Fyresdal består av fleire små grender, med eit kommunalt sentrum, Moland, i nordenden av Fyresvatn. Kommunen ligg heilt vest i Telemark, og er ein av dei største i Telemark i areal, men minst i folketal.
Utfordringane
Dei største utfordringane til Fyresdal er at kommunen ligg relativt isolert til og har dårleg tilgang til andre større arbeidsmarknader. Det er ei utfordring å oppretthalde folketalet. Tilflyttarane har høge krav til bumiljø, nærmiljøanlegg og møteplassar. Potensielle tilbakeflyttarar vil og ha nærleik til kulturtilbod og gode treningstilhøve.
Løysingar
– Ein liten kommuneadministrasjon gjer at det er behov for å ha fokus på dei utviklingsoppgåvene som er starta, seier næringssjef Edvard Nesland.
– Fyresdal deltek i Bulyst-satsinga. Vi har mange gode og spennande tiltak som er i gang, og som skal gjennomførast. Det er oppretta ei rekkje prosjekt med hovud- og delprosjektleiarar for gjennomføring av tiltak som til dømes «Aktiv i Fyresdal», integrering, ungdomsprosjekt, nærmiljøanlegg, tettstadutvikling og attraktive bumiljø, held Nesland fram.
– Heilt konkret har dette og resultert i at kommunen no kjøper bustader til utleige for å gjere det lettare for tilflyttarar å busetje seg her. Men det er like viktig å hjelpe til med å finne ein interessant arbeidsplass i Fyresdal eller i ein av grannekommunane, seier Nesland. Kommunen legg stor vekt på at småkommuneprogrammet må koplast på det som skjer for å bidra til å styrke dette, avsluttar Nesland.
Distriktssenteret meiner
– Småkommuneprogrammet må ta omsyn til kommunane sine knappe ressursar jamfør krav til rapportering og deltaking i nettverk. Det vil vere uheldig om kommunale utviklingsressursar vert bundne opp. Eventuelle nettverk bør løysast i samband med andre arenaer, eller vere sterkt prega av arbeidsnettverk der ein kan kombinere arbeid- og oppgåveløysing med læring, seier rådgivar ved Distriktssenteret, Geir Lyngaas.
Lyngaas meiner Fyresdal jobbar godt med prosjekt som alt er starta. Desse krev med rette, store ressursar av ein liten administrasjon. Ei mogleg løysing kan vere at Fyresdal definerer kva Småkommuneprogrammet skal levere av resultat som er ulike eller som styrkar pågåande prosjekt.