Farsund, Flekkefjord, Kvinesdal og Lyngdal står bak ”Sørnorsk kystnatur”. Prosjektet skal stimulere til verdiskaping i og ved verneområda ved kysten i Listerregionen. samstundes ser ein også på spennande prosjekt som ligg innanfor kysstripa. Området skal bli arena for forsking, bygging av kompetanse og formidling av kunnskap innanfor natur- og kulturkvalitetar i regionen.
Natur og reiseliv
Natur og reiseliv skal vere i fokus, og eit mål er å få fleire til å besøke regionen, skape nye produkt for reiselivet og ta betre vare på naturkvalitetane. For å nå dette målet skal aktørane i den lokale reiselivs- og landbruksnæringa bli meir profesjonelle.
Kursar naturlosar
Tilbodet av guida turar, formidling og undervisning skal aukast. For å lukkast med det skal ein kurse naturlosar og overføre kompetanse gjennom forsking. Etablering av møtestader og kunnskapsmiljø er viktig for betre samarbeid.
Meir samarbeid på tvers
For å auke gjensidig forståing for vern og potensiale for bruk, er det viktig med betre kommunikasjon og samarbeid mellom forvaltningsstyresmaktene, reiseliv – og landbruksnæringa. Ulike samarbeidsformer mellom desse miljøa og kompetansemiljø vil bli prøvd ut.
Heilt konkret vil det bli lagt til rette for fugleturisme, betre informasjon og lettare tilgang til øyar i skjærgård i landskapsvernsområde, og tilrettelegging av turstiar og utkikspunkt. Prosjektet vil også vidareutvikle Nordbergkonferansen som møtestad for næringsliv, forvaltning, forskarar, grunneigarar, kommunar som stimulans til lokal verdiskaping med utgangspunkt i natur.
Naturarven som verdiskapar
Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet ”Naturarven som verdiskapar”.
Prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.