Bridge over troubled water

Bridge over troubled Water er eit mangfaldig, treårig utviklingsprosjekt med utgangspunkt i kommunesenteret Bruhagen.

Prosjektet starta opp i 2010 og har tre innsatsområde:

  • Fysiske omgjevnader
  • Bu- og næringsutvikling
  • Eit levande sentrum.

Sentralt i prosjektet står Drivhuset kultur- og næringshage, som skal satse spesielt på kulturnæringar. I tillegg handlar ein del av prosjektet om å inkludere arbeidsinnvandrarar i regionen, med sikte på at dei kan busette seg meir permanent. Det finst mange arbeidsinnvandrarar frå baltiske land og Aust-Europa i kommunen. Drivhuset næringshage skal rettleie desse i høve til å etablere eiga verksemd, tilby språkopplæring og gje informasjon om lokalsamfunnet. Målet er å inkludere innvandrarar som ein ressurs i lokalsamfunnet. Det vert oppretta eige stilling til dette arbeidet.

Samarbeidspartnarar

  • Grende-/bygdelag
  • Averøy næringsforum
  • Næringslivet

Målgrupper

  • Alle typar innflyttarar
  • Ungdom
  • Kvinner
  • Entreprenører
  • Personer som er ferdig utdanna innanfor kunst, kultur og media

Bridge over troubled Water  er tildelt 3,7 millionar i Bulystmidlar i 2011. Averøy deltar også i Kom Trainee i samarbeidet med Kristiansund.

Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket inngår som ein del av «Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene». Arbeidet er ein del av eit større prosjekt ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.