Fagområde: Omdømme Tilflytting

Auka busetjing i Norddal

Prosjekt som mellom anna har som mål å få sesongarbeidarar til å busetje seg fast i Norddal kommune.

I Norddal kan tre prosjekt trekkjest fram som har hatt som mål å auke busetnaden i kommunen:

Hausten 2006 fekk kommunen tildelt midlar frå landbruks- og matdepartementet til å gjere ei kartlegging av kva som skal til for at fleire av gjestearbeiderane som kvar sommar kjem til Norddal Kommune skal kunne busette seg i kommunen.

I 2008 såg kommunen på tiltak for å styrke omdømme, skaffe rekruttering til kompetansearbeidsplassar og kompetanseheving internt.

2009 – 2012 drev kommunen omdømmearbeid og døropnarteneste som hjelper tilflyttarar med å finne bustad, jobb og fritidsaktivitetar. Hovudmålet med prosjektet er ei positiv folketalsutvikling i Norddal kommune gjennom å få folk som flyttar til kommunen og dei som bur der til å bli verande fordi dei trivst.

Aktivitetar

  • Arrangement utanfor kommunen
  • Arrangement for å stimulere bortebuarar til å flytte heim
  • Brev til potensielle tilflyttarar
  • Annonsering i media
  • Eigen nettstad
  • Brosjyrar og liknande
  • Tilrettelagt bustader for tilflyttarar
  • Delteke på utstillingar/stand
  • Kampanje for å skaffe arbeidskraft/synliggjere jobbmogelegheiter
  • Vertskapsordning
  • Integreringstiltak for tilflyttarar
  • Undersøkt gjennom intervju med utanlandske gjestearbeidarar om kva som skulle til for at dei skulle flytte hit permanent

Viktigaste salsargument:

  • Livskvalitet
  • Godt oppvekstmiljø
  • Friluftsliv

Samarbeidspartnarar

  • Grende-/bygdelag
  • Næringslivet

Hovedmål

Auke busetnaden i kommunen.

Målgrupper

  • Høgt utdanna arbeidskraft/arbeidskraft med spesifikk kompetanse
  • Arbeidskraft generelt
  • Barnefamiliar
  • Potensielle tilbakeflyttarar ivsstilsflyttarar frå utlandet
  • Utanlandske gjestearbeidarar som er i kommunen kvar sommar for å plukke frukt og bær

Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner

Auka bosetjing i Norddal er presantert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket inngår som ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av eit større prosjekt ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.