Fagområde: Tilflytting

Sjekk Nordmøre – med fokus på vertskap og rekruttering

Surnadal og Sunndal vil sette fokus på eit heilheitleg integrering- og inkluderingsarbeid på Nordmøre.

Surnadal og Sunndal vil flytte fokus frå ei rein marknadsføring over til fokus på bolyst gjennom gode grep i ei utstrakt vertskapsrolle.

Målet er å bli betre på å ta imot tilflyttarar slik at dei ønsker å bli buande.

Kvar for seg har kommunane dei siste åra hatt ulike rekrutteringstiltak. Surnadal har samarbeidd med Placement AS om å rekruttere tilflyttarar frå EØS-land, Sunndal har vore til Island med same formål, og Sunndal rekrutterer og mange gjennom ei aktiv og vellukka busetting av flyktningar.

Surnadal har auka innslag av arbeidsinnvandring, og skal byrje å busette flyktningar f.o.m. 2013. Begge kommunar har i fleire år hatt ulike kampanjar kvar for seg, mot dei såkalla heimattflyttarane.

Samarbeidspartnere

  • Surnadal kommune
  • Sunndal kommune via Sunndal Næringsselskap AS
  • Flyktningetenesta i Sunndal kommune
  • Næringslivet i kommunane
  • Lag og organisasjoner i kommunane
  • Nabokommunane
  • Møre og Romsdal Fylkeskommune
  • Distriktssenteret – Rådgiving under prosjektperioden

Målgruppe

Målgruppe for prosjektet er tilflyttarar, inklusive heimattflyttarar, andre tilflyttarar
arbeidsinnvandrarar, flyktningar og familiegjenforente.

I tillegg definerer dei og kommunane og næringslivet som ei målgruppe, fordi framskriving av befolkningsutviklinga syner at rekruttering av arbeidskraft blir ei av dei store utfordringane framover. Involvering og synleggjering er avgjerande for å lykkast.

  1. Generell marknadsføring av prosjektet gjennom internett, sosiale media, lokale media, brosjyrar og deltakarstyrte aktivitetar og møteplassar.
  2. Prosjektet og innflyttarkontoret skal ha ein sentral plassering i kommunane, i Surnadal som ein integrert del av Plan og Utvikling i rådmannens stab, i Sunndal som ein del av SUNS.

Aktiviteter

Etablering av vertskapsfunksjon i kommunane:

  1. Vertskapskontor
  2. Kartlegging av tilflyttarar
  3. Språkopplæring
  4. Informasjon på fleire språk
  5. Møteplassar
  6. Samarbeid med lag og organisasjonar
  7. Språkpraksis
  8. Felles magasin til alle husstandar i kommunane
  9. Delprosjekt: Offentleg entreprenørskap Sunndal

Prosjektet Sjekk Nordmøre er tildelt  inntil 1 650 000 kroner i Bolystmidler i 2013.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret.

Eierskap, organisering og formell forankring

Eierskap, organisering og formell forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Forankring

Å auke attraktiviteten, omdømmet, arbeide for ei sunnare befolkningsutvikling og bidra til å sikre næringslivet rett kompetanse framover er både eit uttalt regionalt og lokalt mål. Dette er godt forankra i begge kommunar. Surnadal kommune søkjer på vegne av utviklingsaktørane i kommunane.

  • Samarbeidet mellom kommunane har vore oppe på felles formannskapsmøte, og er gjeve full oppslutning. Rekruttering er eit av fem samarbeidsområder som er beskrive, saman med etablerarveiledning/entreprenørskapssatsing, bedriftsretta tiltak, kompetansetiltak og møteplassar.
  • Surnadal kommune vedtok og i november 2012 å vidareføre samarbeidet med Placement, i same sak vart det og fatta eit vedtak der Plan og utvikling vart bedt om å arbeide ut eit større og meir heilheitleg tilflyttingsprosjekt for perioden 2013 – 2015.
  • Surnadal kommune har teke initiativet til ein felles prosjektsøknad for Surnadal og Sunndal kommune på Bulystmidlar, prosjektet er drøfta på felles møte mellom Sunndal Næringsselskap AS og Plan og Utvikling, Surnadal 31.januar og 12.februar 2013.

Det strategiske samarbeidet mellom Sunndal og Surnadal åpnar for at fleire utviklingsaktørar og kommunar i regionen kan henge seg på.

Prosjektorganisering

Surnadal kommune og Sunndal kommune har vald å organisere næringsutviklingsarbeidet sitt på ulik måte. Surnadal har bygd opp og styrka eige utviklingsapparat internt i kommunen betrakteleg, med nytilsett kommunalsjef Næring og utvikling og ei eiga Plan og utviklingsavdeling med tre ansette i stab under rådmann.

Avdelinga arbeider tett mot næringslivet, og politikarane disponerer og vedtek fordeling av kommunen sitt næringsfond. I Sunndal ivaretek Sunndal Næringsselskap AS næringsutviklingsarbeidet på vegne av hovedeigar Sunndal kommune.

Sjekk Nordmøre med fokus på vertskap og rekruttering er organisert med ei overordna styringsgruppe beståande av politisk og administrativ leiing og representantar frå dei ulike samarbeidspartnarane. Styringsgruppa gir mandat til koordinator, som brukar arbeidsgruppa aktivt til rådgiving og aktivitet. Koordinatorrolla skal samkøyre aktivitetane i dei to kommunane og sørgje for at dei dreg nytte av kvarandre sine fortrinn.

Målformulering

Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Prosjektmål

Dei skal, gjennom sterkare samarbeid og koordinering av aktivitetar mellom kommunane, og internt i kommunane mellom det offentlege, lag og organisasjonar og næringsliv, få folk til å trivast og bli buande. Skal dei sørgje for at tilflyttarar, og da især med tanke på flyktningar og arbeidsinnvandrarar blir buande, må dei iverksette tiltak som skapar tilhøyrigheit til staden.

  • Dei som bur her skal trivast!
  • Dei vil auke vår kompetanse innan vertskap
  • Dei vil utvikle ein samarbeidsmodell og organisasjonsform med formål å bli gode vertskapskommunar.
  • Dei vil betre omdømmet og snu befolkningsutviklinga
Resultat og effekt

Resultat og effekt som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Effekter

  • Auke bulyst og trivsel
  • Auka fødselstal
  • Betre omdømme
  • Fleire tilflyttarar
  • Kjennskap til alle tilflyttarar i kommunane
  • Samordna rekrutterings og vertskapssatsing
  • Fleire utlyste stillingsannonsar
  • Kartlegge dei som ynskjer det for å bidra til at dei når sine mål
  • 70% av flyktningane skal vere i ordinært arbeid eller vidare utdanning etter introduksjonsperioda på 2 år
  • Enklare å rekruttere og behalde kompetent arbeidskraft
  • Ein sterkare og meir robust felles region
  • Fylle omgrepet ”felles bu- og arbeidsmarknadsregion” med konkret innhald
  • Ein meir åpen region som synleggjer arbeidsmulegheitene
  • Enklare for nr 2 å få seg arbeid
  • Betre inkludering av tilflyttarar som i tur skapar stabilitet og mangfald
  • Holdningsendringar:
  • Bevisst rekrutteringsarbeid i næringar og det offentlege
  • Eit felles samarbeid i ein større region mot viktige utfordringar på tvers av offentlig-, privat- og frivillig sektor

Resultat

  • Vertskapskontor
  • Betre vertskap for tilflyttarar
  • Forenkle tilflyttarprosessen
  • Avlaste bedrifter og det offentlege i rekrutteringssituasjonar med basistilbod som bustad, sosialisering, inkludering og finne fram i tenestetilbodet til kommunen.
  • Kartlegging av tilflyttarar
  • Større kjennskap til til- og fråflytting kan bidra til iverksetting av nødvendige tiltak for bulyst og busetnad.
  • Språkopplæring
  • Effektivisering av språkopplæringa; fleire skal få eit betre tilbod tidlegare
  • Fleire utanlandske arbeidstakarar i lokale bedrifter og det offentlege
  • Informasjon på fleire språk
  • Enklare å finne den nødvendige informasjonen
  • Møteplassar: Gir tilflyttarar kjensla av å bli sett og ønska velkommen, betre og raskare inkludering, meir trivsel og bulyst, samarbeid med lag og organisasjonar, ufarleggjer møte mellom tilflyttarar og eksisterande samfunnsliv.
  • Nye og fleire ildsjeler i organisasjonane
  • Språkpraksis
  • Raskare og betre inkludering
  • Felles magasin til alle husstandar i kommunane
  • Felles bevisstgjering av vertskapsrolla og synleggjering av lokale aktivitetar
  • Delprosjekt: Offentleg entreprenørskap Sunndal
  • Verdiskaping innanfor offentleg tenesteyting
  • Fleire arbeidsplassar med utspring i opparbeidd kompetanse