Verdsarvprosjekt rundt Geirangerfjorden

Verdsarvprosjektet skal vere ein motor og pådrivar for natur-og kulturbasert nærings – og samfunnsutvikling for Geirangerområdet og Verdsarvområdet – Vestnorsk Fjordlandskap.

Vestnorsk Fjordlandskap vart 14. juli 2005 innskrive på UNESCO si verdsarvliste og består av  delområde nord – Geirangerfjorden og delområde sør – Nærøyfjorden. Desse fjordområda har ry for å vera dei vakraste og mest inntrykksterke naturområda i Europa.

Bakgrunnen for at Møre og Romsdal fylke søkte om midlar frå småsamfunnssatsinga var mellom anna i samband med utarbeiding av ein tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap. Prosjektet har fokusert på analyse, planlegging og tilrettelegging av strategiar og tiltak i verdsarvområdet for å oppretthalda kulturlandskapet over tid gjennom å kombinera eit slikt arbeid med andre former for bygdeutvikling.

Arbeidet er gjort i nært samarbeid med Nærøyfjordområdet og Vegaøyane i Nordland og med landbruksavdelingane i dei aktuelle fylka. I tillegg har ein også satt i gang delprosjekt i verdsarvområdet, som ser på bygde- og næringsutviklingsarbeidet i verdsarvområdet. Dette er lokalisert til Stiftinga Paktarstova som ligg i Norddal.

Verdsarvprosjektet har gått frå  prosjekt til etablering av stiftinga Geiranger Verdsarv. Dette skjedde den 30. april 2009, og gjer at ein i dag har ei permanent og juridisk eining og som sikrar framtidig driftsøkonomi. Møre og Romsdal fylke har saman med kommunane vore ein aktiv samarbeidspartnar i prosjektperioden og fram til stiftingsdato.

Stiftinga har vidareført mange av tiltaka i prosjektfasa, og har i dag desse ideelle føremål:

  1. Utvikle kompetanse innan vern, bevaring og formidling av naturarven Vestnorsk fjordlandskap.
  2. Drive ei bærekraftig utvikling av det unike verdsarvområdet
  3. Representere ein arena for vitskapeleg forsking på området
  4. Vere premissleverandør overfor styresmakter, i tråd med artikkel 5 e) i UNESCO-konvensjonen.

Stiftinga med namnet Geiranger Verdsarv er oppretta av stiftarane Norddal kommune, Stranda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Geiranger Verdsarv har eit eige fagråd for stiftinga, som skal fungere som stiftinga sitt konsultative råd i faglege spørsmål. Fagrådet vert samansett av offentlege og private institusjonar innan fagfelta naturforvaltning/forsking, kulturminnebevaring/forsking, høgskulemiljø, forskingsinstitusjonar, lokale lag og organisasjonar og andre relevante kompetansemiljø. Stiftinga sitt forretningskontor er på Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Eierskap, organisering og formell forankring

Distriktssenteret meiner at det er ein god forankring og eigarskap hjå dei involverte i verdsarvprosjektet. I dag har arbeidet gått frå prosjekt og over til ei stifting. Begge dei to berørte kommunane (Stranda og Norddal) og Møre og Romsdal fylke er inne med stiftingskapital. Politisk leiing frå både Norddal og Stranda sit i styret, og fylkeskommunen innehar nestleiarfunksjonen i stiftinga.

Landbruksavdelinga i fylket har også vore ein motor i arbeidet med å finne fram til gode løysingar på areal- og beitebidrag, for dei driv landbruket inne i og i randsona av verdsarvområdet. Dette har vore viktig i samband med å forankre prosjektet til mange av gardbrukarane som bur i området. Småsamfunnsatstinga har også vore med på å initiere prosjektet «verdsarv og bygdeutvikling». Dette vert avslutta ved utgangen av 2010. Prosjektet har sin hovudbase frå Norddal, der prosjektleiinga er kopla til «Stiftinga Paktarstova» i kommunen. Styret i stiftinga består av representantar frå kommunen, lag og oraganisasjonar og kyrkja.

Gjennom det arbeidet som er utført på ulike område, har ein klart å spele på lag med både organisasjonar og enkeltmenneske som bur i og rundt verdsarvområdet. Fokuset på å legge rammene på plass for ei stifting har tatt mykje tid for prosjektleiinga. Distriktssenteret ser at det blir viktig å drive eit endå meir aktivt formidlingsarbeid. Her har stiftinga fått tilført ressursar, noko som dei må utnytta godt i tida som kjem.

Mobilisering, involvering og medvirkning

I samband med tiltaksplanen for kulturlandskapet har det vore brei medverknad og mobilisering i prosjektarbeidet. Distriktssenteret meiner at dette er blitt gjort på ein tilfredstillande måte, der bondelaga og grunneigarar og andre interessegrupper er teke med på arbeidet.

I samband med arbeidet fram til ei stifting, har medvirkninga vore knytta til regionale og sentrale styremakter. I tillegg har kommunane vore sterkt med i denne prosessen.

Prosjektet «Verdsarv og bygdeutvikling» har 13 ulike utprøvingar og samarbeidarenaer i sitt arbeid. Døme på utprøvingar er «verdsarv og verdiar», «opera/klima-stunt», «bygdekvinnene og verdsarven» og «verdsarvbustaden» for å nemne nokon. Her har ein greidd å skape interesse og medverknad frå ulike målgrupper.

Distriktssenteret vuderer det slik, at det er skapt ein god plattform for neste runde i mobliseringsarbeidet. Dette er også noko Stiftinga Geiranger Verdsarv har som mål å starta opp med hausten 2010. Planen er at den nytilsette i formidlingsstillinga, skal legge til rette for eit opplegg, der ho vitjar alle grendene som er berørt av verdsarvområdet. Eit eige opplegg mot born og unge er også med i denne pakka.

Kompetanse og menneskelige ressurser

Dagleg leiar for verdsarvprosjektet har i første del av prosjektperioden vore den einaste tilsette. I tillegg bidrog landbruksavdelinga i fylket med ein 100 % stilling eit halvt år i samband med å legge rammene kulturlandskapsarbeidet i verdarvområdet. Etter stiftingsmøte i fjor, er det kome til tre nye stillingar i organisasjonen. Dette har stor betydning for det vidare utviklingsarbeidet. Det vart også tilsett ei delprosjektstilling knytt til verdsarv og bygdeutvikling, og som er lokalisert i Norddal. Dette arbeidet pågår ut 2010.

På same tid har det vore stor og god deltaking frå lokale og regionale styresmakter. Dette gjeld både i høve til arbeidet med å få på plass stiftinga, men også i samband med tiltaksplanen for kulturlandskapet i verdsarvområdet. FoU-miljø (mellom anna NILF – Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking), er også trekt inn i utarbeiding av tiltaksplanane i landbruket, samt evaluering av desse i etterkant.

På bakgrunn av dette meiner Distriktssentert at gjennomføringsevna har vore god i prosjektet. Det gjeld både grunnlaget og rammene for stiftinga, prosjektarbeid med bygdeutvikling i verdsarvområdet og tiltaksplanen for kutlturlandskapet i Vestnorsk Fjordlandskap, som Geiranger Verdsarv er ein del av.

Kommunens rolle

Distriktssenteret si vurdering er at kommunane ved orførarane og administrasjonen har vore tett påkopla arbeidet i verdarvprosjektet. Ordføraren i Norddal Bjørn Inge Ruset har vore og er styreleiar i prosjektet, og er i dag styreleiar både for Geiranger Verdsarv og for fellessamarbeidet med Nærøyfjorden i Vestnorsk Fjordlandskap.

Både Stranda kommune og Norddal kommune, har bidrege med midlar til stiftingskapitalen for Geiranger Verdsarv. Kommunane er ikkje inne med kapital på driftssida i verdsarvprosjektet.

Fylkeskommunens rolle

Slik Distriktssenteret vurderer det har Møre og Romsdal fylke vore ein aktiv medspelar i Verdsarvprosjektet i Geiranger. Dei har bidrege sterkt, både finansielt og ressursmessig. Småsamfunnsmidlane til verdensarvprosjektet er i Møre og Romsdal styrt frå fylket. På den måten har midlane blitt godt utnytta i dei aktuelle føremåla. Derimot har dei mindre flinke til å minne om mellom anna nasjonale samlingar i regi av Kommunal- og regionaldepartementet sitt Småsamfunnsatsingsprogram.

I samband med arbeidet med å kome fram til ei god løysing på juridisk einning, stilte Møre og Romsdal fylke sine juristar til disposisjon for å finne det best mogelege løysinga. I tillegg fann dei fram til smidige løysingar når Norsk Fjordsenter vart overtatt og blei ein del av stiftinga Geiranger Verdsarv. Dei har også lagt inn eit årleg bidrag frå fylket på 1,5 millionar kroner, mellom anna for å sikre at ein kan tenke langsiktig. I dag er det fire fast tilsette og tre prosjektstillingar ved Fjordsenteret og stiftinga.

I samband med tiltaksplanen for kulturlandsskapet stilte også Møre og Romsdal fylke, gjennom landbruksavdelinga, med ein prosjektstilling i eit halvt år for å få dette gjennomført. Dette arbeidet vart også gjort i nær dialog med fylkesmannen i Sogn og Fjordane for Vestnorsk Fjordlandskap. Fylkemannen i Nordland var også involvert gjennom liknande arbeid for Vegaøyane.

Målformulering

Distriktssenteret ser at målsetjingane frå starten har vore svært ambisiøse. Dette gjeld både målet å bli ei velfungerande stifting, og legge rammene for bidragsordningar for kulturlandskapet i området. Samstundes har det vist seg at dei har vore realistiske. Dette skuldast mellom anna eit godt samspel både lokale, regionale og sentrale styresmakter, som har hatt tru på prosjektarbeidet.

Resultat og effekt

Målsetjinga om å etablere ei varig organisering som står for tiltak, kompetanse og informasjon i og kring verdsarven er så langt innfridd gjennom etablering av Stiftinga Geiranger Verdsarv. I dag er stiftinga finansiert gjennom eit årleg driftstilskot frå fylkeskommunen 1, 5 mill kroner. I tillegg er Direktoratet for Naturforvalting inne med støtte. Stiftinga sikrar heilskapeleg fokus og moglegheit for nye satsingar.

Ein har også nådd målet etablere eit rammeverk for kulturlandskapet i verdsarvområdet. Dette i samarbeid med Nærøyfjordområdet og verdsarvområdet på Vegaøyane. Dette arbeidet har vist veg når det gjeld å få samaordna fleire departement for å kunne bidra med økonomisk kompensasjon inne i og i randsona av eit verneområde. Ein har framleis utfordringar på investeringssida, men jobbar vidare med dialogen mot departementa.

Nyskapning og kreativitet

Distriktssenteret vurderer etablering av stiftinga Geiranger Verdsarv, som ei kreativ organisering for å skape utvikling og engasjement for verdiane i eit verneområde og samstundes ivareta grunneigarane sine interesser. Saman med Nærøyfjordområdet har dei gjennom Vestnorsk Fjordlandskap fått etablert ein tiltaksplan for grunneigarane som sikrar faste driftstilskot for pleie av kulturlandskapet inne i og i randsona av verdsarvområdet.

Skuleprosjekta i verdsarvprosjektet sikrar god kunnskap hjå neste generasjon og informasjonstiltaka og tilrettelegginga sikrar ålmenta tilgang, bruk og vern av verdiane i verdsarven. Eit særtrekk i prosjektet er bruk av innleigde av kunstnarar særleg i skuleprosjekta. Her blei det lagt stor vekt på skape kreative prosessar hjå barn og unge.

Læringsverdi

Distriktssenteret meiner at arbeidet med Verdsarvprosjektet har stor læringsverdi for andre lokale utviklingsprosjekt. Det er mellom anna eit utfordrande, men godt samarbeid mellom dei to områda i Vestnorsk Fjordlandskap (Geirangerfjorden og Nærøyfjorden). Dette gjeld både politisk og administrativt. Det er også lærerikt å sjå korleis lokale aktørar viser eit stort engasjement i bruk og vern-debatten. Dei har saman med Nærøyfjorden og verdarvområdet i Vegaøyane, fått utarbeida ein tiltaksplan for kulturlandskapsarbeidet. Her får gardsbruk med beitedyr både innanfor og i randsona av verdsarvområda, eit ekstra areal- og beitebidrag.

Mål og resultat

Etableringa av stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er ein konsekvens av det arbeidet som har skjedd både lokalt i området og det som skjer i Vestnorsk Fjordlandskap. Distriktssenteret meiner at andre prosjekt og område kan hente nyttig kunnskap frå arbeidet som er gjort, for å legge rammene for ein framtidsretta organisering og for å skape varige kompetansearbeidsplassar i lokalsamfunna.

Resultatet av tiltaksplanen for kulturlandskapet i verdsarvområda, har gitt ein ein mal for  både areal- og beitebidrag for grunneigarar som har dyr inne i og i randsona av verdsarvområdet. Dette gjeld både i Geirangerområdet, Nærøyfjordområdet og på Vegaøyane.

Prosess og vuderingar

Distriktssenteret meiner Verdsarvprosjektet har arbeidd godt med å få på plass ein langsktig og god organisering. Denne prosessen har vore god, ikkje minst med tanke på samarbeidet mellom regionale styresmakter, dei involverte kommunane og prosjektleiinga. Det har i tillegg vore ein god prosess for å finna fram til nye ordningar som som styrkar kulturlandskapet gjennom areal- og beitebidrag til dei som har husdyr inne og og i randsona av verdsarvområda. Her har fleire sentrale styresmakter vist ansvar i prosessen og fram til det resultatet ein har i dag.

Vegen vidare

Verdsarvprosjektet er kome inn i ein meir permanent fase. Stiftinga Geiranger Verdsarv er formelt etablert og ved overtakinga av Fjordsenteret har dei no fått fire kompetansearbeidsplassar til å føra arbeidet vidare.

Distriktssenteret ser på det vidare arbeidet med Geiranger Verdsarv og heile arbeidet med Vestnorsk Fjordlandskap som både spennande og interessant. Samstundes har dei ei utfordring å fylgje opp prosjektarbeidet med verdsarv og bygdeutvikling som er lokalisert med prosjektleiinga i Norddal. Her det satt i gang mykje spennande arbeid, som ein bør fylgje opp i det vidare arbeidet. Difor vil det vere viktig med eit godt lagspel mellom dei ulike aktørane, og til beste for dei prosjekta som no er satt i gang.

Vi vil fylgje med arbeidet i tida som kjem. Dette gjeld spesielt i samanheng med utviklingstiltak, og i samarbeid med andre område som arbeider innanfor same tematikk inne i og i randsona av verneområde.