Hjartdal kommune – Telemark

Milliardsatsing i bygdesamfunn. Korleis kan lokalsamfunn dra nytte av utbyggingar i milliardklassen?

Dyktige og kompetente medarbeidarar i det kommunale apparatet er svært viktig for livskvaliteten for innbyggjarane. Ingen tvil om at det er god kontakt mellom bebuar og tilsett på sjukeheimen i Hjartdal. (Foto: Gunn Ragnhild Paulsen)

Dyktige medarbeidarar i det kommunale apparatet er svært viktig for livskvaliteten for innbyggjarane. Her frå sjukeheimen i Hjartdal. (Foto: Gunn Ragnhild Paulsen)

Kommunen består av tre bygder: Tuddal, Hjartdal og Sauland – som også er det administrative sentrumet i kommunen.

Utfordringane

Det er to store utbyggingar i milliardklassen under planlegging i kommunen: ny tunnell på E134 og ei større kraftutbygging. Knappe ressursar gjer det utfordrande å skape best mogleg lokalsamfunnseffekt av desse tiltaka.

– Dette saman med faste driftsoppgåver gjer det vanskeleg å følgje opp dei politiske og administrative ambisjonane på utviklingsarbeid, seier rådmann Rune Engehult.

Løysingane

Det vert jobba med ein tydeleg raud tråd i plan- og styringssystemet til kommunen. I tillegg er det oppretta ei eiga avdeling som skal jobbe med samfunnsutvikling. Kommunen har på plass nokre avtalar og planar for bruk av til dømes overskotsmassar frå utbygginga. Det gjeld mellom anna heving av eit byggeområde som i dag ligg flaumutsett til, samt planar for gang- og sykkelveg.

– Som ein stor hyttekommune opplever Hjartdal også behov for betre grunneigarkontakt med omsyn til mellom anna å leggje til rette for løypetrasear. Hjartdal ønskjer å nytte Småkommuneprogrammet til å styrke kompetansen hjå eigne tilsette. Dette kan også gjelde næringsdrivande og grunneigarar i kommunen. Det er vidare ønskje om å jobbe med samhandling med og i næringslivet. Frikjøp av eigne tilsette kan også vere eit tiltak for prosjektleiing, i tillegg til utarbeiding av planar til næring og busetnad, seier rådmann Engehult.

Distriktssenteret meiner

– Hjartdal jobbar systematisk og godt med sine forvaltningsoppgåver. Kommunen har stor hyttebygging og behov for avklaringar i høve løypetrasear, samstundes som store utbyggingar opnar for nye tiltak. Det er difor eit godt høve til å vere meir proaktive i tilretteleggingsarbeidet, seier rådgivar ved Distriktssenteret, Geir Lyngaas.

– Frikjøp av eigne tilsette som har støtte fra gode nettverk med lokalkunnskap kan vere eit godt grep. Det kan bidra til at kommunen og andre lokalsamfunnaktører styrker samspillet for å utnytte handlingsrommet som blir skapt av aktivitetane, avsluttar Lyngaas.

Les statusvurderingen fra Hjartdal.