Buss på asfaltplass. Fjell i bakgrunnen. Foto.
Foto: Dan-Erik Aggvin, Distriktssenteret.

Alle vil bidra, men ingen veit korleis

Velkommen til norske distriktskommunars berekraftsdilemma.

Berekraft er stort! Som tema dekker berekraft eit stort område, det er aktuelt i etterkvart stadig fleire samanhengar, og ikkje minst er konsekvensen av å jobbe, eller ikkje jobbe, med berekraft svært store.

På internasjonalt nivå er arbeidet i gang. Eit tydeleg utrykk for dette arbeidet er Agenda 2030 og FNs Berekraftsmål: Ein arbeidsplan for berekraftig utvikling fordelt på 17 hovudmål og 169 delmål. Nasjonane, på toppnivå, er i alle fall samstemde i at dette er noko vi alle bør jobbe med. Inga lita bestilling frå det internasjonale samfunnet ned til – tja – til kven går denne bestillinga?

For det er altså ikkje på internasjonalt nivå du finn dei faktiske handlingane som til slutt skal resultere i at utviklinga går ei meir berekraftig lei. Handlingane som gjer at berekraftsmåla trer ut av sitt fargerike periodiske system, og inn i dagleglivet. Heldigvis er nasjonane tidvis smarte, og dei som styrer skjønar at dersom noko skal skje, så må det skje på bakken. Oppgåva med å gjere noko berekraftsarbeid hamnar dermed via ulike forvaltningsvegar på kommunane sin allereie innhaldsrike pult. Og som alltid: Kommunane tek utfordringa! Håpar vi.

Men berekraft er stort! Større enn at kommunen – forstått som politikarar og kommunalt tilsette – kan løyse utfordringa åleine. For å kunne arbeide med berekraft på ein meiningsfull måte, er kommunen nøydd til å ha med seg alle kommunens innbyggjarar.

Korleis blir «berekraft» forstått?

Dei siste par åra har vi i Distriktssenteret jobba mykje med spørsmålet om korleis berekraft blir forstått, og kva det betyr for norske distriktskommunar. Korleis forstår vi sjølve omgrepet berekraft, og korleis forstår innbyggarane i distriktskommunane det?

Vi har spurt ekspertar til råds, vi har sendt ut spørjeundersøkingar og ikkje minst har vi gjennom fokusgruppeintervju snakka godt og lenge med både innbyggjarar og tilsette i norske kommunar. Også fylkeskommunane har måtte tole eit besøk frå oss! Vi vil finne ut både korleis innbyggarar i distriktskommunar forstår omgrepet berekraft, og korleis distriktskommunar arbeider med temaet.

Etter å ha snakka med mange – både innbyggarar og tilsette i norske kommunar – er det i alle fall ein ting som er klart: Mange er på leit etter innhald til omgrepet berekraft. Ein annan ting kjem også fram i våre samtalar med folk i kommunane: Spørsmålet om berekraft er også eit spørsmål om verdiar, og om kva slags liv vi kan leve eller tillata oss å leve.

Det ser difor ut til at det berre er å brette opp erma, og i lag med innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og frivilligheit gå i gang med å prøve å svare på det evige spørsmålet: Kven er vi?

Når ein skal prøve å svare på dette, går ein samstundes i gang med å sette oppe ei ramme som kommunen kan forstå omgrepet berekraft innanfor. Det finst nemleg fleire forståingar av berekraft der ute.

Det er mange farar som lurer når ein skal prøve å seie noko om sånt som er svært stort. Ein av desse er faren for at alt blir tolka inn –  i denne samanhengen –  i omgrepet berekraft. Dersom det skjer, så misser omgrepet mykje av meininga, og moglegheita til å bruka berekraft som eit rammeverk for korleis vi kan skape oss gode liv glipp mellom hendene våre.

Brødskiver eller høge smørbrød?

Det er fleire måtar å forstå berekraft på. Forskarane Groven og Aall (2020) syner til to ulike måtar å innrette korleis vi tolkar omgrepet berekraft. Den eine måten kallar dei «brei og flat», den andre «smal og spiss». Desse to innretningane kan forklara ulike spenningar og paradoks som kan dukke opp i arbeidet med berekraftig utvikling.

I den breie og flate tolkinga, handlar det eigentleg om at ingen kan bli 100% berekraftige isolert sett, men alle kan prøve å gjere sitt for å leve meir berekraftig. Alle bekkar små blir til ei stor og berekraftig å. Tenk: Folk lever stort sett som før, men dei kan til dømes halde seg til meir berekraftige produkt og vanar (for eksempel papp i staden for plast, el-bil i staden for fossil, solceller på taket, handle på nærbutikken i staden for på nett). Denne måten å tenke om berekraft på er berekraft «for folk flest», og det aller meste kan på ein eller anna måte vere berekraftig, enten det handlar om kultur, økonomi, det sosiale, miljømessige eller andre ting. Den breie og flate måten å tenke berekraft på søker konsensus som ein måte å drive samfunnet i ei meir berekraftig retning.

Den smale og spisse måten å forstå berekraft framstår som langt meir radikal. Der den breie og flate tolkinga ser på berekraft som eit pålegg du kan smøre utover, til generell glede heile brødskiva di, er den smale og spisse tolkinga meir som eit høgt smørbrød der berekrafta er å finne i toppen av pålegget. Brødet som er i botnen av smørbrødet vil ikkje ein gang bli tilgjengeleg for oss dersom vi ikkje først sørger for å prioritere og verne om det flotte pålegget i toppen av smørbrødet.

I den smale tolkinga av berekraft, så er det slett ikkje alt som kan forståast som berekraftig. Men dersom vi ikkje prioriterer det som faktisk er berekraftig, så vil alt gå i feil retning. Dersom vi ikkje endrar åtferd, og legg om vanane våre slik at biosfæren sine økologiske tolegrenser blir verna om, vel, då hjelper det ikkje kor mange solceller og bambusbestikk kommunen har kjøpt inn. Tenk heller på den klassiske femsiders reportasjen i Dagens Næringsliv segnomsuste fredagsbilag D2 om paret i 30-åra som har forlate «storbyen» (Oslo) til fordel for eit liv i pakt med naturen på eit aude småbruk i Valdres.

Der berekraft i den breie og flate forståelsen framstår som noko for «folk flest», kan berekraft i den smale og spisse forståelsen framstå  meir som eit eliteprosjekt. Kampar må takast, grunnleggande levemåtar må endrast og nokon må skjere gjennom. Den smale og spisse måten å tenka berekraft på søker seg mot potensielle konflikter som ein måte å drive samfunnet i ei meir berekraftig lei. Det kostar litt å snu den globale skuta, men du må knekke eit par egg dersom du vil lage berekraftig omelett.

Kvar på ein skala frå flat/brei til smal/spiss skal ein legge seg når ein som kommune ønskjer å ta tak i berekraft og finne ut av kva det betyr? For kommunen?

Dilemma og interessemotetnignar

Som kommune kan det verke avskrekkande å gå for langt i retning av ei smal og spiss innretning av berekraftsarbeidet. Det kan til dømes innebere at ein må legge seg på ei streng linje med omsyn til hyttebygging og ulike typar nyetableringar. Det skal ikkje så mykje til å sjå at visse typar hyttebygging medfører for store inngrep i natur, og åtferda som er knytt til desse hyttene (boblebad på terrassen, 3 bad, alt for mange soverom, alt for høg standard) ikkje umiddelbart er korkje klimavenleg eller berekraftig på sikt. Men om ein skal skjere gjennom og sette foten ned for dette, så må ein samstundes vinke farvel til moglegheiter som dei fleste kommunar gjerne vil ha: bedriftsetablering, skatteinngang, «remote work» osv. Det er slik sett ikkje overraskande at lokale næringsinteresser lenge har hatt ei sterk stilling når det gjeld å definere innhaldet i lokalt miljøvern og lokalt berekraftsarbeid i utkantkommunane (Groven og Aall 2020).

Her ligg altså ei kime til konflikt og interessemotsetting. Noko av det vi fann i våre samtalar med kommunane, er at mellom anna lukka nettverk og det at nokre få interesser får dominere, bidreg til å hemme arbeidet med berekraft. Å gi næringsinteresser «fritt leide» til å til dømes bygge ut store hyttefelt, kan framstå som noko prega av lukka nettverk og at få interesser dominerer. Samstundes er det slik at fråflytting og mangel på kompetent arbeidskraft også bidreg til å hemme arbeidet med berekraftig utvikling. Utbygging av hyttefelt kan bidra til både ytterlegare næringsetablering, kompetansebygging og tilflytting. Dette viser litt av dilemmaet som kommunane står i. Då ser vi tydelegare at berekraft ikkje berre handlar om klima og miljø.

Innbyggjarane ønskjer å bidra

Korleis kan kommunane på best vis forlike slike motsetningar? Det er på tide å sjå litt på kva som fremmar arbeid med berekraft. Heldigvis for distriktskommunane nokre gode kort på hand. Mindre kommunar har nemleg noko vi kan kalle for smådriftsfordelar, slik som til dømes korte beslutningsvegar, og kort veg mellom folk. Denne korte vegen er igjen eit godt utgangspunkt for god samhandling og tillitsfull samskaping, mellom folk og instansar som gjerne kjenner kvarandre frå før. Med dette som utgangspunkt vert det enklare å kome i gang med langsiktig planlegging der ein legg ned ein god involveringsjobb der både kommune, innbyggjarar, frivilligheit og næringsliv får moglegheit til å la sine stemmer bli høyrde.

I tillegg har kommunane ein ekstra fordel i at mange har faktisk har lyst til å bidra. Då vi starta arbeidet med å undersøke korleis innbyggjarane i distriktskommunar forstår berekraft, og korleis kommunen arbeider med berekraft, så hadde vi ei hypotese om at sjølve omgrepet berekraft skapar mostand i folk, og at det ikkje får støtte. Dette viste seg å ikkje stemme.

I spørjeundersøkinga vår svarar 65% seier at dei har lyst til å gjere ein innsats, vel å merke når dei vert involvert og høyrt i sitt eige lokalsamfunn. Samstundes er det slik at mange er på leit etter korleis dei skal forstå «berekraft». Om ein slår saman desse to, så får du ein bra å plass å starte.

I fokusgruppeintervjua våre kom det fram at innbyggjarane etterspør å få reflektere rundt berekraft, og å få tenka høgt om verdiar saman. Å utvikle felles kunnskap og forståing for kva berekraft er for noko, er ein kontinuerleg prosess som kommunane bør legge vekt på.

For å arbeide godt med berekraftig utvikling, skjønt mange kommunar er allereie godt i gang, bør kommunen involvere heile kommunen. Dette i eit arbeid som både kan streke opp rammene for korleis ein skal forstå berekraft, og sleppe til alle stemmer i langsiktig og heilskapleg planlegging av korleis ein skal jobbe med berekraft i lokalsamfunnet.