Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet ”Naturarven som verdiskapar”. Nærøyfjorden er ført opp på verdsarvlista til UNESCO. Nærøyfjorden verdsarvpark legg vekt på langsiktig forvaltning og ivaretaking av området, slik at fjordlandskapet framleis blir attraktivt for gjester. Turistane som kvart år besøkjer fjordlandskapet, er grunnlaget for arbeidet.
Turistar deltek i slåtten
Jordbruket i dei bratte fjordbygdene er arbeidskrevjande, men viktig for å halde området attraktivt for turistane. Løysninga er å utvikle opplevingsprodukt, der turistane sjølve tek del i slåtten, og anna skjøtsel av det særprega landskapet. Målet er å forankre verneverdiane i den lokale identiteten og folkesjela, og formidle dette til turistane.
Miljøvenleg turisme
Prosjektet konsentrerer seg om arbeidsområde som tilrettelegging av stier og gamle ferdselsvegar, heving av kompetansen innafor naturbasert reiseliv, vertskapsrolla og formidling av staden, i tillegg til å førebyggje konfliktar og skader på naturverdiar. Turistar som tek seg fram på beina eller ved hjelp av kajakk, sykkel og andre transportmiddel som ikkje forureinar, er ei utfordring for miljøet – i høve telting, toalett, renovasjon og informasjon.
Samarbeider med skuleverket
Prosjektet samarbeider med utdanningsinstitusjonar for å involvere elevar til å ta del i arbeidet med å ivareta verdsarven, i tillegg til at grunneigarar og andre som utfører skjøtselarbeid skal kunne byggje opp kunnskapen sin rundt dei aktuelle tema.
Stiftinga Nærøyfjorden verdsarvpark er ansvarleg for dette prosjektet.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.