Norddal kommune – Møre og Romsdal

Frå industriområde til helse, velvere og turistpark. Berre fin natur eller kombinert med ulike aktivitetar? Norddalingane diskuterer kva signal dei skal sende ut til omverda.

Om sommaren blir Vekas tur arrangert til ulike turmål i kommunen. Her er utsikten frå Framgardssetra (652 moh) i Eidsdal mot Valldal og Valldalsfjella. Kommunesenteret ligg ved sjøen midt på biletet. Det er fleire gardar (400-500 moh) som er i aktiv drift. (Foto: Kristi Linge Stakkestad)

Om sommaren blir Vekas tur arrangert til ulike turmål i kommunen. Her er utsikten frå Framgardssetra (652 moh) i Eidsdal mot Valldal og Valldalsfjella. Kommunesenteret ligg ved sjøen midt på biletet. Det er fleire gardar (400-500 moh) som er i aktiv drift. (Foto: Kristi Linge Stakkestad)

Norddal kommune kallar seg ”ein verdsarvkommune”, men det er eit omgrep som er under endring etter at dei no involverer innbyggjarane for å gå grundigare inn i omdømearbeidet.

Utfordringane

Med jordbær som symbol i kommunevåpenet, signaliserer norddalingane at dei er stolte over mildt klima, vill og vakker natur, men det er ikkje lenger nok, i følgje ordførar Bjørn Inge Ruset.
– Kommunen har eit stort potensiale på fleire område; helse, reiseliv, natur, landbruk og verdsarv, men då er vi avhengig av å kombinere kompetanse og pengar, i tillegg til den rette innretninga på privat og offentleg samarbeid, seier han. Han er ikkje tilhengar av å bruke mykje tid på å skrive søknader for å få prosjekt som ikkje gir konkrete og synlege resultat.

Ikkje ulikt mange andre distriktskommunar, slit også Norddal med nedgang i folketalet. I perioden 1992 – 2002 var nedgangen 5,2 prosent. I perioden 2002 – 2012 heile 8,8 prosent. Men ordføraren er optimist. – Nyleg opplevde vi til og med kamp om tomteareal til bustadhus. Det ser vi på som positive signal om at det er fleire som finn det attraktivt å busetje seg i kommunen.

Løysingane

Han trekkjer fram bygdemobilseringa Happy End i Norddal som gjer det godt, utan at kommunen involverer seg for mykje. – Kommunen vil ikkje hindre det lokale engasjementet ved å ta styringa. Vi koplar oss inn dersom det er nødvendig, seier han og syner til at kommunen kjøpte prestegardstunet i bygda Norddal og ga eigendomen kostnadsfritt til stiftinga Paktarstova, slik at han kunne nyttast til mellom anna gjennomgangsbustad. – Ein miks av kompetanse og pengar, privat og offentleg er best, seier ordførar Bjørn Inge Ruset.

Etter ein inspirasjonstur til Sveits ser han mange mulegheiter for sin eigen kommune, men det er viktig å halde fokus over tid, ikkje hoppe på og av ulike prosjekt. Han er glad for at Småkommuneprogrammet arbeider i eit femårs-perspektiv.
Kommunane Nordal og Stordal har i dag samarbeid innan dei tekniske tenestene på grunn av for små ressursar i kvar enkelt kommune.

Kompetansesenter for distriktsutvikling meiner

– Det vil vere viktig for kommunen å få stimulert samfunns- og næringsutviklinga, slik at aktørane i større grad står samla. Mange jobbar kvar for seg og samfunnsutviklingsarbeidet blir også påverka  av bygdestrid og at fjorden splittar. Utviklingsarbeidet i Norddal må byggast på den positive utviklingskulturen prega av stor openheit til nye idéar og innovativ tenking. Samhandling mellom aktørar på tvers av fjord og bygder og evnen til å gripe mulighetene som byr seg, vil vere avgjerande for utviklinga i Norddal, seier Marianne Solbakken i Kompetansesenter for distriktsutvikling.

Les statusvurderingen fra Norddal.