Fagområde: Omdømme

Skaparglede!

Prosjekt som skal etablere Sykkylven som kommunen for skaparglede. Identitet og omdømme skal byggje opp under dette, slik at Sykkylven blir sett på som eit attraktivt lokalsamfunn for dei med skaparglede.

Gjennom prosjektet ønskjer Sykkylven mellom anna å oppnå at næringslivet tiltrekk seg kompetanse med skaparglede som kan vidareutvikle verksemdene. Prosjektet legg og vekt på at folk frå Sykkylven kan vere stolte av lokalsamfunnet og at born og unge blir medvitne om skapargleda i Sykkylven.

Forprosjekt og hovedprosjekt

Dette forprosjektet er nå videreført til eit hovedprosjekt. Det overordna målet i Prosjekt SKAPARGLEDE ligg til grunn også for hovudprosjektet: Sykkylven skal ta ein unik og truverdig posisjon knytt til SKAPARGLEDE.

Målet for hovudprosjektetet er å sikre at Sykkylven er ein attraktiv bustad for den kompetansen verksemdene her peiker på at dei treng for å utvikle seg.

Prosjektet var tildelt 200 000 i Bulystmidlar til forprosjekt i 2011, og er i 2013 tildelt inntil 1 750 000 i Bulystmidlar.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.