Informasjon om norske nasjonalparkar på internett er ofte oppstykka, og skiltinga er dårleg eller fråverande. Dovrefjellrådet vil ta tak i desse utfordringane, saman med verksemder i alle dei omkringliggjande kommunane til Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark.
Skreddarsydd informasjon
Prosjektleiinga meiner at tydeleg informasjon, tilpassa ulike målgrupper som turistar, fagfolk eller for undervisning er nøkkelen til suksess.
Prosjektet vil engasjere og forplikte reiselivsaktørar i og rundt Dovrefjell, til å drifte verksemdene etter definerte retningslinjer for bærekraftig utvikling.
Auka lengd på opphald
Dei vil også etablere permanent verktøysett for å måle, analysere og styre trafikken i og rundt nasjonalparken. I samråd med reiselivsnæringa vil dei utvikle organiserte aktivitets, – besøks- og opplevingsprodukt for å auke lengda på turistopphald i området.
Første Europark i Norge
Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, fekk sommaren 2010, som det første norske området, sertifiseringa Green Charter Park av Europark Federation. Dette er ei kvalitetssikring av miljøutviklinga i området, og vil kunne føre til auka interesse og besøk.
Naturarven som verdiskapar
Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet Naturarven som verdiskapar.
Prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.