Lokal samfunnsutvikling i kommunane i Hordaland

Hordaland fylkeskommune har sidan 2010 delteke i den nasjonale satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK). Ein brei partnarskap, med fylkeskommunen i førarsetet, har ansvar for gjennomføringa i Hordaland.

Mål for partnarskapsprogrammet

Det overordna målet med partnarskapsprogrammet er å stimulere og mobilisere til meir lokal verdiskaping – økonomisk, kulturelt og sosialt. Meir samordna innsats skal gje betre og meir varig effekt av virkemidlane.

Arbeidet har vore konsentrert om tre prosjekt:

  • LivOGLyst: utviklingsarbeid i og for lokalsamfunna.
  • Kom-an.no: møteplass, informasjonskanal og verktøykasse for nærings- og samfunnsentreprenørar, kommunar og regionale aktørar.
  • Kommuneprosjektet: prosjekt som  konsentrerer seg om å styrkje kommunen som tilretteleggar for entreprenørskap og næringsutvikling.

Utfordringar i lokal samfunnsutvikling

I søknad om nasjonale midlar frå den nasjonale satsinga (LUK), definerer partnarskapen følgjande utfordringar i arbeidet med lokal samfunnsutvikling i kommunane i Hordaland:

  • Lokale eldsjeler treng støtte frå kommunane
    • støtte for å utvikle ideane til konkrete resultat
    • systematisk kontakt mellom kommunane, eldsjelene, lag/org og lokalt næringsliv
  • Mange kommunar i Hordaland ønskjer å bli betre i samfunnsutviklarrolla
    • det politiske og administrative fokuset ligg på det lovpålagde tenestetilbodet
    • lite ekstra ressursar og relativt liten kompetanse til å stø opp om lokalt utviklingsarbeid
  • Det regionale nivået treng å samordne seg enno betre
    • virkemiddel til kommunalt utviklingsarbeid ligg i ulike organisasjonar, og avdelingar
    • tilpassing av regionale virkemidlar til lokale behov/lokal kontekst
    • systematisk kompetanseutvikling hjå den regionale partnarskapen

Arbeidet handlar altså både om å betre samhandlinga innanfor og mellom forvaltnings- og utviklingsorganisasjonane, styrke dialogen med og mellom kommunar og lokalsamfunn, og å utvikle relevante kompetanseutviklingstilbod til kommunane og til dei regionale utviklingsaktørane.

Mål for satsinga i LUK

Hordaland har prioritert at LUK Hordaland skal ta utgangspunkt i dei etablerte prosjekta. Desse skal styrkast, vidarutviklast og få ei betre samordning under programtittelen Aktive kommunar – Attraktive lokalsamfunn.

Fram til 2015 arbeider partnarskapen etter følgjande hovudmålsettingar for kommunane:

  • Bli betre initiativtakarar, utviklarar, rådgivarar og pådrivarar for lokale utviklingsprosjekt og nyetablerarar.
  • Planlegge, mobilisere, samarbeide og gjennomføre eigne utviklingstiltak i samspel med lokale ressursmiljø, regionråda og andre lokale og regionale utviklingsaktørar.
  • Organisere verksemda internt og prioritere aktivitetane i kommuneorganisasjonen slik at kommunen stør effektivt opp om sosiale og økonomiske entreprenørar sine mål.

Hovudtiltak

Partnarskapen har definert følgjande hovudtiltak:

  1. Vidareutvikle nettstaden kom-an.no, bl.a med base for kompetanse, nettforum og opplæring for samfunnsutviklarar.
  2. Vidareutvikle kommuneprosjektet, bl.a kompetanseutviklingstilbod gjennom Entreprenørskapskonferansen, opplæringsprogram og nettverk for etableringsrettleiarar, kurs i samfunnsentreprenørskap.
  3. Vidareutvikle program for lokal samfunnsutvikling (LivOGLyst) gjennom å invitere inn fleire kommunar, aktørar og miljø, og byggje vidare på Vestlandsk Vidsyn som kompetansearena.
  4. Samordne og vidareutvikle kompetansetiltak for å løfte kommunane som utviklingsaktør, bl.a kurstilbod i samfunnsentreprenørskap, etablerarrettleiing og kurstilbod innanfor Kom-an.no.
  5. Motivere til og premiere gode resultat, med premiepott til gode eldsjelsprosjekt og kommunar som driv godt samfunns- og næringsutviklingsarbeid, og gjennomføre regionale inspirasjonskonferansar.
  6. Samordne og tilpasse virkemidlar, gjennom å prioritere Kom-an.no som felles virkemiddel- og informasjonsportal, felles utlysingar av virkemidlar, jamnleg vurdere innretting av verkemidlar.
  7. Samhandling mellom plan- og lokalt utviklingsarbeid (PLAN i LUK), bl.a utarbeide plan for samhandlng og samarbeid, og samarbeid om nettverkssamlingar og kurs i prosessleiing.
  8. Dialog med kommunane, gjennom jamnlege kommune- og regionbesøk.

 Organisering

Bak Partnarskap for lokal samfunnsutvikling i Hordaland står Hordaland fylkeskommune, fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling og Innovasjon Noreg. Samarbeidet blei etablert i 2007, med eit felles partnarskapsprogram som samlar ressursar og virkemidlar på tvers av forvaltnings- og utviklingsinstitusjonane. Arbeidet er forankra bl.a i Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland.

LUK-programmet i Hordaland har slik administrativ organisering, som erstattar tidlegare organisering av partnarskapsprogrammet:

  • Eigarmøtet er øvste styringsorgan for LUK og dei tre kjerneprosjekta og tek avgjerd av overordna strategisk karakter. Medlemmer er direktør for regionalavdelinga Hordaland fylkeskommune, landbruksdirektør hjå fylkesmannen i Hordaland, administrerande direktør i Innovasjon Noreg Hordaland og dagleg leiar for KS Hordaland.
  • Styret har ansvar for årlege handlingsplanar, utval av prosjekt, økonomi og framdrift. Medlemmer er næringssjefen i Hordaland fylkeskommune, mellomleiar ved landbruksavdelinga hjå fylkesmannen i Hordaland, mellomleiar hjå Innovasjon Noreg Hordaland, to medlemmer oppnemnde av KS Hordaland, eitt medlem oppnemnd av Business Region Bergen, ein samfunnsentreprenør/samfunnsutviklar, ein forskar.
  • Programteamet har ansvar for koordinering av dei tre prosjekta og samordning som ivaretek utviklinga mot «ei dør inn til virkemidlane». Medlemmer er programkoordinator frå fylkeskommunen, ein representant frå Innovasjon Noreg, ein representant frå landbruksavdelinga hjå fylkesmannen.
  • Arbeidsgruppene for dei tre prosjekta har det daglege ansvaret for arbeidet. Ein fagperson frå kvar av dei tre partane er medlemmer.

Les meir om erfaringar, tiltak og resultat frå arbeidet, under fana konklusjon.

Den nasjonale satsinga på lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) blir avslutta i 2014, medan gjennomføringa i dei ulike fylka og kommunane vil strekke seg til 2015. Erfaringar, tiltak og resultat frå satsinga generelt, blir formidla i sluttevalueringa frå Telemarkforsking. Denne er planlagt hausten 2014.

Distriktssenteret formidlar erfaringar i fylke og kommunar, og oppsummerer førebels følgjande frå Hordaland:

  • LUK-teamet har i løpet av satsingsperioden hatt dialogmøte med alle 33 kommunar i fylket, og partnarskapen oppsummerer at tilbakemeldingane er udelt positive.
  • Organiseringa, med deltakarar frå eigarorganisasjonane på alle nivå, ser ut til å vere eit godt grep. Kontinuerleg dialog styrkjer samhandlinga mellom partane og mellom regionalt og lokalt nivå, og gjev brei kunnskap og betre rettleiing.
  • Interessa for å delta i LivOGLyst-programmet har vore større enn kapasiteten til å følgje opp. Fleire kommunar ønskjer å delta og bruke metodikken i programmet, inn i eige arbeid.
  • I fleire kommunar har LivOGLyst ført til nye prosjekt og ny verksemd som også har utløyst midlar frå andre regionale og nasjonale satsingar, eks. Bulyst.
  • Det er i 2014 gjennomført ei intern evaluering av LivOGLyst. Evalueringa syner gode resultat, og føresler grep for vidareføringa av arbeidet.
  • Partnarskapen si satsing på kompetanseutvikling, til dømes etableraropplæring, samfunnsentreprenørskap og kurs innanfor LivOGLyst-programmet har vore vellukka. Satsinga har nådd mange og tilbakemeldingane på fagleg innhald er gode.
  • I løpet av 2014 vil alle regionane delta på regionale inspirasjonskonferansar, der kommunar som jobbar aktivt med lokal samfunns- og næringsutvikling er vertskapskommunar og gode eksempel.
  • Informasjonen på Kom-an.no må vere lettare tilgjengeleg både for kommunane og andre brukarar.
  • Dei kommunane som har eit uttalt mål om å drive aktiv lokal samfunns- og næringsutvikling, og som set av ressursar til å jobbe med dette, har ofte høgare medvit i organisasjonen elles om betydninga av arbeidet, for utviklinga i kommunen.
  • Blant kommunane som arbeider med lokal samfunns- og næringsutvikling, finst det også døme på at arbeid med samfunns- og næringsutvikling ikkje blir samordna internt.

Distriktssenteret formidlar jamnleg erfaringar og konklusjonar frå satsinga, medan nettstaden Kom-an.no gjev oversikt og er den viktigaste informasjonskjelda til erfaringar og tiltak på lokal samfunnsutvikling i Hordaland.