Fagområde: Bolig og bomiljø

Prøvebu-ordninga i Skjåk kommune

Kan ei prøvebu-ordning gjere det enklare å flytte til bygda? Ja, meiner Skjåk kommune som ser gode resultat av si leige til eige-satsing.

En kvinne står på en veranda, smiler til kamera og holder et par nøkler i hånda

Prosjektleiar Tea Karoline Mork er godt nøgd med at 9 nye innbyggjarar har flytta inn i prøvebuhusa i Skjåk kommune.

Prøvebustader og tilflyttartenester

Skjåk kommune og næringslivet i Skjåk har, som mange andre, behov for arbeidskraft og fleire innbyggjarar. Over tid har kommunen og næringslivet erfart at tilgangen på eigna bustader er eit reelt hinder for rekruttering og busetting. Tea Karoline Mork har jobba med tilflytting og oppfølging av prøvebu-ordninga til Skjåk kommune sidan hausten 2023. Ho har sjølv vore fortvila «bustadjaktar» i heimkommunen.

«Til sist las eg alle dødsannonsene, som mogeleg inngang for å finne meg ein stad å bu. Slik kan det ikkje vera»

– Tea Karoline Mork, prosjektleiar i Sats på Skjåk

Tar imot nye innbyggjarar med opne armar

Skjåk gjorde eit vedtak om å etablere ei prøvebu-ordning i 2021. Ordninga er basert på «leige-til-eige», og skal gjere det enklare å skaffe arbeidskraft og kome flyttande til kommunen. No står fire prøvebustader klare, og kommunen har fått 9 nye innbyggjarar. I Skjåk har det vore tradisjon for å byggje og eige sin eigen bustad, men vi har mangla gode mellomløysingar, seier ordførar i Skjåk kommune, Edel Kveen.

For Skjåk er prøvebustadane og prøvebu-ordninga eit prioritert tiltak, og eit viktig steg mot eit meir variert bustadtilbod. Å kunne tilby gode bustader, saman med interessante jobbar og gode tenester vil vera ein sentral del av næringslivets og små kommunars rekrutterings- og busettingsstrategi framover, meiner Kveen.

Kollasj av 4 bilder. Et dronebilde av et hus og interiørbilder av møblert stue, kjøkken og sofakrok

Skjåk kommune kunne ikkje seie nei då ein familie varsla flytting, og ville flytte rett inn i visningsleilegheita

I 2023 stod dei fire nye bustadane klare. Alle øyremerka til prøvebu. Kommunen tilsette også prosjektleiar med ansvar for å følgje opp prøvebu og anna bustadsatsing, og kople dette til andre inkluderings- og tilflyttartiltak. Til dette har Skjåk kommune fått tilskot frå Husbanken, frå ordninga Boligtiltak i distriktene.

Meir om prøvebustadane og ordninga
I «prøvehusa» har dei nye innbyggjarane  funne seg godt til rette, i eit etablert buområde i kommunesenteret Bismo. Bustadane er sett opp som to stk. 2-mannsbustader på to kommunale resttomter. Einingane er over to etasjar, kvar på ca 57m2, og inneheld 3 soverom, to bad, kjøken og stove i eitt, og stor veranda. Kjøkenet er utstyrt med kvitevarer. Det er lagt til rette for livsløpstandard, med innsetting av heis. Alle bustadane har kvar si utebod og parkeringsplass like ved. Byggekostnaden pr. bustad kom på omlag 4,7 millionar, der finansieringa er gjort gjennom kommunale midlar over disposisjonsfond. Her kan dei nye innbyggjarane prøvebu i inntil tre år. Dersom dei vil gå frå å leige til å eige bustaden, kan dei gjere det etter eitt års prøvebu.

Retningslinjer for rekrutterings- og prøvebustader

 

Framleis behov for fleire og varierte tilbod

Få månader etter at tilbodet blei lansert, blei alle dei fire bustadene utleigde. “Vi hadde tenkt å bruke den eine bustaden til visnings- og korttidsleige, men kunne sjølvsagt ikkje seie nei då ein familie varsla flytting, viss dei kunne bu i visningsleilegheita», seier prosjektleiar for Sats på Skjåk, Tea Karoline Mork. Det er framleis behov for fleire og meir varierte tilbod, bl.a mindre einingar og bustader for kortare leigeperiodar. Kartlegging av eksisterande tomme bustader som rekrutteringsbustader er difor høgt på dagsorden for prosjektleiaren.

Gode utleigebustader – viktig del av tilbodet

Bustadsituasjonen, blant anna tilgangen til gode utleigebustader og overgangsbustader er ei generell utfordring i distrikts-Noreg. På mindre stader finst det sjeldan profesjonelle utleigeaktørar, og det private tilbodet er ofte lite, med varierande kvalitet. Det same gjeld for kommunale utleigebustader. Desse vert i hovudsak prioriterte til andre føremål, no særleg til flyktningar. Fleire kommunar ser difor behov for å vidareutvikle tilboda, og prioritere prøvebu- og rekrutteringsbustader.

Kommunar erfarer at gode utleigetilbod også blir etterspurt blant eldre. Dei fleste ønskjer å bli buande i dagens bustad. Om denne ikkje lenger er eigna, kan ein god leigebustad vere eit alternativ til kjøp av anna bustad. For nokre handlar dette om eit økonomisk reknestykke, med gap mellom kva ein kan rekne å få att for dagens hus og kva det kostar å kjøpe nytt. For andre handlar det om å sleppe ansvaret som følgjer med å eige sjølv.

Gode utleigebustader, rekrutterings- og prøvebustader blir i nokre kommunar jobba fram gjennom offentleg-private samarbeid. I andre, som i Skjåk, er kommunen sjølv ein aktiv aktør. For Skjåk har dette vore eit rett grep, meiner ordførar Edel Kveen. Det handlar om å få fram bustadtilbod som privatmarknaden so langt ikkje har klart å skaffe fram. Samstundes erfarer kommunen at tiltaket har gitt positiv interesse blant private aktørar, som igjen kan gje grunnlag for fleire tilbod framover.

Faksimile fra nettsted.

Faksimile fra sjak.no, hvor du kan bli kjent med noen av de nye innbyggerne

Kultur og ordningar for god inkludering

Sjølv om utvikling av fleire bustader og prøvebu-tilbod er kjernen, handlar ordninga i Skjåk om meir enn det. Målet er å utvikle eit heilskapleg tilbod og ei teneste som støttar oppunder tilflytting og inkludering. So langt inneheld tilbodet prøvebu og hjelp til å finne eigna bustad, tilbod om kontorplass i moderne kontorfellesskap, garanti for barnehageplass, og andre gunstige ordningar særskilt for Skjåk.

Kommuneplanen sler fast at det for Skjåk er viktig å “ta imot nye innbyggjarar med opne armar, og ha trivselsskapande og integrerande tiltak som gjer at nye innbyggjarar finn seg til rette i bygda”. Ein viktig del av prosjektet Sats på Skjåk er difor å kople kommunen, næringslivet og frivilligheita tettare saman om felles mål og tiltak.

Vidare jobbar kommunen med å etablere ei fadder-ordning av frivillige, som ønskjer å ta eit ekstra ansvar som “innbyggjar-vert» overfor nye innbyggjarar. “Vi veit at det å motivere folk til å flytte, og legge til rette for at fleire blir buande over tid, handlar om meir enn tilgang til eigna bustader. Ikkje minst handlar det om å ta godt imot dei som kjem, at folk kjenner seg velkomne, får god informasjon om kva som skjer, blir inviterte inn på ulike sosiale arenaer, og inkluderte i smått og stort”, seier Tea Mork.

Fakta om Prøvebu-ordninga i Skjåk

  • Ordninga rettar seg mot personar som ikkje bur i Skjåk, men som tenkjer å busetje seg og arbeide her.
  • Det er eit vilkår at personar har fått fast jobb, har mellombels tilsetting meir enn 1 år, kan ta med jobben sin, eller er sjølvstendig næringsdrivande.
  • Hovudmålgruppa for ordninga er personar i alderen 25-45 år, lærlingar og husstandar med fleire medlemmer.
  • Personar med folkeregistrert adresse i Skjåk kan også søke, men må da som hovudregel kunne dokumentere arbeid/studiar utanfor Skjåk i minst 2 år.
  • Personar som fell innunder ordninga kan leige bustaden i inntil 3 år, med ein leigepris for kr. 10.000 pr. månad. Husleiga kan regulerast årleg, eller ved inngåing av ny kontrakt. I tillegg kjem utgifter til straum, renovasjon og kommunale avgifter. Etter tre år går leigekontrakten ut.
  • Leigetakar kan etter eit, to eller tre år løyse inn kjøpekontrakt. Kjøpar må då bli buande i bustaden og arbeide i Skjåk i minst 2 år etter kjøpetidspunktet. Om kjøpar flyttar frå Skjåk og sel/leiger ut bustaden før 2 år er gått, vil som hovudregel 50% av leige frå leigeperioden krevjast tilbakebetalt til Skjåk kommune.
  • Kjøpspris blir fastsett som takst minus 50% av leigeutgifter frå leigeperioden. Takst skal fastsettast som gjennomsnittleg takstverdi av bustaden, frå to uavhengige takstselskap.