Fagområde: Ung i Distrikts-Norge

Ungdomsmedverknad i distrikta

Kva veit vi om ungdomsmedverknad i distrikta? Er det forskjellar mellom distriktskommunar og andre kommunar?

Det finst lite nyare forsking om distriktsungdom generelt, og om ungdomsmedverknad i distrikta spesielt, sjølv om involvering av barn og unge i ulike prosessar har fått meir og meir merksemd dei siste åra. 

Hovudfunn 

  • Det finst generelt mykje forsking om ungdomsmedverknad og om distriktsrelaterte forhold som involverer ungdom, men forskarane finn avgrensa med forsking om forholdet mellom medverknad, ungdom og distrikts-/lokalsamfunnsutvikling.  
  • Forskinga viser at det er stor variasjon mellom kommunar i korleis dei sikrar medverknad i praksis. Generelt er større kommunar betre til å involvere ungdom enn mindre kommunar.  
  • Ungdom blir oppfordra til å medverke i saker som angår dei. Om det er andre typar tema som er relevante for ungdom i ein distriktskontekst, er i liten grad undersøkt.  
  • Forskinga er opptatt av kven som deltar i medverknadsprosessar. Gruppene som blir hevda å vere underrepresentert på ulike medverknadsarenaer, er overrepresenterte i fleire distriktskommunar. Eit eksempel er unge med yrkesfagleg utdanning. Kva dette betyr for distriktskommunar, er lite tematisert i forskinga.  
  • Gjennomgangen viser at det er behov for meir kunnskap om korleis både sentralitet, innbyggjartal og geografiske forskjellar har betyding for omfang og kvalitet i ungdomsmedverknad.  

 

Dette notatet er skrive av Oxford Research på oppdrag frå Distriktssenteret. Notatet er utforma med ein underliggande premiss om at ungdomsmedverknad i seg sjølv er positivt, og potensielt kan bidra til økt bu- og blilyst i distriktskommunar. Om ungdomsmedverknad er ein avgjerande faktor for distriktsungdom i val av bustad, og kor stor denne effekten er sett opp mot andre forhold som påverkar unge sine val om flytting, er ikkje belyst i dette notatet. 

Distriktssenteret si vurdering 

Med grunnlag i kunnskap vi har samla inn, meiner vi at distriktskommunar som ønsker at ungdom skal ha lyst til å bu i oppvekstregionen også i framtida,  ikkje berre kan kalle dei for framtida. Ungdom må også vere med og planlegge den.  

Å bidra til utvikling av ein stad kan gjere det meir attraktivt å busette seg i kommunen i framtida. Tilhøyrsle og framtidsutsikter kan bidra til å stabilisere folketalet.  

Barn og unge kan tilføre nye perspektiv og kreative tankar som igjen kan gi betre avgjerdsgrunnlag. Deltaking gir barn og unge mestringskjensle og oppleving av myndiggjering, som igjen bidreg til betre folkehelse.  

Når barn og unge blir involverte i utviklingsprosessar, blir forståinga av demokratiske prosessar og demokratiske verdiar som friheit og likskap styrka. Barn og unges deltaking i samfunnet bidrar til at FNs berekraftsmål blir nådd.