I 2011 vedtok Sykkylven ny samfunnsplan for perioden 2011 – 2025. Planen fekk namnet Skaparglede. Bak namnet ligg strategiske prosesser før ein kom fram til at dette var ein posisjon som skulle vere drivande for Sykkylven sitt utviklingsarbeid framover.
Organisering av arbeidet
Sykkylven Næringsutvikling AS er eigd av kommunen og næringslivet. Saman revitaliserte dei selskapet i 2011 gjennom ei felles 5-årig satsing. Harald Espeland blei henta inn som dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling AS.
Harald Espeland frå TIBE Samfunn har sidan 2011 også vore fagleg leverandør til Distriktssenteret sin Omdømmeskule. Til grunn for Omdømmeskulen ligg ein metodikk som har fått namnet «10-punktsmodellen for lokal utvikling». Dette er ein metode som Espeland har utvikla og som rettar seg mot strategisk arbeid med lokal utvikling. Metodikken har stått sentralt også i arbeidet i Sykkylven.
Strategiprosess og val av posisjon
I Sykkylven starta dei med spørsmålet: Korleis vil ein at Sykkylven skal utvikle seg?
I Sykkylven hadde dei opne folkemøter og møter med dei ulike verksemdene i kommunen. I møta kom det fram viktige målsettingar på eit overordna nivå, men det var naudsynt å spisse dette ut i fra kva som skulle vere drivkrafta for utvikling i Sykkylven. Ved å gjennomføre analyser der ein såg på kvalitetar ved Sykkylven, viktige milepælar i lokalhistoria (der møbelindustrien står sterkt), kjenneteikn ved verksemdene i kommunen, målgrupper kommunen måtte ha og kva folk assosierte med Sykkelen.
Resultatet ein kom fram til var at Sykkylven skulle vere kjent som kommunen der løysingar blir designa og utvikla – kommunen med Skaparglede! Dette er ein posisjon sterkt forankra i historia og «sjela» i sykkylvssamfunnet, samstundes som den seier noko om kva ein vil legge vekt på framover.
Identitet- og omdømmekartlegging
Når ein har definert kva som er ønskja utvikling og posisjon, er det enklare å sjekke korleis ein ligg an i forhold til denne posisjonen.
Sykkylven gjorde identitetskartlegging opp mot eigne innbyggjarar. Denne seier noko om korleis dei opplever eige lokalsamfunn, og kva som er utviklingspotensialet.
Vidare gjorde dei omdømmekartlegging mot Sunnmøre for å treffe respondentar som var kvalifisert til å meine noko om Sykkylven som ein kunne ha nytte av i vidare arbeid.
Kartlegginga viste at Sykkylven vart assosiert med viktige element som ein kan knyte til ein skaparglede-posisjon: industri, møbel, skaparglede, design, teknologi, nytenking og kompetanse. I tillegg scorar Sykkylven høgt på natur, trivsel og attraktiv stad å bu.
Kartlegginga peikte òg på at Sykkylven har utfordringar i samband med handel, møteplassar og eit meir levande sentrum.
Utvikling av reelle stadkvaliteter og kommunikasjon
Men bakgrunn i posisjonen som var definert, og kartleggingar som peika på utviklingspotensialet, vart det jobba vidare med ein handlingsplan. Handlingsplanen blei laga i samspel med mange aktørar i og utanfor lokalsamfunnet: Sykkylven kommune, Sykkylven Industri og Næringslag, Sykkylven handelsforening, Sykkylven vidaregåande skule, Sykkylven kulturskule, Distriktssenteret og Møre og Romsdal fylkeskommune.
10 prosjekt for Skaparglede
Det var etablert 10 utviklingsprosjekt som saman ville bidra til å utvikle nye, reelle stadkvalitetar i Sykkylven. Over tid ville dette bidra til å gje Sykkylven eit ønskja omdømme – nemleg å vere kjent som kommunen med Skaparglede. Dette var avhengig av god kommunikasjon av synlege resultat undervegs i prosjekta, retta mot målgruppene.
Omdømmet og ønska posisjon må byggast gjennom summen av alle dei andre prosjekta. Grunnen til at dette likevel står som eige prosjekt, er å halde fokus på kommunikasjon på alt som blir utvikla i dei andre prosjekta. Vidare er det viktig at kommunikasjon i ulike medier (Facebook, heimeside, logo etc) bygger opp om posisjonen.
Sykkylven har også mange gode kvalitetar som eksisterer i dag, og som ein har behov for å kommunisere ut mot omverda.
- www.skaparglede.no
- Facebookside Skaparglede i Sykkylven
- Kommunen si heimeside – god marknadsføring og kopling til prosjekt Skaparglede
- Media har skrive mykje omkring prosjekt Skaparglede
- Utvikla eigen logo for Skapargleden (blei først utvikla 2,5 år ut i prosjektperioden – då var timinga riktig)
- Det er på privat initiativ utvikla ny infoside om Sykkylven – brabygd.no (nede pr februar 2022) – som har fokus på fritidstilbod og turløyper.
I Sykkylven kan ein vise til mange interessante resultat som følgje av at fleire aktørar samarbeider og snakkar i lag.
- Hoppid-kontor – Etablering av «hoppid-kontor» – rådgjevingstilbod for gründere. Samarbeid med kommunen, Møre og og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge. Mange tiltak retta mot gründere og verksemder gjennom denne ordninga. Hoppid-kontoret tilbyr kurs og gratis rådgjeving for etablerarar.
- Kafé Skaparglede – uformell møteplass for gründere og verksemder. Fokus på fagleg påfyll og nettverksbygging.
- Verdiskapingsmidlar – Sykkylven Næringsutvikling AS fekk kr 350.000 i verdiskapingsmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune til «program for SKAPARGLEDE». Programmet hadde fokus på samspel og spinn-off i næringslivet. Nye forretningsidear vart utvikla og blir jobba vidare med.
- FoU-kompetanse Møre – etablering av eit fagmiljø som kan bistå verksemdene i å identifisere, organisere, finansiere og gjennomføre gode FoU-prosjekt – gjerne på tvers av fleire veksemder. Samarbeider tett med Hoppid-kontoret i Sykkylven. Sykkylven Industri- og næringslag står bak satsinga, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune
- Bedriftene i Sykkylven ser sjølv meirverdien for å samle seg om posisjonen Skaparglede, og bruke denne i rekruttering og marknadsføringssamanheng. Opplever at nye verksemder lokaliserer seg til Sykkylven pga sterkt og samla fagmiljø – til dømes møbelverksemda Furnia AS som igjen har oppretta eit kontormiljø rundt seg med mange spanande, mindre verksemder.
- Nasjonalt inspirasjons- og kompetansesenter i Sykkylven – Etter systematisk jobbing over fleire år, var det i april 2014 klart at eit nasjonalt Inspirasjons- og kompetansesenter for norsk møbelindustri vart lagt i Sykkylven. Det er teikna aksjar for 6 mill. kroner. Senteret blei etablert 23. april 2014, og skal styrke skapargleden i bransjen basert på kompetansen som finns i møbelindustrien i regionen.
- Design-Create-Live er ei sentral del av kompetansesenteret si satsing. Tanken er at designarar kan kome til kompetansesenteret i Sykkylven i ein periode på eitt til tre år og utvikle seg som gode designarar av produkt som industrien kan bruke eller som kan skape nye verksemder. Konseptet treng attraktive bustader, kontorfasiliteter, serveringsstad, prototypeverkstad, møterom og utstillingsmoglegheiter. Det skal utviklarst eit nytt område som gir liv til sentrum, og som vil vere ein møtestad for ulike aktørar innan designbransjen.
Dette prosjektet handlar om korleis forankre og gjere posisjonen Skaparglede gjeldande i kommunen som administrasjon. Rådmannen og hans leiargruppe har teke tak i dette og knytt dette opp mot alle avdelingane i kommunen.
Samfunnsdelen av kommunenlanen har eit eige kapittel der ein koplar kommunen sin visjon opp mot Skaparglede.
«Skaparglede i kommunale tenester, og korleis legge til rette for skaparglede?» har vore tema på strategisamling og medarbeidersamling i Sykkylven kommune.
- Ny linje på vgs – Samarbeid mellom Sykkylven vidaregåande skule og Sykkylven Næringsutvikling AS resulterte i at det vart etablert ei ny linje ved skulen: Interiør- og utstillingsdesign, VG2.
- Elevbedrifter – I 2014 gjekk ungdomsbedrifta Tovatøffel’n frå Sykkylven vgs til topps på ei Fylkesmesse for ungdomsbedrifter. I 2012 gjekk elevbedrifta Butterfly (barnestol) til topps nasjonalt.
- Ungt Entreprenørskap – Gründercampkonseptet passar godt inn i skaparglede-kommunen. Hausten 2013 fikk elevar ved vidaregåande i oppgåve å sjå nærare på korleis møblar kan seljast på nett.
- Samarbeid mellom Ekornes ASA og grunnskulen i Sykkylven – elevar får produsere ein stressless til eit godt føremål.
- Tilbod i kulturskulen – Skuleåret 2011/2012 vart det etablert eit nytt tilbod i kulturskulen som dei kalla Skaparglede. Elevane fekk jobbe saman med profesjonell designar og produktutviklarar frå idé til ferdig prototype av produkt. Sykkylven Næringsutvikling As har teikna kontrakt med dei unge designerspirene, for å sikre dei royalty om produkta blei sett i produksjon.
- Fond til fritidsaktivitetar – Det er på initiativ frå lokale idlsjelar oppretta «Trivselsfondet Skaparglede» som skal støtte fritidsaktivitetar i Sykkylven – Skaparglede på fritida. Planen er at verksemdene betalar inn til fondet og at fondsstyret skal dele ut midlar basert på søknader.
Målet med dette prosjektet er å sjå på mulegheiter for å nytte naturen i Sykkylven på ein annan og innovativ måte. www.skaparglede.no er eit døme der turløyper er godt beskrive i eit heilt nytt format på nett.
Nettverket «Fole Flenke Damer» har også jobba kreativt med å kome opp med idear til korleis nytte naturen og nærområde kreativt for å gjere Sykkylven endå meir attraktiv.
- Furniture Guiding har etablert ei reiselivsverksemd som tilbyr opplevingspakkar med ingrediensar som bedriftsbesøk hjå t.d Ekornes og Cylindra – møbelturisme/ møbelguiding. Satsinga har fått lokal, regional og nasjonal merksemd.
- Det er laga ein strategi opp mot reiselivssatsinga som vert kalla Resepsjon Skaparglede. Hensikten med prosjektet er å satse utradisjonelt og utnytte fortrinna ein har lokalt. Det var ønskje om ei større satsing utover den tradisjonelle lokale turistinformasjonen, og etablere ei næring som kan selje og organisere besøk til Sykkylven og næringslivet. Konseptet skal bakast inn i Inspirasjons- og kompetansesenter for norsk møbelindustri.
- Norsk Møbelfaglig senter er del av Sunnmøre Museum og har nyleg opna ei basisutstilling av alle norske møbeldesignklassikarar.
Posisjonen Skaparglede er også ledetråd for utvikling av sentrum og bygder, både fysisk utforming og aktiviteter.
- Løypelaurdag – I samarbeid med Handelsforeninga vart det utvikla eit testkonsept som vart kalla Løypelaurdag. Målet var å gjere innbyggjarane medvitne om det gode utvalet av butikkar som finst i Sykkylven sentrum. I den samanheng vart det laga ei tilbodsløype og rebusløype der kundane måtte innom eit stort mangfald av butikkar for å løyse rebusen.
- Utsmykking i rundkøyring – Det blei lyst ut ei konkurranse om utsmykking av den eine rundkøyringa i Sykkylven sentrum. Alle som ville fekk levere forslag. Det var eit krav om at utsmykkinga måtte symbolisere skapargleda i Sykkylven. Alle forslaga blei presentert av lokalavisa, og det blei kåra tre finalistar. Etter ei open avstemming, blei det kåra eit vinnarforslag. Skulpturen stod ferdig i juni 2013. Prosjektet fekk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Arkitektkonkurranse Sykkylven sentrum: Sykkylven kommune i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerte arkitektkonkurranse for vidare utvikling av Sykkylven sentrum, der overordna tema var Skaparglede i sentrum. Tre firma var med i konkurransen, og element frå dei tre forslaga legg grunnlaget for vidare utvikling av Sykkylven sentrum.
- Bygdeutvikling: Posisjonen Skaparglede har også engasjert bygdene i Sykkylven. I Velledalen inviterte dei til kreativ idedugnad om «SKAPARGLEDE og reiseliv» der det kom mange gode idear som bygdelaget jobbar vidare med.
- Utstillingspark i sentrum: Etter ein testtur for reiselivsselskapet Furniture Guiding kom designar Svein Asbjørnsen opp med ein idé om å lage ein utstillingsmonter som kan stå utandørs der ein kan ha ulike utstillingar av møblar, anna industri og kunst. Monterane blei designa av Svein Asbjørnsen og utvikla av Møre Trafo AS, A-plast AS, Ove Straumsheim AS og Bjarne Brekke AS. Monterane er unike utstillingsplasser kor ein kan synleggjere det som vert skapt i Sykkylven. Montere vil mellom anna bli plassert på ny ferjekai og i ein utstillingspark i sentrum av Sykkylven. Serverdigheit heile året. Første monter er ferdig og har blitt testa gjennom vinteren. No setjast fleire i produksjon. Planane er at dei skal driftast på kommersielt grunnlag.
Resultat av arbeidet
Alle desse 10 prosjekta har gitt mange positive resultat over ein 3- års periode. Ei god og grundig beskrivelse er laga i dokumentet Sykkylven Skaparglede – statusrapport mars 2013.
Under oppsummerer vi viktige milepæler etter 3-års arbeid, men utviklingsarbeidet held fram og er ein kontinuerleg utviklingsprosess. Det som er viktig å merke seg, er Sykkylven sin innsats på fleire områder for å utvikle lokalsamfunnet, og etablere sin posisjon som kommunen med skaparglede.
Status for Skaparglede i Sykkylven
Etter å ha jobba systematisk med utviklingsarbeid og posisjonen Skaparglede for Sykkylven i 3 år, seier dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling AS arbeidet har gitt resultater, men at dette er eit kontinuerlig utviklingsarbeid. Det strategiske arbeidet skal gjere at når folk tenker på Sykkylven så skal eit bilde av Skaparglede dukke opp på netthinna. Dette skal representere den stolte historia lokalsamfunnet står for, og den framtidige utviklinga ein ønskjer seg – der ein trekker til seg personar som vil bu i eit lokalsamfunn der løysingar blir designa og utvikla – kommunen med Skaparglede.
Men viktigast av alt er at posisjonen gir lyst til å bidra i utviklinga av Sykkylven – hos dei som bur her, dei som driv verksemd her, dei som kan tenke seg å etablere verksemd her og dei som frå utsida kan tenke seg å støtte opp om utviklinga her.
Lokalsamfunnet i Sykkylven har jobba systematisk med lokal utvikling på grunnlag av eit strategisk arbeid dei starta på i 2011. Etter tre år har det systematiske arbeidet med å utvikle Sykkylven gitt resultater.
Læringsverdi
I Sykkylven har dei klart å spissa seg og kome fram til ein posisjon som skal vere drivkraft for utviklingsarbeid i lokalsamfunnet. Sykkylven skal vere kjent for Skaparglede. Dei har klart å samle kommune, næringsliv og frivillige om denne posisjonen, og saman jobbar dei i same retning.
Dei har sett i verk mange ulike utviklingsprosjekt som bygger opp om posisjonen Skaparglede. Det er god læringsverdi i å lese om alle tiltaka dei har sett i verk lokalt.
På Distriktssenteret sin Omdømmeskule – der over 80 kommunar har delteke – blir det undervist i ein erfaringsbasert metodikk for strategisk arbeid med lokal utvikling. Det handlar om å få få næringsliv, frivillige og kommuna til å jobbe i lag mot felles retning. Saman kjem ein fram til kvalitetar lokalsamfunnet har å byggje på, og basert på dette definere ei ønskja retning/posisjon for framtidig utvikling. Omdømme vert skapt gjennom utvikling av reelle stadkvalitetar, og at ein er bevisst på å kommunisere resultat mot målgruppa.
Modellen vert kalla 10-punktsmodellen.
Sykkylven har jobba systematisk og godt, og kan vise til klare resultat av dette arbeidet. Dei er slik sett eit godt døme på eit lokalsamfunn som har posisjonert seg, og klart å samle lokale utviklingskrefter omkring denne posisjonen. Vi ser av lista over tiltak dette har skapt, at det er ein positiv snøball som er begynt å rulle for lokalsamfunnet i Sykkylven. Dei kan vise til mange beslutingar som har gått deira veg, sett i forhold til etablering av næringsverksemder og støtte til lokal utvikling.
Vegen vidare
For Sykkylven er det viktig å halde fram det gode og systematiske arbeidet. Omdømme kan ein definere som bilde folk får på netthinna når dei høyrer kommunen sitt namn. Skal folk assosiere Sykkylven med design, utvikling av løysingar og Skaparglede, så krev dette langsiktig og kontinuerlig utviklingsarbeid over tid.