigne behov. Dersom dei når ut til mange med bodskapen sin, kan VAKN bidra til ei nødvendig utviding av horisonten til førstelinetenesta for næringsutvikling i mange distriktskommunar.
VAKN har spelt på lag med fleire sentrale aktørar i regionen. Dei har bidrege til å skape samarbeid og brukt dei aktørane og miljøa som finst lokalt og regionalt.
På eit organisatorisk nivå har arbeidet med VAKN vist kor viktig det er at nokon arbeider på heiltid med å gjennomføre eit prosjekt av denne typen. At VAKN har hatt to tilsette i full stilling, ein prosjektleiar og ein prosjektmedarbeidar, har vore ein stor fordel.
Mål og resultat
Dei tre hovudmåla i VAKN-prosjektet er å utarbeide ein modell for kulturbasert næringsutvikling, å hjelpe til ved etablering av 25-30 nye arbeidsplassar og å bidra til at Eid og andre stader i Nordfjord blir meir attraktive for innbyggjarar og tilflyttarar. Her vurderer vi resultata så langt.
VAKN-modellen er på god veg og skal leggjast fram i si endelege form hausten 2013. Rådgjeving med tanke på nye arbeidsplassar er ei teneste Distriktssenteret meiner VAKN har arbeidd grundig og godt med. Prosjektet har mellom anna gjort ei førebels teljing som tydar på at om lag 20 arbeidsplassar kan kome ut av innsatsen så langt. Det er for tidleg å slå fast om prosjektet har greidd å heve den generelle attraktiviteten i Eid og Nordfjordregionen. VAKN har planar om å følgje opp ein tidlegare attraktivitetsstudie utført av Telemarksforsking. Studien kan kome til å vise målbare effektar.
Ein kan alt no slå fast at VAKN har tilført kultursektoren og dei kulturbaserte arbeidsplassane i Eid og Nordfjordregionen ein viktig støttespelar som tilbyr nødvendig kompetanse og bidreg til å få i gang mange nye aktivitetar og samarbeid. At VAKN har bidrege til å opprette ein ny festival i Vågsøy er naturlegvis med på å gjere Vågsøy meir attraktiv for tilflytting og besøk. Arbeidsfellesskapet “Kulturreiret” tilbyr ein bit av byen for dei som vil prøve seg på bygda og skapar trivsel og samarbeid. Arbeidsfellesskapet er utan tvil ein attraktivitetsfaktor for dei unge tilbakeflyttarane i Veir Media, og kan bli viktig for fleire i same situasjon.
Alt VAKN bidreg til av samarbeid, som det mellom Eid vidaregåande skule, Gymmen scene og studio, Opera Nordfjord og Operahuset Nordfjord, er dessutan med på å styrke fleire viktige miljø. Etter at Operahuset Nordfjord blei bygd, har aktiviteten i kulturlivet på Eid blomstra. VAKN har vore der på eit viktig tidspunkt og arbeidd systematisk med å forsterke den positive utviklinga. Det er naturleg å tru at innsatsen deira har auka attraktiviteten i kommunen og til ei viss grad i regionen rundt.
Vegen vidare
VAKN var både eit Bulyst-prosjekt og eit kommunalt aksjeselskap (VAKN AS). Bulyst-prosjektet gjekk ut 2013. I september 2017 gjekk eit samla styre inn for å avvikle VAKN AS, då det blei klart at dei ikkje hadde midlar til vidare drift.