Fagområde: Tilflytting

Vi snur vinden – fleire folk til Vest-Telemark

Prosjektet som skal auke attraksjonskrafta til Vest-Telemark.

Prosjektet hadde som mål å marknadsføre regionen overfor potensielle tilflyttarar som ein lekk i arbeidet for å auke attraksjonskrafta til Vest-Telemark. I siste del av prosjektet var fokus retta mot oppfylging av tilflyttarar og det regionale prøvebustadprosjektet. Prosjektet retta seg mot 1000 personar med mål om å få 50 nye familiar til Telemark. Om lag 25 familiar har flytta til Vest-Telemark med hjelp frå prosjektet.

Prosjektet har i tillegg kontakt med om lag 50 familiar som er interesserte i småbruk. Videre har prosjektet kontakt med om lag 40 familiar som er potensielle tilflyttarar generelt, og prosjektet har hjelpt om lag 15 familiar som allereie er busette i regionen med spørsmål om praktisk etablering som til dømes jobb og bustad. Vidare har prosjektet opparbeida ein portefølje på om lag 300 interessentar.

Prøvebustadprosjektet hadde som mål å senke terskelen for unge som vurderer å flytte frå byen for å etablere seg på bygda. Prøvebustadane skal vere kommunalt eigde, og skal kunne leigast i 1-2 år. Bustandene skal vere moderne og bygde i nærleik til sentrale institusjonar som skule, barnehage, grendehus og butikk. Nettside: www.vest-telemark.no.

Aktivitetar

  • Arrangement utanfor kommunen for å rekruttere folk
  • Arrangement i kommunen for å stimulere bortebuarar til å flytte heim
  • Brev til potensielle tilflyttarar
  • Annonsering i media
  • Eigen nettstad
  • Brosjyrar og liknande
  • Tilrettelagt bustadar for tilflyttarar
  • Deltaking på utstilling/stand
  • Kampanje for å synliggjere regionen som busetjing og samarbeid med næringsliv og/eller frivillige organisasjonar

Viktigste salgsargumenter

  • Livskvalitet
  • Godt oppvekstmiljø
  • Gode tenestetilbod

Samarbeidspartnere

  • Grende-/bygdelag
  • Telemark Fylkeskommune
  • Fylkesmannen i Telemark
  • Regionrådet for Vest- Telemark, Vest- Telemarkrådet
  • Næringslivet

Hovedmål

Auke attraksjonskrafta til Vest-Telemark.

Målgrupper

  • Frivillige lag og organisasjonar
  • Barnefamiliar
  • Potensielle tilbakeflyttarar
  • Flyttarar frå storbyar
  • Hyttefolk

Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner

Vi snur vinden – fleire folk til Vest-Telemark er presentert med grunnleggende informasjon uten vurdering fra Distriktssenteret. Tiltaket inngår som en del av «Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene». Katalogen er en del av et større prosjekt «Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner», som Ideas2evidence og Norut gjennomfører på oppdrag fra Distriktssenteret.