Villreinen er ein norsk ansvarsart (over 25 prosent av den europeiske stammen er her i landet), og han blir stadig meir truga, grunna utbygging og menneskeleg aktivitet.
Menneske og reinen
Eit overordna mål er å bidra til eit tettare samarbeid mellom aktørane som driv tilrettelegging, formidling og næringsutvikling knytta til villreinen.
Prosjektet skal dokumentere og vidareformidle den immaterielle kulturarven, som historier, segn, kunnskap om trekkvegar og arealbruk, med villreinen i sentrum. Det skal leggjast til rette for fem lokalitetar, i nærleiken til etablerte reiselivsbedrifter. Dette skal gi eit heilskapleg bilete av leveområda til villreinen, og forholdet mellom villrein og menneske.
Villreinen tapar terreng
Naturområdet omfattar dei fire nasjonalparkane Dovrefjell-Sunndalsfjella, Dovre, Rondane og Reinheim. Det skifter frå bratte, alpine fjell i vest, via opne høgfjellsplatå og dalføre i sentralområda, til eit meir avrunda fjellandskap lengst aust.
Områda var opphavleg eitt samla territorium der villreinen levde heile året, med vinterbeite i aust og sommarbeite i vest. Jarnbane, veg og kraftutbygging har i dag delt opp området i fleire mindre leveområde for villrein.
Moderne teknologi reduserer naturinngrep
Prosjektet skal bruke moderne teknologi til formidling i fjellet, og utvikle eit undervisningsprosjekt knytta til temaet. Det skal skape verdier på mange område. Bruk av moderne teknologi kan redusere behovet for fysiske inngrep i naturen, og kanalisere publikum til ulike område til ulike tider av året. Folk i området skal bli stolte over villreinen og tradisjonane knytta til dyret.
Breitt samarbeid
Prosjektet er forankra i 13 kommunar, fire fylkeskommunar, fire fylkesmenn og Norsk Villreinsenter Nord på Hjerkinn. Innsamling og dokumentasjon av kulturarven, samt formidling gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS) blir administrert av Gudbrandsdalsmuseene AS.
Naturarven som verdiskapar
Dette er eitt av totalt 15 prosjekt i programmet Naturarven som verdiskapar.
Prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.
Prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.