Lom sentrum er utvikla som ein viktig møteplass i ein av dei fem nasjonalparklandsbyane. (Foto: Roar Werner Vangsnes)

Nasjonalparklandsbyene

Fem viktige innfallsportar til flotte nasjonalparkar går saman for å styrke merkevara nasjonalpark og nasjonalparklandsby. Statusen skal bety ein ressurs for lokalsamfunnet.

Storslett, Lom, Vingelen, Jondal og Geilo ligg alle i nærleiken av flott og mektig natur. I 2008 fekk desse områda statusen nasjonalpark av Direktoratet for naturforvaltning. Kommunane vil no utvikle felles mål og strategiar, byggje opp, dele kompetanse og skape synlege tiltak i lokalsamfunna.

Mange mål for parkane og landsbyane

Målet er å få fleire til både nasjonalparken og nasjonalparklandsbyen. Prosjektet har fleire delmål; det eine er å stimulere til kreativitet og næringsutvikling i lokalsamfunna. Det kan vere næringsverksemd som bruker ressursane i nasjonalparkane eller områda rundt, i form av mattradisjonar eller kulturlandskap.

Mulegheiter og verdiar

Eit anna delmål er å gjere innbyggjarane og andre meir medvitne på mulegheitene som ligg i berekraftig bruk, og å auke kompetansen om verneverdiane. Dette skal skje mellom anna gjennom formidling av god informasjon om parkane og gjere dei til miljøvennlege innfallsportar til verneverdig natur.

Fasane og kommuane 

Eit fullfinansiert forprosjekt skal utvikle konseptet og innhaldet i omgrepet nasjonalparklandsby. Arbeidet i hovudprosjektet vil skje i ulike fasar, som kvar utgjer eit delprosjekt med eit overordna tema. Fasane eller delprosjekta er; hente erfaring og kunnskap, konseptutvikling, koordinering og planlegging av tiltak, gjennomføring av tiltak, profilering og til slutt; evaluering.

Samarbeidspartnarane er kommunane der parkane er lokalisert; Jondal, Nordreisa, Lom, Tolga og Hol.

Naturarven som verdiskapar

Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet Naturarven som verdiskapar.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.