Fagområde: Ung i Distrikts-Norge

Ung i Distrikts-Norge 2024

Kva betyr ungdomsmedverknad for bu- og blilyst i distrikta?

Er det forskjellar i ungdomsmedverknad mellom sentrale og mindre sentrale kommunar? Kva konkret er forskjellane? Er det nokre grep ein distriktskommune kan gjere for å få til god ungdomsmedverknad og eit velfungerande ungdomsråd? Og kan god ungdomsmedverknad bidra til at ungdommar ynskjer å bli i eller kome tilbake til distriktskommunar?

Etterspurd kunnskap

Kunnskap om ungdomsmedverknad i distriktskommunane er etterspurd. Torsdag 07.03.24 arrangerte Distriktssenteret den tredje konferansen Ung i Distrikts-Norge, UNGID24. Det var påmeldte frå kommunar, kommunale, regionale og fylkeskommunale ungdomsråd, fylkeskommunar, Kommunenes sentralforbund, regionale næringsselskap, Distriktssenteret og mange andre.

Del 1

Handlar om ungdomsmedverknad i distriktskommunar. Her vert kunnskap om og erfaringar frå ungdomsmedverknad delt.  

Mia Fjelldal Simonsen, Oxford Research

Mia presenterte funna frå rapporten Ungdomsmedvirkning i distriktskommuner (2024) som er skriven på oppdrag frå Distriktssenteret. Mia peiker på eit kunnskapshol i forskinga på ungdomsmedverknad i distrikta. Det finst generelt mykje forsking om ungdomsmedverknad og om distriktsrelaterte forhold som involverer ungdom, men forskarane finn lite forsking om forholdet mellom medverknad, ungdom og distrikts-/lokalsamfunnsutvikling.

Karsten Østeberg, ungdomspolitikar og ung medforskar

Karsten snakka om unges moglegheit til å medverka ut i frå funna i rapporten Unges mulighet til å medvirke. En samskapt studie av ungdoms deltagelse og engasjement i norske kommuner (2023). Eit sentralt punkt for å få til god ungdomsmedverknad er at kommunen innhentar innspel frå ungdommen, forankrar og tek innspela på alvor og til slutt fortel tilbake til ungdomane kva som blei resultata av innspela dei kom med. Det er særleg det siste punktet som ofte gløymes.

Sigrid Marie Orvik Benjaminsen, BUFDIR

Sigrid Marie fortalde om funna frå rapporten Kartlegging av medvirkning på systemnivå (2024) som dei nettopp hadde fått levert frå Rambøll. Funna peiker på at ungdomsråda i små og mindre sentrale kommunar har færre støttestrukturar som bidreg inn i saksprosessen, og at dei får mindre opplæring og støtte. Samtidig verkar det å være kortare veg frå ungdommane og inn til ungdomsrådet i mindre kommunar.

Kennet Tømmermo Reitan, ordførar i Røyrvik

Kennet snakka om sitt ungdomsengasjement og sitt arbeid for å få til eit velfungerande ungdomsråd i heimkommunen i 2017. No sit han sjølv som ordførar i Røyrvik. Han fortalde om nokre grep som kommunestryet hadde gjort for å få ungdomsrådet til fungera bra.

Oppsummering

Her samla vi alle innleiarane på scenen og spurde dei om dei trur at ungdomsmedverknad er viktig for ungdom si bu- og blilyst i distrikta? Korleis kan ein få til godt ungdomsarbeid i kommunar som ikkje har vidaregåande skule, korleis kan ein bygge ungdomsrådet rundt ungdomsskulen og korleis fange opp VGS-elevar som pendlar ut av kommunen for å gå på skule? Kor stor stilling har ungdomskoordinatoren i Røyrvik kommune? Og korleis kan ein “starte opp at” ungdomsrådsarbeidet i ein liten kommune der ungdomsrådet har logge brakk ein periode?

 

Del 2

Handlar om ungdomsrådsarbeid. Korleis får vi til god medverknad med ungdomsrådsarbeid?

Kennet Tømmermo Reitan, ordførar i Røyrvik

Kennet snakkar om ungdomsmedverknad og betydninga det har for bu- og blilyst, og ikkje minst for unge si lyst til å koma tilbake til heimkommunen. Han stiller spørsmålet om korleis kan lokalsamfunnet bli betre for ungdommen? Målet er å gjere politisk arbeid spanande og forståeleg for ungdommen. Kennet avsluttar med å sitere seg sjølv på at «ungdom er den investeringa de kommunar ikkje har råd til å la vere å gjere». 

Emma-Sofie Olafsen, leder, og Markus Ivan Gabor, nestleder i ungdommens fylkesråd i Nordland

Emma-Sofie og Markus Ivan kjem med råd på korleis ein skal drive driva demokratisk medborgarskap i kommunar og fylkeskommune. I Nordland var det i utgangspunktet 13 råd for medverknad, og dei er gjort om til dei standhaftige 7. Dei er: Vær presis, vær fysisk og psykisk til stades, ikkje ha seksuell omgang med andre i ungdomsrådet, kle dykk respektabelt, vis respekt, ikkje snakk drit om kvarandre og nulltoleranse for hersketeknikkar. 

Anne Irene Myhr, Distriktssenteret

I sitt innlegg tek Anne Irene fram nokre eksempel på kommunar som har jobba og jobbar godt med ungdomsmedverknad. Ho går inn på kva dei gjer i Hammerfest, i Sogndal og i Averøy. Distriktssenteret oppmodar både ordførarar og kommunedirektørar til å anerkjenna dei unge sine erfaringar med å vera ung, og spørje dei om meiningar i  alle typar saker til behandling.  

 

Jakob Elias Olsen, Vefsn ungdomsråd

Mosjømodellen for medverknad er ein systematikk for medverknad som forpliktar både kommunestyret, kommunens administrasjon, ungdomsrådet og alle ungdommar i Vefsn kommune. Jakob Elias fortalte om ungdomspolitisk dag som er berre for ungdom, men på politisk verkstad møter også ungdommane kommunestyret. Rapportane med tiltak som blir skrive følges opp i kommunens økonomiplan. Ungdomsrådet har samarbeid med nabokommunar og samarbeidskommunar i Sverige og Serbia.  

Anne Grønsund, Medverknadskoordinator i Lindesnes Kommune

Kva er kommunanes plikt og ansvar og korleis dei kan lykkes i å få til god ungdomsmedverknad? Anne viser ein modell og understrekar viktigheita av å heile tida jobbe med haldningar, kunnskap og ferdigheiter.

Leonard Jensen, Levanger ungdomsråd


Leonard leder eit ungdomsråd med 15 medlemmar. Kommunen har ungdomskoordinator som også er ungdomsrådets sin sekretær. Ungdomsrådet skal no gjennomføre ein ungdomsundersøking for å få svar på kva ungdommen er opptekne av, og som ungdomsrådet må følgje opp.  

 

Invitasjon og program til UNGiD 24

Praktisk informasjon

Konferansen vert strømma i to separate delar på denne nettsida.

Del 1 handlar om ungdomsmedverknad i distriktskommunar. Her vert kunnskap om og erfaringar frå ungdomsmedverknad delt. Del 1 er relevant for politiske og administrative leiarar og tilsette og andre som er jobbar med ungdomsmedverknad i ulike samanhengar.

Del 2 handlar om ungdomsrådsarbeid. Korleis får vi til god medverknad med ungdomsrådsarbeid? Del 2 rettar seg mot alle som er interessert i ungdomsrådsarbeid. Arbeidsverkstaden forutsett at dei ungdomsråda som deltek sit saman med ordførar og kommunedirektør og gjerne ungdomssekretær. Vi oppmodar ordførarane i kvar kommune til å melde seg på og invitere ungdomsrådet til å følgje del 2 og delta på arbeidsverkstaden saman.  

Påmeldingsfrist: 1. mars

Program del 1:

10.00-10.05 Velkommen ved Distriktssenteret

10.05-10.20: Ungdomsmedverknad i distriktskommunar, Mia Fjelldal Simonsen frå Oxford Research

10.20-10.35: Unges moglegheit til å medverke, ungdomspolitikar og ung medforsker Karsten Østeberg

10.35-10.50: Nasjonal kartlegging av ungdomsråd, Sigrid Marie Orvik Benjaminsen frå Bufdir

10.50-11.00: Ungdomsmedverknad med verknad, ordførar i Røyrvik Kennet Tømmermo Reitan

11.00-11.30: Oppsummering og avslutning

Program del 2:

15.00-15.10: Velkommen ved Distriktssenteret

15.10-15.20: Ungdomsmedverknaden si betydning for bu- og blilyst, ordførar i Røyrvik Kennet Tømmermo Reitan

15.20-15.35: Leder, Emma-Sofie Olafsen, og nestleder, Markus Ivan Gabor frå Ungdommens fylkesråd i Nordland deler 13 råd for medverknad i kommunane

15.35-15.45: Distriktssenteret deler gode råd for velfungerande ungdomsråd

15.45-16.00: Mosjømodellen – ein modell for medverknad, leder av Vefsn ungdomsråd, Jakob Elias Olsen

16.00-16.15: Om rolla som koordinator/sekretær for ungdomsrådet, medverknadskoordinator i Lindesnes kommune, Anne Grønsund

16.15-16.20: Distriktssenteret presenterer tema til drøfting i arbeidsverkstad lokale hos kommunane

16.20-16.45: Arbeidsverkstad hos kommunane med dei lokale ungdomsråda og kommuneleiing

16.45-16.55: Deling i plenum

16.55-17.00: Oppsummering og avslutning ved Distriktssenteret