Fagområde: Omdømme Tilflytting

Pendling-Stressless-Bulyst

Tilflyttingsprosjekt i Bremanger, som skal gjere det enklare for pendlarar med små born å unngå tidsklemma.

”Pendling-Stressless-Bulyst” i Bremanger er eit tilflyttingsprosjekt som skal gjere det enklare for pendlarar med små born å unngå tidsklemma. Ein vil nytte samhandling mellom privat næringsliv, frivillige lag og organisasjonar, privatpersonar og offentleg sektor for å løyse utfordringane knytt til å ha små born og bu ein plass der ein må pendle til arbeid. Prosjektet vil gjere kvardagen enklare for småbarnsforeldre, og kan gjere Bremanger til ein meir attraktiv plass å bu for småbarnsfamiliar.

Prosjektet fekk tildelt 1,5 millionar i bulystmidlar i 2012.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.