Vefsn kommune har i 12 år hatt eit engasjert ungdomsråd, og prøvd ut mange metodar for å få ein god dialog med ungdommen. I 2020 systematiserte kommunen dette i Mosjømodellen, som skal sikre at barn og unge blir sett og høyrd i kommunepolitikken. I januar 2021 vart Mosjømodellen vedtatt i kommunestyret.
Kommunen vil samarbeide godt med ungdommane. Gjennom Mosjømodellen får ungdom moglegheit til større politisk medverknad. Eit viktig grep er at kommunen legg til rette for god kopling mellom den politiske og administrative sona (som mellom anna inneheld kommunestyret og ungdomsrådet), og ungdommen si eiga uformelle sone. Ungdomspolitisk dag og politisk verkstad for ungdom er viktige arenaer for å skape kopling mellom dei uformelle og formelle sonene og til administrasjon og politikk.
Ungdomsrådet
Ungdomsrådet sine 13 medlemmar har møte kvar månad. Eit arbeidsutval skriv saklister til møta der det blir vektlagt tema som har kome fram i andre politiske aktivitetar. For å få gode og relevante saker til møta, tek ungdommane med seg innspel og behov frå eige arbeid i den uformelle ungdomssona. Koordinator frå kommunen hjelp ungdommane å førebu sakene.
Det er viktig for ungdomsrådet at møta har låg terskel, og at alle si stemme skal vere like viktig. Rådet har ulike metodar og verktøy slik at alle blir inkludert i dialogen, både fysiske og digitale. På møta bruker dei gjerne Menti og Google Drive for å få til ein god dialog. Hyppig bruk av sosiale medier gir informasjonsflyt og er gode plattformar for kommunikasjon mellom ungdommar.
Kontaktinformasjon
Harald Fåkvam
SLT koordinator
harald.faakvam@vefsn.kommune.no
+47 994 08 108
Vefsn kommune har 2 koordinatorar som er tilsett i administrasjonen, og som mellom anna har ansvar for å følgje opp ungdomsrådet. Dialogen mellom ungdomsrådet og koordinatorane er eit suksesskriterium i Mosjømodellen. Koordinator er til stades på ungdomsrådet sine møter, men deltek ikkje aktivt. Rolla til koordinator er førebuing og etterarbeid i samband med ungdomsrådet sine møter og aktivitetar. «Dei vaksne skal bry seg om, men ikkje blande seg inn når ungdomsrådet bestemmer seg i ei sak», fortel koordinator Harald Fåkvam.
Eit av tema som ungdomsrådet har våre opptekne av over tid er behovet for eit betre psykisk helsetilbod i kommunen. Meir spesifikt, behov for eit digitalt tilbod.
Då ungdomsrådet tok opp denne saka i kommunestyret, fekk dei ikkje gjennomslag. Dei tok derfor saken i eigne hender. Gjennom Statsforvaltaren i Nordland, BUFDIR og Erasmus pluss har dei søkt og fått 7 millionar i eksterne prosjektmidlar. Desse midlane har gjort at dei har tilsett ein prosjektkoordinator for ein prosjektperiode på tre år. Prosjektet er eit samarbeid mellom Vefsn kommune, Erasmus pluss med landene Serbia og Sverige, og andre kommunar i Norge med mål om å samle alle kommunale tenester som ungdom kan ha nytte av i ein eigen app.
Ungdomspolitisk dag
Kvart år arrangerer ungdomsrådet ungdomspolitisk dag, der alle elevane på vidaregåande skule og ungdomsskulen blir invitert. Elevane på 10. trinn som har valfaget «Demokrati og medborgarskap» er kvart år involvert i prosessleiinga. Desse elevane utgjer ei viktig gruppe for rekruttering til dei politiske ungdomspartia i Vefsn.
Ungdomsrådet har ansvar for planlegging, gjennomføring og sluttrapport av ungdomspolitisk dag. I 2022 deltok omlag 150 ungdommar, og tilbodet er populært. Deltakarane var fordelt på seks ulike grupper, mellom anna med tema opne møtestadar, forbetring i skulen og psykisk helse. Heile dagen tek utgangspunkt i ung til ung dialog, der ungdommane får komme med eigne meiningar, utan påverknad av vaksne.
Ungdomsrådet skriv saman med koordinator ein rapport frå dagen. Rapporten blir vedtatt av ungdomsrådet saman med ein handlingsplan som dannar grunnlaget for kva saker ungdomsrådet skal prioritere i tida framover. Rapporten og handlingsplanen blir også lagt fram for kommunestyret.
Ungdomspolitisk dag er ein suksessfaktor for barn og unge sin medverknad i Vefsn. Gjennom denne strukturerte arbeidsforma lykkast ungdomsrådet å samle mange innspel frå ungdommar i kommunen, og arbeidet med handlingsplanen gjer at dei lykkast i å følgje opp innspela.
Rapport og handlingsplan dannar også eit godt grunnlag for kommunestyret sitt arbeid med ungdom. Koordinator kan fortelje at ungdommane ser direkte resultat av handlingsplanen. Døme er:
- Psykisk helsetjeneste for ungdom
- Fleire helsesjukepleiarar
- Ingen økonomiske kutt i tilbod til ungdom, eks miljøterapeutar i skolen og ungdomsklubben
- Prosjektet «Give me SoMe dialog»
Politisk verkstad
Ein dag i året arrangerar ungdomsrådet politisk verkstad der målgruppa er ungdomsrådet, ungdom frå dei vidaregåande skulane, kommunepolitikarane, kommuneadministrasjonen og andre fagfolk frå kommunen. Det er ungdomsrådet sjølv som førebur sakene og sett dagsorden.
Ungdomsrådet og elevrådet tek med seg viktige saker frå ungdomspolitisk dag inn i den politiske verkstaden. Gjennom dagen er deltakarane med på gruppearbeid på tvers av alder og bakgrunn. Politisk verkstad blir på denne måten eit viktig verktøy for å skape god dialog mellom ungdom og kommunen. Både ordførar og ungdomsråd trekk fram denne dagen som ein viktig arena for dialog, og deltaking blir høgt prioritert av både kommunestyret og administrativ leiing.
Kommunestyret
I kommunestyremøta og formannskapet har ungdomsrådet både tale- og forslagsrett. Ungdomsrådet har i kommunestyremøta også høve til å halde eit opningsinnlegg, og dei nyttar stort sett alltid høvet.
Politikarane har stor respekt for ungdomsrådet, og ønskjer å legge til rette for at ungdom skal komme til ordet. For å gjere det enklare for ungdomsrådet å delta i kommunestyremøtet, vert saker som gjeld ungdom alltid behandla først i møtet.
Dei ulike partia i kommunestyret inviterer gjerne ungdomsrådet inn i gruppemøter når dei skal ta opp saker som gjeld ungdom, mellom anna i budsjettbehandlinga. At ungdomsrådet får delta på denne måten gir dei ei unik innsikt i det politiske systemet i kommunen, og kan føre til at fleire ungdommar får lyst til å bli aktive i eit politisk parti og stille til val.
Ordføraren i Vefsn, Berit Hundåla er ein viktig person for ungdommane. Ho legg vekt på å ha opne dører og ho stiller opp når ungdommen spør om det. Ordføreren meiner det er viktig å investere i tilrettelegging for ungdom, fordi gode oppvekstsvilkår kan bidra til at unge vel å busetje seg i kommunen som vaksne.
At barn og unge si stemme blir sett og høyrt i Vefsn, er ein viktig strategi kommunen sitt langsiktige rekrutteringsarbeid. I alle stillingsutlysingane i Vefsn kommune blir prisen som årets ungdomskommune vektlagt. Kommunestyret prioriterar å sette av midlar til ungdomsrådet og ungdomsarbeid, gjennom blant anna koordinatorar.
Mosjøkonferansen
Kvart år arrangerer Vefsn kommune Mosjøkonferansen. Konferansen er først og fremst for ungdom i Vefsn og er ein del av undervisninga i ungdomsskulen og videregående skule. I 2021 deltok omlag 1200 personar. Ungdomsrådet har ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring, og er konferansier.
Kvart år har konferansen eit overordna tema, og tek opp aktuelle tema som ungdom har etterspurt på ungdomspolitisk dag. Eksempel på tema kan vere psyksisk helse, einsamheit og kjønnsidentitet. Det blir invitert eksterne innleiarar til å halde innlegg, gjerne med litt kjendisfaktor.
MED ungdom i fokus
Gjennom det gode arbeidet i Mosjømodellen har mange ungdom i Vefsn opparbeida seg stor kompetanse innan politisk arbeid. Gjennom stiftinga MED ungdom i fokus, deler ungdommen frå Vefsn sin erfaring med ungdom frå andre kommunar. MED ungdom i fokus vart etablert som prosjekt i 2016, og er eit samarbeid mellom kommunene Vefsn, Brønnøy og Hemnes og Nordland fylkeskommune. Statsforvalteren i Nordland gav oppstartsmidlar til prosjektet.
MED ungdom i fokus tilbyr tjenester til leverandører av tjenester og tilbud rettet mot barn og ungdom, og tek mellom anna på seg oppdrag frå kommunar. Vefsn ungdomsråd har mellom anna hatt opplæring med Lurøy ungdomsråd i korleis gjennomføre ungdomspolitisk dag.
Les meir om Mosjømodellen hjå MED ungdom i fokus.
Årets ungdomskommune 2021
På BUFDIR sin ungdomskonferanse har det i 2018, 2019 og 2021 blitt kåra årets ungdomskommune. Vefsn Kommune fekk prisen i 2021. Kriteria for nominasjon i 2021:
- Kommunen har eit fungerande ungdomsråd, og tek dei unge med på råd, bidreg til auke deira engasjement og deltaking.
- Ungdommen skal kunne kjenne igjen sine innspel, i form av at dei er vurdert og tillagt vekt i relevante beslutningar, planar og vedtak.
- Kommunen skal ha eit godt samarbeid mellom etatar, tenester, ungdomsforeldre og frivillig sektor. I samarbeidet skal det vere fellesskapsløysingar som fremjar inkludering av ungdom, likestilling og toleranse.
- Det skal vere eit tilbod til ungdom som har falt frå, eller er i ferd med å falle frå skule, arbeidsliv og organiserte fritidsaktivtetar, i samsvar med fritidserklæringen.
Ein uavhengig jury bestemmer kven som får prisen. Denne juryen er samansett av Landsrådet for Norges barne og ungdomsorganisasjonar , ungdom og fritid, NOVA og Kommunenes Sentralforbund. I juryen si grunngjeving i 2021 heiter det at årets ungdomskommune er eit prakteksemplar på korleis reell ungdomsmedverknad skal sjå ut i praksis. Dei legg vidare vekt på at:
«Vefsn har et aktivt ungdomsråd som er ungdommens talerør inn i de politiske beslutningene i kommunen. Hvert år arrangerer de en ungdomspolitisk dag hvor alle ungdommene i kommunen kan delta og komme med innspill til både kommunen og ungdomsrådet. De har også egne samarbeidsmøter mellom ungdomsrådet, kommunestyret og elevrådene hvert år. Vefsn har mange aktiviteter for ungdom i sin kommune, og jobber aktivt for å inkludere alle. Kommunen er tidligere kåret til Årets barne- og ungdomskommune i Nordland i 2017.»
I 2023 skal den nasjonale ungdomskonferansen arrangeres i Mosjøen.
Nordland fylkeskommune
Åshild Opøyen arbeider ved fylkestingets kontor i Nordland fylkeskommune og er ansvarleg for tilrettelegging for ungdommens fylkesting. Ho meiner mange små kommunar har lite ressursar til å jobbe med ungdomsmedverknad, og roser Vefsn kommune for arbeidet med Mosjømodellen
I Nordland har dei ein parlamentarisk styreform, og har dermed eit Ungdommens fylkesråd. Dei ønsker velfungerande ungdomsråd i alle kommunar, og prioriterer derfor midlar til ulike regionar. I 2022 er regionane Lofoten, Vesterålen og Salten prioritert. Midlane ønskast brukt til erfaring og kompetansespreiing gjennom regionale samlingar.