Nasjonalt breibandråd

Nasjonalt breibandråd er fylkeskommunane sitt organ for å vere pådrivar for breibandutbygging i område som ikkje er kommersielt utbyggbare.

Nasjonalt breibandråd er eit fagleg administrativt organ, og skal koordinere og fremme synspunkt frå alle fylkeskommunar knytt til breibandutbygging. Rådet skal fungere som pådrivar og dialogpartner overfor relevante departement og aktuelle utbyggarar. Rådet skal også bidra til informasjonsformidling, erfarings-utveksling og læring mellom fylkeskommunane og eventuelt mellom desse og andre interessentar.

Rådet kan ta initiativ til utgreiingar og kunnskapsutvikling innanfor aktuelle problemstillingar knytt til utbygging og bruk av breiband. Arbeidet skal knytast til fylkeskommunane sin rolle som regional utviklingsaktør.

Nasjonalt Breibandråd gjennomfører dialogmøter, særleg  med departementa, men også med andre etter behov. Rådet arrangerer konferansar og seminar etter behov, og leverer uttalar til aktuelle breibandspørsmål.

Organisering

Alle fylkeskommunar kan vere medlem av rådet. Kvar fylkeskommune er ansvarleg for deltakinga, men kan også vere representert av andre med særleg interesse og ansvar for breibandutbygging i sitt område, td. eit regionråd. Pr. 1. jan 2014 er alle fylkeskommunar med unntak av Vestfold, Østfold, Oslo og Akershus medlemmar. I tillegg er KS medlem og Distriktssenteret har observatørstatus.

Arbeidet i rådet blir organisert gjennom eit vald arbeidsutval med representantar som gir god geografisk dekning:

  • Ein representant for Nord-Norge
  • Ein representant for Midt-Norge
  • Ein representant for Vestlandet (Rogaland til M&R)
  • Ein representant for Sør-Austlandet (Agder + BTV)
  • Ein representant for Austlandet
  • Ein representant for KS
  • Distriktssenteret har ein observatør

Den regionale representanten har ansvar for å informere og koordinere i sin region. Ein Vararepresentant blir vald for kvar deltakarar i arbeidsutvalet.