– Vi er små og sårbare på alle måtar. Vi har liten planleggingskapasitet, men det hjelper at vi har mykje samarbeid med nabokommunane, seier næringssjef Johannes Sjøtun.
Utfordringane
– Som liten kommune har vi like mange lovpålagte oppgåver som ein stor bykommune. Vi er få, og må ha brei kompetanse. Kommunen slit med nedgang i folketalet. Det er den klassiske utfordringa for mange småkommunar; dei unge reiser ut, og alderssamansetninga på dei som er att er stigande og fører til lågare overføringar frå staten, held næringssjefen fram.
Løysingane
– Kommunen har som ein av 12 kommunar i landet vore med i Husbanken si satsing ”Boligetablering i distriktene”. Der ga vi direkte støtte til seks bustader i fjor. Dermed er vi i gang med bustadbygging i kommunen, og vi er i gang med å få variasjon i bustadbygginga i Balestrand. Vi har kjøpt sentrumsnære område som vi, i samarbeid med private utbyggjarar, vil utvikle til attraktivt bustadområde. Det skal bli lettstelte, små leilegheiter som vi veit er ettertrakta av eldre, og som dermed vil frigje einebustader for småbarnsfamiliar seier næringssjef Sjøtun.
– Vi har ein del planar og strategiar, og håper at vi, gjennom småkommuneprogrammet, vil få meir hjelp og større gjennomføringskraft til å realisere desse.
Distriktssenteret meiner
– I ei måling som syner om ein kommune er blitt meir robust eller sårbar når det gjeld næringsliv, har Balestrand bevega seg i «negativ retning». Ei av hovudårsakene til dette er at kommunen ikkje er sterkt integrert i den regionale arbeidsmarknaden. Det betyr at dei er sårbare ved eventuell bortfall av arbeidsplassar i kommunen, seier rådgivar ved Distriktssenteret, Inga Marie Skavhaug.
– Den store utfordringa er å finne handlingsrom i kvardagen, slik at kommunen får tid til utvikling. Det er viktig at ressurspersonar som blir trekt inn i prosjektet blir verande med kompetansen. Dette vil gjere kommunen meir utviklingsorientert, avsluttar Skavhaug.
Les statusvurderingen fra Balestrand.